Helsingør

Koordinatar : 56°1′54.383″N 12°35′22.722″E  /  56.03177306°N 12.58964500°E  / 56.03177306; 12.58964500
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

56°1′54.383″N 12°35′22.722″E  /  56.03177306°N 12.58964500°E  / 56.03177306; 12.58964500

Parti fra Helsingør.
Kronborg slott vakta over innløpet til Austersjøen, og var viktig for a handheve innkrevjinga av Øresundtollen.
Ei fyrlykt . Kronborg Fyr , er montert i det nordaustlege tarnet pa Kronborg slott.
Domkyrkja i Helsingør, Sankt Olai kyrkje fra 1559 med aner attende til ei lita landsbykyrkje i romansk stil bygd pa 1200-talet, er namngjeve etter den norske helgenen Sankt Olav.

Helsingør er ein by i Helsingør kommune i det austlege Nord-Sjælland i Danmark , pa den staden der Øresund er pa det smalaste. Byen har eit folketal pa 46 368 (2012). [1] Helsingør kommune med Helsingør by som administrasjonssenter høyrer inn under Region Hovedstaden .

Bysoga [ endre | endre wikiteksten ]

Byen er omtalt i skriftlege kjelder fyrste gong i 1231 som ein liten kjøpstad ved Flynderborg . Erik av Pommern (ca. 1382?1459) gav byen utvida kjøpstadsrettar i 1426 og flytta samstundes byen til omradet kring Sankt Olai kyrkje, domkyrkja i Helsingør. Kyrkja har namn etter den norske helgenkongen Sankt Olav , som i si tid var ein viktig helgen i heile Norden . Om lag pa denne tida vart Øresundtollen innført, ei avgift som vart lagt pa alle skip som skulle inn i Øresund. Sjølv om tollinntektene gjekk til kongen, fekk tollen og ei avgjerande rolle for inntektene til byen av di skipa som matte legge til i Helsingør for a fa betalt tollen, sag føremonar i a kjøpe proviant og anna i byen samstundes. Slottet og borga Krogen , forgjengaren til det slottet og borgen Kronborg som ligg dominerande til i Helsingør i dag, vart bygd for a kunne handheve innkrevjinga av Øresundtollen. Krogen vart sterkt ombygd pa 1500-talet, og fekk etter dette det noverande namnet Kronborg.

Øresundstollen vart oppheva i 1857, og da Helsingør tapte handel av di skipa gjennom sundet ikkje trengte a ga inn til byen for a gjere opp for seg, oppstod det ei djup økonomisk krise for byen. Men fra 1882 tok ein ny oppgang for Helsingør til ved at Helsingør Skibsværft og Maskinbyggeri A/S vart sett i gang som startskottet til den moderne tidas industrialisering av byen.

Historiske bygningar [ endre | endre wikiteksten ]

Den engelske diktaren William Shakespeare (1564-1616) har lagt handlinga i det kan hende mest berømte av alle teaterstykka sine, Hamlet , til Kronborg slott (pa engelsk vert Helsingør kalla ≪Elsinore≫). Men ikkje berre Kronborg slott er av historisk verde i Helsingør. Av di byen har sloppe unna dei store bybrannane, er bygningane i storparten av sentrum fra 1500-1800 talet.

Især to store kyrkjebygningar dominerer Helsingør. Den eine er domkyrkja, Sankt Olai Kirke , som er den eldste bygningen i byen ved a vere fra 1559, men med dei eldste delane fra 1200-talet. Kyrkja er utsmykka innvendig med mellom anna sjaverdige kalkmaleri , og ein prektig preikestol . Den andre er eit karmelitarklosteret Sankt Mariæ Kirke og Vor Frue Kloster , som i dag er det klosteret i heile Norden som er best teke vare pa. Især er dei nyrestaurerte kalkmaleria og orgelet i kyrkja verd a sja. Orgelet har i hovudsak same utsjanaden som da den namngjetne komponisten og organisten Dietrich Buxtehude spela pa det i 1660-ara.

Ferjesambandet over Øresund [ endre | endre wikiteksten ]

Det er kort veg over Øresund mellom Helsingør og grannebyen Helsingborg i Skane i Sverige , og i 1892 vart det opna regulært ferjesamband mellom dei to byane. Da jarnbanelinja Kystbanen mellom Helsingør og København vart opna i 1897, vart Helsingør og eit av dei viktigaste trafikknutepunkta i Norden, da mykje av veg- og jarnbanetransporten mellom den skandinaviske halvøya og Danmark/det europeiske fastlandet med tida kom til a ga over ferjesambandet Helsingør-Helsingborg, der det og gjekk ferjer som tok jarnbanetog. Sjølv etter at veg- og jarnbanebrua Øresundbrua mellom Sverige og Danmark sør i Øresund vart bygd, er det livleg ferjetrafikk mellom Helsingør og Helsingborg.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]