Holstein

Koordinatar : 54°10′N 9°40′E  /  54.167°N 9.667°E  / 54.167; 9.667
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kart over Jylland og Nord-Tyskland med Holstein markert i gult.

54°10′N 9°40′E  /  54.167°N 9.667°E  / 54.167; 9.667 Holstein eller Holsten ( dansk Holsten , uttalt med lang e, høgtysk Holstein , nedertysk Holsteen ) er eit omrade i Nord-Tyskland, i delstaten Schleswig-Holstein .

Holstein var opphavleg eit grevskap , men vart fra 1474 eit hertugdømme som ein del av det tysk-romerske riket . Valet av hertug eller greve skjedde pa landstinga som vart haldne ved Bornhøved . Folkeforsamlingane pa landstinga utvikla seg til stenderforsamlingar , kalla landdagar .

I 1460 lukkast det Kristian I a bli vald til regjerande fyrste i bade det danske hertugdømmet Slesvig og det tyske Holstein, det vil seie at hertugdømma kom i personalunion med Danmark og Noreg . Men da Kristian I døydde, vart regjeringsmakta igjen delt. Broren hans, Fredrik, vart vald til regjerande hertug saman med kong Hans . Det førte til delinga i 1490 , som fekk konsekvensar for Sønderjylland . Fellesregjeringa opphøyrde i Slesvig etter 1713 , da den gottorpske del av Slesvig kom inn under kongen, Frederik IV .

Som hertug av Holstein var den dansk-norske kongen vasall under det tyske riket. Dette vart oppløyst i 1806 og Holstein vart ein del av det danske monarkiet. Fra 1815 var det samtidig ein del av det tyske forbundet . I 1848 braut det ut eit ope opprør, som vart slatt ned i trearskrigen . Forsøk pa a innføre ein fellesforfatning for kongeriket Danmark og hertugdømmet Slesvig vart stoppa, sidan stenderforsamlingane i Holstein og Slesvig var tyskdominerte. Dei ynskte ei samanslutning av Schleswig og Holstein til ein stat. Austerrike og Preussen støtta stenderforsamlingane, og erobra hertugdømma i 1864 . Schleswig og Holstein vart i 1867 sameint til provinsen Schleswig-Holstein og innlema i kongeriket Preussen. Nordslesvig vart i 1920 igjen dansk etter folkeavstemminga om Slesvig . Det øvrige Schleswig-Holstein vart fra 1946 ein eigen tysk delstat.