Homage to Catalonia

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Hyllest til Catalonia )

Homage to Catalonia , kalla Hyllest til Catalonia pa norsk, er ei bok fra 1938 av George Orwell som handlar om opplevingar forfattaren hadde under den spanske borgarkrigen .

Pa slutten av aret 1936 kom Orwell som avisreporter til Barcelona , for a skrive reportasjar om den spanske borgarkrigen. Medriven av den revolusjonære stemninga i byen, slutta han seg til det venstresosialistiske partiet POUM , og slost ved fronten i deira milits mot fascistane .

Tilhøva ved fronten var darlege. Den verste fienden var ofte kulde, lus og darlege gamle vapen. Men trass i darleg utstyr var kampviljen til dei spanske antifascistane, for det meste arbeidarar og ungdom, ubroten. ≪Fascistane skal ikkje komma gjennom, den sosialistiske revolusjonen skal førast vidare. Den spanske borgarkrigen er ein krig mellom verdssyn.≫

Da Orwell sidan ma sja pa at stalinistiske krefter faktisk gar imot revolusjonen og sjaltar ut andre sosialistiske krefter, blir han ein bestemt motstandar av den kommunistiske lina, og ein enda sterkare sympatisør med anarkistane og dei sakalla trotskistane i POUM ( Trotskij tok for øvrig avstand fra POUM sin politikk, og meinte han var for moderat og samarbeidsvillig i høve til delstatsregjeringa i Catalonia).

Homage to Catalonia er ei av dei viktigaste og mest rørande skildringane av den spanske borgarkrigen, og særleg den dobbelte borgarkrigen: Antifascistar mot fascistar, stalinistar og borgarlege republikanarar mot anarkistar og POUM-medlemmer.

Sja au [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]