한국   대만   중국   일본 
Istid ? Wikipedia Hopp til innhald

Istid

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Under ei istid er det isdekke over omrada nær polane
Figuren viser variasjonar i temperatur, CO 2 -innhald og partiklar fra Vostok -iskjernar dei siste 400 000 ara

Istid er ein langvarig klimaperiode med lag temperatur pa heile eller delar av jorda . Dette fører til at isdekket aukar nær polane og i høgtliggjande fjellomrade mot ekvator.

Glasiologar nyttar ofte omgrepet ≪istid≫ om ei periode der det er isdekke pa bae hemisfærane , og med denne definisjonen er vi i ei istid i dag pa grunn av isdekket pa Grønland og Antarktis .

I daglegspraket nyttar vi oftare uttrykket istid om dei periodane dei siste fem millionar ara da store delar av Eurasia og Nord-Amerika var dekte av is. I sa fall slutta den siste istida for om lag 10 000 ar sidan.

Denne artikkelen nyttar det formelle glasiologiske omgrepet istid og nyttar omgrepa glasial periode om dei kaldare periodane og interglasial om dei varmare periodane.

Det har vore mange glasiale periodar pa jorda dei siste millionar ara. Tidlegare var frekvensen mellom dei om lag 40 000 ar, men no er me inne i ein syklus der frekvensen har vore pa 100 000 ar. Flest studiar tek føre seg dei seinaste glasiale periodane. Det har vore fire store og fleire sma glasiale periodar i den nyare geologiske historia.

Historia om istid-teorien [ endre | endre wikiteksten ]

Det har vore kunnskap hja folk i fjellstroka i Europa om at isbrear har vore mykje meir utbreidde i tidlegare tider. Mellom anna vitnar eit tresnitt om utbreiinga til isbreen i det sveitsiske passet Grimsel . [1] Tanken om at det hadde vore ein istid, kjem ikkje fra berre ein person; [2] mellom 1825 og 1833 samla Charpentier prov til støtte for istidteorien, og i 1836 vart Louis Agassiz overtydd om teorien og gav ut boka Etude sur les glaciers (Studiar av isbrear) i 1840. [3]

Pa dette tidlege tidspunktet studerte ein glasiale periodar dei seinaste hundre tusen ara i noverande istida. Eldgamle istider var det enno ikkje nokon kunnskap om.

Prov for istid [ endre | endre wikiteksten ]

Det er tre hovudprov for istidene: geologiske , kjemiske og paleontologiske .

Geologiske prov bestar mellom anna av utvaskingar og riper i fjell, avsett lausmasse i form av morene , drumlin og tilsvarande, profilar pa dalar og vandreblokkar. Vedvarande isbrear har ein tendens til a forstyrre og skure bort geologiske prov og gjer at dei er vanskelege a tolke. Derfor tok det lang tid a kome fram til den radande teorien.

Kjemiske prov bestar for det meste av variasjonar i isotopraten i sedimentære bergartar , kjerneprøver fra havbotnsediment, og i kjerneprøver fra dagens isbrear.

Dei paleontologiske prova bestar av historiske fordelingar av fossile funn. I glasiale periodar er det funn av organismar tilpassa kalde tilhøve nærare ekvator enn i interglasiale periodar.

Det er vanskeleg a forske pa historiske isbrear, men teorien om istider star svært sterk i vitskaplege miljø i dag.

Viktige istider [ endre | endre wikiteksten ]

Det har vore minst fire store istider i jordas historie. Den første istida det finst hypotesar om, varde fra om lag 2,7 til 2,3 milliardar ar sidan (i tidleg proterozoikum ).

Den tidlegaste veldokumenterte istida varde fra 800 til 600 millionar ar sidan (i tidleg kryogenisk periode). Forskarar meiner at det lag permanent sjøis svært nær ekvator i denne istida.

Ei mindre istid varde fra 460 til 430 millionar ar sidan (i sein ordovicium periode).

I perioden fra 350 til 260 millionar ar sidan var det utvida isdekke rundt polane.

Seismogram viser varierande sekvensar av glasiale og mellomglasiale periodar de siste millionar ara.

