Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Indianarar
er ei nemning brukt om
amerikanske urfolk
etter at
Christoffer Columbus
trefte nokre av dei pa
Hispaniola
i
1492
. Columbus trudde han var komen til
India
, og kalla dermed dei han møtte
indios
.
Seinare viste det seg at oppdagaren hadde teke svært feil, men namnet hadde festa seg. Alle dei ulike amerikanske folkegruppene, fra
inuitane
i nord til
mapuchane
i sør, blei kalla indianarar. Samstundes danna dei innvandrande europearane seg eit bilde av urinnbyggjarane som ville, barnslege, barbariske og drikkfeldige.
Reiseskildringar
,
romanar
og seinare
filmar
fra
Hollywood
spreidde denne oppfattinga, ogsa til
Noreg
, der mange barn leika ≪indianar og
kvit
≫ eller ≪indianar og
cowboy
≫, leikekrigar mellom dei første og dei seinare amerikanarane.
Andre og meir positive
stereotypar
av indianarane er at dei var vise, heltemodige og levde nært naturen.
Ettersom
urfolk
har fatt ein noko høgare status, har og indianaromgrepet blitt teke opp og forkasta for andre nemningar. I Canada blir indianarane na kalla
First Nations
, dei første nasjonane eller folka. I USA bruker ein omgrepet
Native Americans
, innfødde amerikanarar. Sjølv vil mange amerikanske urfolk heller kjennast ved namnet pa folkegruppa si, framfor a bli grupperte saman med ei rekkje kulturar som stort sett berre har det til felles at dei heldt til ein stad i
Amerika
da Columbus dukka opp.
For meir om sjølve folka, les
amerikanske urfolk
.
Ordet
indianar
er i norsk lant inn fra
spansk
'indiano' som tyder indar, person fra
India
.
Pa mange sprak er ordet for
indianar
og
ein som kjem fra India
det same, logisk nok. Dette kan skapa forvirring. Betre blir det ikkje av at nokre av dei
karibiske
øyane blei kalla
Vestindia
, medan store delar av Asia, som India og
Indonesia
, blei kalla Aust-India, pa dansk
Ostindien
. Pa grunn av dette kunne ein finna pa a kalla indarar
East Indians
, austind(ian)arar, og folk fra Karibia
West Indians
eller vestind(ian)arar.