Jan Mayen

Koordinatar : 70°59′N 8°32′W  /  70.983°N 8.533°W  / 70.983; -8.533
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jan Mayen
Geografi
Stad Nordishavet
Koordinatar 70°59′N 8°32′W  /  70.983°N 8.533°W  / 70.983; -8.533

Areal 377 [1] [2] km²

Høgaste punkt Beerenberg  (2277 moh. )

Administrasjon
Land Noreg
Største busetnad Olonkinbyen  (ca 18 innb.)

Demografi
Folketal Ingen fastbuande, men Forsvaret og Meteorologisk institutt har høvesvis 14 og 4 tilsette stasjonert pa øya.

Jan Mayen er ei 377  km² stor arktisk øy med kyst mot Grønlandshavet i nord og Norskehavet i sør. Øya er delvis dekt av ein isbre . Øya ligg pa 70,59° N 8,28° V. Her ligg og den nordlegaste aktive vulkanen i verda, Beerenberg , som med sine 2277 meter og er eit av dei høgaste fjella i Noreg. Andre norske vulkanar er Bouvetøya og Peter 1.s øy . Fiskerisona ved Jan Mayen er 293 049 km². I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar fra naboøyane Island og Grønland .

Jan Mayen er ein del av Kongeriket Noreg , er ikkje eit biland og er ikkje omfatta av Svalbardtraktaten . Øya vert administrert av Fylkesmannen i Nordland , men er ikkje ein del av Nordland fylke.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Oppdaginga av øya [ endre | endre wikiteksten ]

Dei fyrste mogelege haldepunkta for kunnskap om Jan Mayen skriv seg fra 500-talet, og det er grunn til a rekne med at Jan Mayen var kjend i vikingtida. [3] Henry Hudson gjenoppdaga øya i 1607 og kalla ho Hudson's Tutches . Etter det vart øya observert fleire gonger av navigatørar og kvalfangarar som gjorde krav pa ho eller endra namn pa ho. Kvalfangarar fra Hull i England kom til øya i 1611 og gav øya namnet Trinity Island , i 1612 kom den franske kvalfangararen Jean Vrolicq til øya og gav ho namnet ein Ile de Richelieu . I 1614 gav den engelske kapteinen John Clarke øya namnet Isabella , same ar som Jan Mayen fekk namnet øya har i dag. Joris Carolus gav øya namnet etter ein av kapteinane sine, Jan Jacobs May van Schellinkhout, som hadde kome til øya tre ar tidlegare.

'Kvaloljefabrikk pa Jan Mayen' (1639), Cornelis de Man .

Kvalfangst [ endre | endre wikiteksten ]

Pa byrjinga av 1600-talet skipa nederlandske kvalfangarar fleire kvaloljekokeri pa øya, slik at dei kunne utvinne olje fra kvalspekket. Pa det meste var 1000 mann i aktivitet pa øya i sumarmanadene og fleire mindre festningsverk vart bygde for a hindre plyndring. Intensiv fangst førte nesten til utrydding av grønlandskvalen , og kvalfangsten rundt Jan Mayen vart stogga mellom 1640 og 1650. Øya vart forlaten og i laupet av dei neste 230 ara vitja berre fa skip øya.

Det er framleis nokre restar av spekk-kokeria og nokre kvalfangargraver, og for nokre ar sidan vart to større skytevapen funne nær hovudfangststasjonen.

Ny aktivitet [ endre | endre wikiteksten ]

Kvalfangstkipet ≪Freya≫ pa Jan Mayen. Akvarell fra 1854.

Etter kvalfangstperioden pa 1600-talet var det ingen aktivitet pa øya før mot slutten av 1800-talet. Ein austerriksk-ungarsk vitskapeleg ekspedisjon gjennomførte kartlegging og utforsking av øya i 1882-83. Karta deira var i vanleg bruk fram til 1950-ara.

Pa byrjinga av 1900-talet byrja nordmenn med fangst av fjellrev . Revejakta vart avslutta i slutten av 1920-ara, da intensiv fangst hadde ført til ein sterk nedgang i reveflokken. Av dei fyrste 13 fangsthyttene star fem framleis att.

Den fyrste meteorologiske stasjonen vart oppretta i 1921 av Hagbart Ekerold og med unnatak av vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar pa Jan Mayen. Av den fyrste meteorologiske stasjonen finst det berre tuftene og lause restar igjen.

