Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Husarrest
er ei form for avstraffing og/eller eit verkemiddel for a avgrensa rørslefridomen til ein person. I daglegtale vert omgrepet mest brukt om ei form for straff som vert brukt av foreldre mot barn, men det kan og vera ein formalisert type straff og kontrollmiddel mot kriminelle eller opposisjonelle. Som namnet seier dreiar det seg om ei avgrensing av rørslefridomen, i det personen som er ramma ikkje far lov til a forlata huset han eller ho bur i.
Husarrest har lenge vore brukt som eit middel for a avgrensa høvet til opposisjonelle til a kommunisera med andre. I
mellomalderen
og
renessansen
var det eit vanleg verkemiddel som ofte vart brukt av monarkar som ynskte a isolera personar som kunne utgjera ein fare for dei.
I moderne tid vert husarrest brukt av enkelte regime for a isolera opposisjonelle. Det meste kjente dømet er
Aung San Suu Kyi
, som da partiet hennar vann valet i
Burma
i
1990
vart sett i mangearig i husarrest.
I fleire land vert husarrest brukt som eit alternativ til soning i
fengsel
. Det vert sett pa som ei lettare form for soning enn open anstalt, og vert tilbode fange som nærmar seg endt soningstid, og som ikkje vert sett pa som a utgjera fare for andre. Ofte vert ein slik husarrest gjennomført med
elektronisk fotlenke
, noko som medfører at fangen kan røra seg ogsa utanfor huset dersom det er føremalstenleg.
| Denne artikkelen
treng
referansar
for verifikasjon
.
Du kan
forbetra artikkelen
ved a leggja inn referansar til palitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang a markera dei setningane/pastandane som treng kjeldebelegg ved a tilføya
{{
tr
}}
etter pastanden.
|