Den noverande istida byrja for 40 millionar ar sidan. Ho byrja med at isdekket i Antarktis voks. Istida vart forsterka for om lag 3 millionar ar sidan da isdekket breidde seg over den nordlege hemisfæren. I tida etter har det vore syklar med glasiale periodar der isdekket har drege seg att og fram med ein frekvens pa mellom 40 000 og 100 000 ar. Den siste glasiale perioden enda for om lag 10 000 ar sidan.

Arsaker til istid [ endre | endre wikiteksten ]

Det er semje om at det er fleire arsaker til klimavariasjonar som fører til variasjonar i utbreiinga av isdekket.

Dei viktigaste er:

  • Endringar i atmosfæren . Det mest relevante er endringar i drivhuseffekten .
  • Posisjonen til kontinenta . Plassering av kontinenta kan stoppe drifta av varmt vatn fra omrada nær ekvator til polane.
  • Vinkelbanen jorda har mot sola. Nar vinkelen er rett, vert ikkje somrane nær polane varme nok til a smelte isen fra vinteren.
  • Variasjonar i energien sola sender ut. Det er syklusar med sterk grad av solflekkar som reduserer energimengda jorda far fra sola.
  • Vulkansk aktivitet kan føre store mengder med partiklar i atmosfæren som avkjøler jorda.

Nylege glasiale og mellomglasiale periodar [ endre | endre wikiteksten ]

Tabellen under seier kor langt sør isdekket har vore i nylege glasiale periodar. Stadnamn før '/' er nordamerikanske, namn etter er nordeuropeiske.

Wisconsin-/ Wurm-/Weichsel-istida glasial (seinaste)   15 000 fvt.–70 000 fvt.
Eem mellomglasiale æra     mellomglasial   70 000 fvt.–130 000 fvt.
Illinois-/Riss-/Saale-istida glasial 130 000 fvt.–180 000 fvt.
Yarmouth-/Holsten-mellomistida mellomglasial 180 000 fvt.–230 000 fvt.
Kansas-/Mindel-/Elster-istida glasial 230 000 fvt.–300 000 fvt.
Cromer mellomglasiale æra mellomglasial 300 000 fvt.–330 000 fvt.
Nebraska-/Elbe-/Gunz-istida glasial 330 000 fvt.–470 000 fvt.
Waalian mellomglasiale æra mellomglasial 470 000 fvt.–540 000 fvt.
Donau II-istida glasial 540 000 fvt.–550 000 fvt.
Tiglian mellomglasiale æra mellomglasial 550 000 fvt.–585 000 fvt.
Donau I-istida glasial 585 000 fvt.–600 000 fvt.
Pastonian mellomglasiale æra mellomglasial 600 000 fvt.–800 000 fvt.
Pre-Pastonian-istida glasial 800–1,3 mill. ar sidan
Bramertonian mellomglasiale æra mellomglasial 1,3 mill.–1,55 mill. ar sidan

Framtidige istider [ endre | endre wikiteksten ]

Me er no mest truleg inne i ei mellomistid , men ein kan ikkje sja bort ifra at isbreane igjen kan legge seg over dei nordlege landomrada. Hellinga til jordaksen og endringar i jordbanen kring sola er faktorar som styrer klimaet pa jorda. Sidan jordbanen no er nesten heilt sirkulær, syner modellutrekningar at utslaga er for sma til a starte nye istider før om tretti til femti tusen ar med dagens niva av drivhusgassar i atmosfæren. Dei siste iskjernane fra Antarktis tyder derimot pa at ein kan vente ei ny istid om kring 15 000 ar fram i tid. Ein veit generelt særs lite om utsiktene til framtidige istider, mellom anna fordi ein har særs kompliserte tilbakekoplingsmekanismar som kan gjere at ei raskare oppvarming av atmosfæren faktisk kan framskunde starten pa ei ny istid, fordi sirkulasjonane i atmosfæren og havet endrar seg. [4]

Noter [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Imbrie, John and Katherine Palmer Imbrie. Ice Ages: Solving the Mystery . Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press, 1979, 1986 (reprint). ISBN 0-89490-020-X ; ISBN 0-89490-015-3 ; ISBN 0-674-44075-7 . p. 25
  2. Aber, James S (4. august 2006). ≪Birth of the Glacial Theory≫ . Emporia State University.  
  3. The North American review. / Volume 145, Issue 368, July 1887
  4. ≪istid≫ i Store norske leksikon , snl.no.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]