Øya vert annektert av Noreg [ endre | endre wikiteksten ]

Delar av øya vart okkupert av Meteorologisk institutt pa vegner av Noreg i 1922, og heile øya i 1926. Øya vart underlagd norsk suverenitet ved kongeleg resolusjon 8. mai 1929 og vart ein del av kongeriket 27. februar 1930, jf. Jan Mayen-lova sin § 1 [4] .

Jan Mayen var administrert fra Oslo , gjennom Sysselmannen pa Svalbard fram til 1. januar 1995. So vart Jan Mayen lagt under Fylkesmannen i Nordland . At Jan Mayen er ein del av riket, i motsetnad til dei antarktiske radvelda som er gjort til biland , gjer at konvensjonar som Noreg er forplikta av, og gjeld pa Jan Mayen viss det ikkje er teke unna i ratifikasjonen.

Andre verdskrig [ endre | endre wikiteksten ]

Junkers JU 88
Focke-Wulf Fw 200

Bortsett fra vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar pa Jan Mayen. I frykt for tyske atak vart det i 1940 avgjort a brenne stasjonen og evakuere mannskapet til England . Men vurderingar av den strategiske verdien til verobservasjonane, mellom anna for konvoitransporten til Murmansk , gjorde at ein ynskte a starte opp verksemda igjen. Aret etter, i 1941, returnerte mannskapet saman med norske soldatar. Pa det meste talde styrken 52 mann. Det vart ikkje gjort freistnader fra tysk side pa a setje i land troppar pa øya, men tyske fly og ubatar vitja Jan Mayen fleire gonger for a rekognosere og skaffe seg verobservasjonar. Unnataksvis skaut tyske fly mot menn og anlegg pa bakken, men skadane vart ikkje store, slik at mannskapet kunne levere meteorologiske data gjennom heile krigen.

To tyske fly styrta pa Jan Mayen under den andre verdskrigen og mannskapet pa totalt 13 omkom. Det fyrste flykrasjet skjedde 15. juli 1942 ved Flykollen, men var ukjend inntil restane av eit tysk Junkers Ju 88 D1 vart oppdaga 23. august 1950 med fire omkomne besetningsmedlemer. Det andre flykrasjet skjedde 7. august 1942 ved Danielsenkrateret. Flyet var av typen Focke-Wulf Fw 200 og alle ni i mannskapet omkom. Omradet var dekt av tjukk skodde denne dagen, so bombing var ikkje mogeleg. Av same arsak vart ikkje flyet skote pa fra bakken, sidan dei norske styrkane ikkje kunne avgjere om flyet var ven eller fiende pa grunn av skodda.

I 1959 vart leivningane av mannskapa pa dei to flya gravlagde pa krigskyrkjegarden i Narvik .

Hausten 1943 gav den norske regjeringa amerikanarane lov til a skipe ein radiolyttestasjon pa Midt-Jan for a kunne peile inn den hemmelege tyske radio- og meteorologiske stasjonen pa Grønland . Den amerikanske basen gjekk under namnet Atlantic City . Eit vilkar var at amerikanarane skulle fjerne stasjonen og forlate øya straks etter at krigen var ferdig. Amerikanarane vart staande pa Jan Mayen til februar 1946. Den norske regjeringa var sterkt opptatt av amerikansk tilbaketrekking for a hindre at Sovjetunionen skulle fa eit paskot for a krevje liknande eller større militære anlegg pa Svalbard .

Jan Mayen var den einaste delen av Kongeriket Noreg som fullt ut var under den lovlege norske regjeringa sin kontroll.

Utviding av den økonomiske sonen [ endre | endre wikiteksten ]

I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar fra naboøyane Island og Grønland . Andsynes Island godtok Noreg ved avtaler med Island 28. mai 1980 og 22. oktober 1981 ei innsnevring av Jan Mayen-sona, ved at den økonomiske sona til Jan Mayen vert avgrensa av den islandske 200-milssona og ikkje ved midtlina. Tvisten med avgrensinga mot Grønland si økonomiske sone vart avgjort i Jan Mayen-saka mellom Danmark og Noreg av den internasjonale domstolen i Haag i 1993 [5] . Avtalene med Danmark og Island vart fremja av Kongen i statsrad 13. februar 1998 [6] og vedteken av Stortinget 2. april 1998 [7]

Nedtrapping av verksemda [ endre | endre wikiteksten ]

Ekspedisjonen pa kystradiostasjonen Jan Mayen radio vart i 1995 nedlagd og overført til Bodø radio , der han vert styrt via satellitt .

