Homofili

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Fra Europride -paraden i Oslo 28. juni 2014, med regnbogeflagg som symbol pa homofili.

Homofili (fra gresk homo , 'same' og fili , 'elske') er preferanse for ein person av sitt eige kjønn som kjærleiksobjekt.

Omgrepet blei først nytta i ein artikkel i Jahrbuch fur sexuelle Zwischenstufen'' i Tyskland i 1904 , og blei sidan nytta til ein viss grad av dei tyske rørslene for homoseksuelle rettar pa 1920-talet . Det var likevel først etter andre verdskrigen at omgrepet fekk eit slags gjennomslag. Det blei da nytta av dei nye homoorganisasjonane som oppstod i dei fleste vestlege landa (til dømes Det norske forbundet av 1948 , danna i 1952 etter a ha vore ei avdeling av ein dansk organisasjon fra 1950). Homorørslene som oppstod pa 1940- og 1950-talet blir ofte kalla for homofil-rørsler ( homophile movements ), og det nye omgrepet blei aktivert som ledd i ein politikk for a omdefinera fenomenet fra seksuell perversjon til noko som omhandla kjærleik .

Fra slutten av 1960-talet blei desse rørslene og den generasjonen som starta dei, kritiserte for a vera for diskrete og forsiktige, og eit ledd i dette var a mobilisera nye omgrep som gay og lesbian, pa norsk ≪ homsar ≫ og ≪ lesber ≫. I den grad ≪homophile≫ hadde fatt noko gjennomslag i engelsk og amerikansk, overtok ≪homosexual≫, ≪gay≫ og ≪lesbian≫ denne plassen fra slutten av 1960-talet.

≪Homofili≫ blei første gong nytta pa norsk i ein brosjyre av den norske avdelinga av det danske ≪Forbundet af 1948≫ i 1951. Noreg er eit av dei fa landa der dette omgrepet framleis har stor utbreiing.

≪Skeiv≫ er i dag ei nemning som blir brukt om dei som ikkje definerer seg som heterofile. Nemninga kan samanliknast med det engelske ordet ≪queer≫.

Haldningar til homofili [ endre | endre wikiteksten ]

Kart over lovgiving for likekjønnet samliv i forskjellege delar av verda.
Likekjønna samliv lovleg ??  Likekjønna ekteskap ??  Likekjønna partnerskap ??  Ingen partarskapslovar ??  Utanlandske ekteskap godkjende Likekjønna samliv straffbart ??  Minimal straff ??  Stor straff ??  Fengsel pa livstid ??  Dødsstraff ??  Ingen informasjon om straff

Det er i dag stor skilnad pa korleis ulike land og samfunn godtek homofili. I land som Noreg , Sverige , Canada , Spania , Sør-Afrika , Nederland , Belgia og fleire delstatar i USA likekjønna par innga ekteskap. Land som Mauritania , Sudan , Somalia , Jemen , Saudi-Arabia , Iran og Afghanistan praktiserer derimot dødsstraff for seksuelle handlingar mellom menneske av same kjønn.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]