Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Hans Hyldbakk
(
8. mai
1898
–
18. august
2001
) var ein norsk
diktar
og
bygdebokforfattar
fra
Surnadal
pa
Nordmøre
.
Mange av dikta hans, som oftast er skrivne pa
nordmørsdialekt
, vart vidkjende da
Henning Sommerro
sette musikk til dei og gjorde dei til hovuddelen av
Musikkgruppa Varsøg
sitt repertoar. Særleg kjende er dikta ≪
Varsøg
≫ og ≪
E slattatæja
≫.
Som lokalhistorikar og bygdebokforfattar skreiv han til saman om lag 11 000 sider, mellom anna i bygdebøker for seks ulike kommunar og i fleire jubileumsskrift fra heimtraktene sine. Hyldbakk utførte eit nybrottsarbeid da han skreiv historia om hjembygdas husmenn og husmannsplassar, som utkom i 1942. For dette arbeidet fekk Hyldbakk tilnamnet ≪smakarsfolkets historikar≫.
Han debuterte med diktsamlinga
Harpespel
i 1929, og det kom i alt ti diktsamlingar, seks prosabøker, elleve bygdebøker og sju jubileumsskrift fra Hyldbakk si hand.
Hans Hyldbakk vart heidra med fleire prisar, mellom andre fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1973 og
Kongens fortenestemedalje i gull
i 1994.
[1]
Utanfor kommunehuset pa
Skei i Surnadal
star det ein bronsebyste av han som vart laga av
Tore Bjørn Skjølsvik
i 1979.
Som pensjonist spara Hyldbakk opp ein sum pa nær ein million kroner som han gav vekk til Surnadal kommune saman med heimen sin pa Kleiva, som har vorte midtpunktet for Varsøghelga kvar pinse.
[2]
Kommunen deler arleg ut Kleivaprisen og tilskot fra Kleivafondet, der pengane skal ga til a ≪fremje kulturelle og lokalhistoriske føremal, unnateke stjerneidrett og fotball≫.
[3]
Hans Hyldbakk vart offer for ≪leksikografisk mord≫ av
Norsk Allkunnebok
, der det star skrive i det sjette bandet at han døydde i 1947. Utanom
Norsk Allkunnebok
levde han vidare i beste velgaande i over eit halvt hundrear.
- Harpespel
, 1929
- Pa vandringsveg
, 1930
- Pa heimveg
, 1937
- Heimbygdsvers
, 1942
- Etter-rakster
, 1946
- Aspa skjelv i Øyalia
, 1974
- Lauvfall i Litlsalen
, 1976
- Prologar og høvesdikt
, 1977
- Kveldsvers fra Kleiva
, 1986
- Varsøg
(dikt i samling), 1990
- Lauvfall
, 1998
- Kleivabrev fra krigstida
, 1945
- Ei haustferd pa Nordmøre 1934
, 1951
- Streiftog i bygda
, 1971
- Brev fra barndommen
, 1984
- Agent nr. 184
, 1987
- Brev fra Kleiva
, 1989
- Husmenn og husmannsplassar i Surnadal
(2 bd., 1942. Ny utg.,
Heimar i Surnadal
, 1966?68)
- Gards- og ættesoge for Surnadal
(2 bd., 1947?48. Ny utg., 3 bd., 1980?81)
- Heimar og ætter i Stangvik
(2 bd., Stangvik kommune, 1953?54. Ny utg. 1981?82)
- Folk og heimar i Asskard
(Asgard ungdomslag, 1955. Ny utg. 1987)
- Bygdesoge for Surnadal
(2 bd., Surnadal kommune, 1957?59)
- Gards- og ættesoge for Tingvoll
(3 bd., Tingvoll sogelag, 1961?65)
- Gards- og ættesoge for Rindal
(3 bd., Rindal kommune, 1964?67)
- Gards- og ættesoge for Frei
(2 bd., Frei kommune, 1971?72)
- Gammalt fra Surnadal
(Surnadal kommune, 1972)
- Setrane i Surnadal
(1975)