Loran-C-stasjonane i Noreg vart i 2004 avgjort nedlagde innan 1. januar 2006, inkludert stasjonen pa Jan Mayen. Regjeringa kunngjorde 9. desember 2005 at dei ynskte a kome med eit framlegg for vidare drift av stasjonane [8] og 23. juni 2006 kunngjorde Fiskeri- og kystdepartementet at drifta ved dei fire norske Loran-C-stasjonane vert lengd til ut 2009 [9] . Arsaka til lenginga av drifta er knytt til auka interesse for det bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa . Departementet har fatt oppmoding fra mellom anna EU , Storbritannia og Frankrike om vidare drift av stasjonane.

Verneplan [ endre | endre wikiteksten ]

Direktoratet for naturforvaltning skulle hausten 2007 sende ut eit høyringsframlegg til verneplan for Jan Mayen. Ifylgje framlegget vil to omrade verte verna, eit lengst sør pa Sør-Jan og eit anna lengst nord pa Nord-Jan. Omradet pa Midt-Jan med Forsvaret og Meteorologisk institutt sine stasjonar vert fleirbruksomrade. Verneomradet vil ga ut til 12 n.m. , men ein vil gje unnatak for fiskeria og det vert ei minstehøgd for overflyging og minsteavstand til fuglefjell. Fylkesmannen i Nordland vert forvaltningsstyresmakt for verneomradet. Verneplanen vart sett i verk i 2008.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Jan Mayen si plassering i forhold til Noreg

Øya er 377 km² stor, og ligg 600 km nordaust for Island og 500 km aust for Grønland . Øya ligg om lag 1000 km fra bade norskekysten og Svalbard. Ho strekkjer seg 53 km i retning sørvest til nordaust mellom 70° og 72 °N og mellom 8° og 9 °V. 2,5 km brei pa det smalaste og 15,8 km pa det breiaste.

Øya vert delt inn i tre delar, det smale og lage midtpartiet Midt-Jan og dei berglendte Nord-Jan og Sør-Jan.

Naturforhold [ endre | endre wikiteksten ]

Jan Mayen er ein del av den midtatlantiske ryggen . Denne undervasskjeda strekkjer seg heilt sør til Bouvetøya , og er av vulkansk fjell, danna for inntil ein million ar sidan i sprekksona mellom kontinentalplatene til Amerika og Europa/Afrika. Jan Mayen er den synlege toppen pa eit av desse vulkanske fjella, der fjellfoten er om lag 3000 meter under havet. Jan Mayen sitt kjenneteikn er den 2277 meter høge vulkanen Beerenberg som for ein stor del er dekt av isbrear og utgjer heile den nordlege delen av øya (Nord-Jan). Beerenberg, som framleis er ein aktiv vulkan, hadde sitt siste utbrot i 1985. Heile øya er av vulkansk opphav, men om sumaren gjev mose , gras og hardføre blomar farge til det elles svarte landskapet. Berggrunnen liknar mykje pa store delar av Island .

Fjell [ endre | endre wikiteksten ]

Beerenberg
Foto: Gernot Hecker

Jan Mayen er det einaste omradet i Noreg som har aktive vulkansystem og vulkanske bergartar avsett etter istida. Den snødekte vulkanen Beerenberg er framleis aktiv og er den nordlegaste aktive vulkanen i verda. Beerenberg er ein stratovulkan og har hatt seks utbrot sidan 1732, der det siste utbrotet var i 1985. Framleis stig det damp bade fra hovudkrateret og somme andre stader pa øya.

Innsjøar [ endre | endre wikiteksten ]

Ved den smalaste delen av øya ligg dei to einaste innsjøane pa øya, Nordlaguna og Sørlaguna. Nordlaguna er 40 meter pa det djupaste og var ei viktig ferskvasskjelde . Men i dei siste tiara har omradet som skil lagunen fra sjøen vorte smalare, slik at høge bylgjer slar over og gjer vatnet brakt . Sørlaguna er mykje større, men so grunn at ho kan turke ut om sumaren.

