한국   대만   중국   일본 
Jakob Sverdrup ? Wikipedia Hopp til innhald

Jakob Sverdrup

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jakob Sverdrup

Fødd 27. mars 1845
Oslo
Død 11. juni 1899 (54 ar)
Statsborgar av Noreg
Parti Venstre , Moderate Venstre
Yrke politikar , prest
Far Harald Ulrik Sverdrup
Barn Jakob Sverdrup , Georg Johan Sverdrup , Aslaug Sverdrup Sømme , Inger Sverdrup
Verv Ordførar i Leikanger 1882-1884
Føregangar Lars M Husabø
Etterfylgjar Jakob Bøthun
Verv Sokneprest i Leikanger 1878-1884
Føregangar Iver Olaus Widerøe
Etterfylgjar Jakob Walnum
Alle verv

Jakob Liv Rosted Sverdrup ( 27. mars   1845 11. juni   1899 ) var ein norsk teolog , prest , folkehøgskulestyrar , stortingsmann og statsrad for Venstre , fra 1888 for Moderate Venstre .

Liv og virke [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Sverdrup vart fødd i Christiania. Harald U. Sverdrup var far hans, og Johan Sverdrup var onkelen. Jakob Sverdrup vart fødd pa Leikanger, men voks opp i Balestrand.

Han vart student fra Nissens skole i 1864 og cand. theol. i 1869. Etter studiar i Danmark vart han inspirert av folkehøgskuleideane til Grundtvig .

Folkehøgskulestyrar og prest [ endre | endre wikiteksten ]

I 1871 grunnla han Sogndal Folkehøgskule , som han leia fram til 1878. Hans folkehøgskule skilde seg fra den frilynde danske ved at den tok i bruk lærebøker, innførte religionsundervisning og hadde mindre leik i undervisninga.

Han var ordførar i Sogndal i 1878, same aret utnemnd til sokneprest i Leikanger . Presten Jakob Sverdrup var teologisk konservativ. Han vart ein sentral person i det lagkyrkjelege kristenlivet pa Vestlandet. Samstundes var han liberal og radikal i mange kyrkje- og livssynspørsmal. Sverdrup jobba aktivt for innføring av folkevalde soknerad , fjerning av konfirmasjonstvangen, valfritt borgarleg ekteskap og auka rettsvern for dissentarar . Som ein reaksjon mot dei konservative i kyrkja skipa Sverdrup og Ole Vollan i 1877 bladet Ny Luthersk Kirketidende . Sverdrup stod ellles bak fleire omarbeidingar av katekismeforklaringa til far sin, Harald Ulrik Sverdrup. [1] Jakob Sverdrup var ordførar i Leikanger fra 1882.

Stortingsmann [ endre | endre wikiteksten ]

Jakob Sverdrup fylgde etter far sin da han vart innvald til Stortinget 1877-79 fra Nordre Bergenhus amt , grunna sjukdom møtte han fyrst i 1878. Han vart attvald til Stortinget i 1880 og 1883, og seinare i 1892 og 1895. I 1883-84 var han leiar av kyrkjekomiteen. Han vart den næraste radgivaren til farbroren, Venstre-leiaren Johan Sverdrup . Mange av politiske motstandarar i Venstre meinte at han etterkvart fekk for mykje makt over sin aldrande onkel. [2]

Statsrad i Sverdrup-regjeringa [ endre | endre wikiteksten ]

Da Johan Sverdrup skulle danne Noregs fyrste parlamentariske regjering i 1884, ynskte han Jakob Sverdrup som kyrkje- og undervisningsminister . Han fekk sterk støtte fra moderate og lagkyrkjelege venstremenn pa Sør- og Vestlandet , men kong Oscar II ville ikkje ha Jakob Sverdrup som kyrkjestatsrad. Han matte difor nøye seg med ein ministerpost ved statsradsavdelinga i Stockholm .

Sverdrup overtok likevel som kyrkjeminister etter Elias Blix 1. august 1885. Omgaande tok han til a arbeide for a fa innføre kyrkjelydsrad, vart nedstemt etter hard kamp. Striden førte til at Blix i august 1886 kom tilbake som kyrkjestatsrad. Statsradskollegaer kravde at Jakob Sverdrup matte ut av regjeringa, men Johan Sverdrup verna brorsonen og sette han til sjef over Revisjonsdepartementet . Striden mellom Sverdrupane og andre regjeringsmedlemer førte til at Hans Rasmus Astrup , Birger Kildal , Sofus Arctander og Elias Blix i 1888 trekte seg fra regjeringa. Jakob Sverdrup tok da atter over Kyrkjedepartementet og leia det fram til Sverdrup-regjeringa gjekk av i juli 1889.

Moderate Venstre og statsrad [ endre | endre wikiteksten ]

Kampen om makta i den store Venstre-koalisjonen enda med at dei kristenkonservative, leia av Jakob Sverdrup og Baard Haugland , danna eit nytt parti. Sverdrup vart formann i det nye partiet Moderate Venstre, som hadde frahaldssak, religion og moral som viktige saker og stod nærare Høgre enn det reine Venstre. Moderate Venstre stod særleg sterkt pa Sørlandet og pa vestlandskysten.

Jakob Sverdrup vart i 1890 sokneprest i Korskirken sokn i Bergen, og i ara 1892-97 var han innvald til Stortinget for Bergen og Moderate Venstre.

Etter oppfordring fra kong Oscar II gjorde Jakob Sverdrup i 1895 to forsøk pa a danne regjering, utan a lukkast. Han vart i staden sjef for Kyrkjedepartementet i Francis Hagerups første regjering , 1895-97, før han i 1898 vart utnemnd til biskop i Bergen . Han døydde i Aker i 1899, før han hadde vorte vigd til biskop.

Jakob Sverdrup vart i 1885 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden , og i 1893 forfremja til kommandør av 1. klasse. Han var ogsa kommandør av den svenske Nordstjerneordenen.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914 . Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]