Isotop

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Isotopar av eit grunnstoff er atomkjernar som har likt atomnummer (Z) men ulik atomvekt . Dei er altsa det same grunnstoffet, men har ulik masse og derfor noko ulike eigenskapar. Ordet isotop tyder ≪same stad≫, ettersom isotopane av eit grunnstoff star pa same i det periodiske systemet .

Ein atomkjerne har eit visst tal med proton som avgjer kva grunnstoff det er og kva atomnummer det har. Ulike isotopar har like mange proton, men ulikt tal med nøytron . I vitskapleg nomenklatur skriv ein isotopar med namnet pa grunnstoffet med talet pa nukleon ( proton og nøytron ) i atomkjernen som eit tal etterpa, t.d. Jern-57, Uran-238 eller Helium-3. Med symbol skriv ein talet pa nukleon med eit heva tal framfor grunnstoffsymbolet, t.d. 57 Fe, 238 U, 3 He).

Innverknad av isotopar pa kjemiske reaksjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Ettersom det er talet proton (og motsvarande elektron ) som avgjer korleis eit grunnstoff reagerer med andre stoff, har ulike isotopar framleis same kjemiske reaksjonar som desse stoffa. Den einaste forskjellen er at tyngre isotopar reagerer noko seinare. Dette er særleg tydeleg i hydrogen -isotopane protium ( 1 H) og deuterium ( 2 H), ettersom den siste er dobbelt sa tung som den første. For tyngre atom med større atomnummer er den ekstra vekta lita samanlikna med resten av atomet, og det er derfor liten forskjell pa isotopane.

Innverknad av isotopar pa kjernereaksjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Det isotopar verkar inn pa, er korleis atomkjernen oppfører seg. Nøytron kan stabilisera atomkjernen ved a halda proton fra kvarandre. Proton er positivt lada og vert støytte fra kvarandre, medan nøytron ikkje har ladning. Mange nøytron i kjernen gjer han derimot ustabil. Alle grunnstoff har stabile isotopar, med eit gunstig tilhøve mellom proton og nøytron, og ustabile isotopar, som lett gar fra kvarandre og blir til andre grunnstoff. Stabile isotopar finst i store mengder i naturen medan ustabile isotopar er mykje sjeldnare. Dei naturlege ustabile isotopane kjem eigentleg fra kjerneprosessar som tek til i stjerner og supernovaer .

Bruk av isotopar [ endre | endre wikiteksten ]

Ein kan bruka isotopar til merking og maling. Ulike atom av same grunnstoff kan ikkje skiljast fra kvarandre, men ulike isotopar vibrerer med frekvensar som skil seg fra kvarandre. Den kjende karbon-isotopen 14 C er ustabil, og vil degenerera med tid. Derfor kan ein bruka han til a finna ut kor gammalt biomateriale er.

Isotopar er og svært viktige i kjernefysikken , bade nar det gjeld atomkraft og atomvapen . For a fa til ein reaksjon treng ein nokre særskilde isotopar av eit stoff. Den berømte tungtvatnaksjonen pa Rjukan i Noreg gjekk ut pa a hindra tyskarane i a fa vatn som inneheldt deuterium-isotopar, som dei kunne ha brukt til a laga atomvapen.