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Øya ligg i overgangen mellom arktisk og temperert klima med relativt milde vintrar og kalde sumrar, med ein manadleg middeltemperatur pa Midt-Jan som ymsar mellom +5 °C og -6 °C. Øya ligg i lagtrykksbana pa den nordlege halvkula som ofte fører mild luft sørfra. Arsnedbøren ymsar med dei topografiske tilhøva, men er om lag 700 mm pa Midt-Jan. Øya er ofte dekt av skodde, og dei omkringliggjande havomrada er islagde fra februar til april.

Flora [ endre | endre wikiteksten ]

Vegetasjonen er dominert av smavaksne urter , lav og mose . Det veks ikkje buskar og tre pa Jan Mayen. Somme artar er endemiske .

Fauna [ endre | endre wikiteksten ]

Havhest
Foto: Michael Haferkamp

Avstand fra andre landomrade gjer at artsrikdomen er avgrensa pa Jan Mayen, men øya er likevel ein viktig hekkestad for fleire sjøfuglartar , og 27 fugleartar hekkar fast pa øya [10] . Dei store koloniane med havhest , alkekonge og polarlomvi vert rekna for a ha bade nasjonal og internasjonal verneverdi. [11] . Andre store førekomstar av fugleartar er krykkje og lunde . Totalt er det observert 98 ulike fugleartar som vitjar øya fra tid til anna.

Fjellrev var tidlegare det einaste talrike pattedyret pa øya, men intensiv fangst i byrjinga pa 1900-talet førte til at fjellreven nesten vart utrydda. Klappmyss og grønlandssel har yngleplassar pa den nordvestlege delen av Jan-Mayen. Isbjørn kan kome innom nar iskanten ligg opp mot Jan Mayen vinterstid.

Dei to mest kommersielt verdfulle marine ressursane rundt øya er reke og haneskjel .

Nordlaguna pa Midt-Jan er det einaste ferskvass økosystemet som ikkje turkar inn i turre periodar og har ein førekomst av ferskvassrøye som ein meiner har vore isolert fra omverda mellom 1500 og 4000 ar.

Administrasjon [ endre | endre wikiteksten ]

Jan Mayen vart okkupert i 1925 og er regulert ved lov av 27. februar 1930 nr. 2 . Det heiter her at Øya Jan Mayen er en del av Kongeriket Noreg, dvs. same formulering som i Svalbardlova . Grunngjevinga ligg i a knyte desse to omrada fast til riket, slik at Grunnlova sitt krav om udeleligt og uafhændeligt Rige skal gjelde. Men lova seier ikkje noko om administrasjonen, bortsett fra rettsvesenet.

Det er gjeve ei rekkje føresegner til lova og i føresegn om administrasjonen av 21. november 1980 er det fastsett at sysselmannen pa Svalbard inntil vidare arbeider som sysselmann pa Jan Mayen [12] , med same ≪forretningsomrade≫ som i Svalbardlova, bortsett fra forretningane som politimeister, notarius publicus og hjelpedomar. Denne ordninga vart endra hausten 1994, slik at arbeidsoppgavene fra 1. januar 1995 ligg til Fylkesmannen i Nordland, men utan at Jan Mayen er del av noko fylke eller sjølv er gjort til noko fylke.

Innbyggjarar [ endre | endre wikiteksten ]

Dei einaste innbyggjarane pa øya er personell fra Forsvaret og Meteorologisk institutt , i alt 18 personar. Av desse er 14 personar tilsett i Forsvaret medan dei hine er tilsett av Meteorologisk institutt. [13] . Talet pa innbyggjarar aukar i sumarhalvaret da vedlikehald vert utført pa installasjonane pa øya. Tenestetida er seks manader eller eitt ar, og personellbyte skjer i april og oktober. Forsvaret sitt personell driftar ein Loran-C stasjon. Bade den meteorologiske stasjonen og Loran-C-stasjonen ligg fa kilometer fra Olonkinbyen , der alt personell bur.

Næringsliv [ endre | endre wikiteksten ]

Det finst ingen utnyttbare naturressursar pa Jan Mayen, bortsett fra fisk i havet. Den økonomiske aktiviteten er avgrensa til drift av den norske radio- og verstasjonen som ligg pa øya og Loran-C-stasjonen til Forsvaret (Forsvarets logistikkorganisasjon IKT).

Jan Mayen radio [ endre | endre wikiteksten ]

Jan Mayen radio var ein norsk kystradiostasjon pa Jan Mayen som vart bygd i 1921. I september 1940 vart stasjonen øydelagd av norske styrkar og mannskapet sendt til Island . I 1941 vart ein ny stasjon bygd. Etter krigen vart denne flytt til ein ny stad. Stasjonen vert i dag kontrollert fra Bodø Radio via satellitt , men ein kan ta lokal kontroll over radioen ved sambandsbrot mot Eik jordstasjon .

Kommunikasjon [ endre | endre wikiteksten ]

Tilgjenge til Jan Mayen er avgrensa. Enklaste maten a kome seg dit er med fly, der ein landar pa den 1585 meter lange flystripa pa øya. Jan Mayen flyplass er verutsett og vert hovudsakleg nytta av Forsvaret sitt C-130 Hercules , som kjem med forsytingar kvar andre eller tredje manad. Byggjinga av Jan Mayen flyplass starta i august 1960 og det fyrste flyet, eit Catalinafly fra Luftforsvaret , landa 17. september 1960 for a hente ein person som var akutt sjuk med bukhinnebetennelse. Det fyrste sivile flyet landa 29. oktober 1961 og var ein Douglas DC-4 fra Braathens SAFE . Før flyplassen vart bygd fekk Jan Mayen post pa vinterstid ved flyslepp fra Catalinafly . Øya har inga naturleg hamn og det kan vere farleg a lende fra bat, men det er mogeleg bade pa nord- og sørsida.

Under ein tur til Jan Mayen, Bjørnøya og Spitsbergen i 1954 kom postflyet ut for ei ulukke pa Bjørnøya.

Jan Mayen sitt postnummer er 8099 og amatørradiokoden er JX. Internettdomenet .sj er tildelt Svalbard og Jan Mayen, men er ikkje teke i bruk.

Tidslinje [ endre | endre wikiteksten ]

  • 1607 – Henry Hudson oppdaga øya og kalla ho Hudson's Tutches
  • 1614 – Jan Mayen far det namnet ho har i dag, da Joris Carolus gav øya namnet etter ein av kapteinane sine, Jan Jacobs May van Schellinkhout
  • 1882 – ein austerriksk-ungarsk vitskapleg ekspedisjon gjennomførte kartlegging og utforsking av øya
  • 1929 – Jan Mayen vart annektert av Noreg ved kongeleg resolusjon 8. mai.
  • 1930 – Jan Mayen vart ein del av kongeriket 27. februar, jf. Jan Mayen-lova sin § 1.
  • 1940 – Den meteorologiske stasjonen vart brend og mannskapet evakuert til England .
  • 1941 – Verksemda ved den meteorologiske stasjonen vart teken opp att.
  • 1942 – eit tysk bombefly styrta og heile mannskapet pa ni omkom.
  • 1942 – eit tysk fly av typen Junkers Ju 88 D1 krasja ved Flykollen og mannskapet pa fire omkom. Hendinga var ukjend fram til 23. august 1950.
  • 1942 – eit tysk fly av typen Focke-Wulf Fw 200 krasja ved Danielsenkrateret 7. august og mannskapet pa ni omkom.
  • 1943 – Amerikanarane skipa ein lyttestasjon pa Midt-Jan.
  • 1960 – Jan Mayen flyplass vart opna.
  • 1970 – Vulkanen Beerenberg hadde eit utbrot.
  • 1973 – Vulkanen Beerenberg hadde eit utbrot.
  • 1980 – Fiskerisona ved Jan Mayen vart utvida til 200 nautiske mil .
  • 1985 – Vulkanen Beerenberg hadde eit utbrot.
  • 1995 – Administreringa av Jan Mayen vart overført fra Sysselmannen pa Svalbard til fylkesmannen i Nordland .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jan Mayen

Norske offentlege etatar sine sider om Jan Mayen [ endre | endre wikiteksten ]

Private sider [ endre | endre wikiteksten ]

Andre sider [ endre | endre wikiteksten ]