한국   대만   중국   일본 
Hammerfest kommune ? Wikipedia Hopp til innhald

Hammerfest kommune

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Hammerfest kommune
kommune
Kommunevapen
Land   Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Hammerfest
Areal 2 693  km²
 •  land 2 566  km²
 •  vatn 127  km²
Folketal 11 338   (1. januar 2024)
Malform nøytral
Ordførar Terje Rogde ( H )
Kommunenr. 5603
Kart
Hammerfest kommune
70°39′48″N 23°40′40″E  /  70.663330555556°N 23.677780555556°E  / 70.663330555556; 23.677780555556
Wikimedia Commons: Hammerfest
Nettstad: www.hammerfest.kommune.no

Hammerfest ( nordsamisk Hammerfeastta suohkan , kvensk Hammerfesti komuuni ) er ein kyst- og øykommune pa vestkysten av Finnmark fylke . Kommunen omfattar øyane Kvaløya , Seiland og Sørøya og Porsangerhalvøya pa fastlandet. Han grensar til Masøy kommune i nordaust, Porsanger i aust, Alta i sør og Hasvik i vest. Byen Hammerfest ligg pa Kvaløya, som er forbunde med bru til fastlandet. Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar, pa 70°40' nordleg breidde. Andre tettstadar i kommunen er mellom anna Kvalsund, Rypefjord, Forsøl, Akkarfjord, Hønseby, Hellefjord, Karhamn, Skarvfjordhamn og Sandøybotn.

Sjølv om han ligg langt nord for polarsirkelen , har byen ei isfri hamn. Hammerfest har tradisjonelt vore eit senter for fiskeri, handel, kommunikasjonar og offentlege tenester i Vest-Finnmark. I dag er byen ogsa sterkt prega av utbygginga av Snøhvitfeltet , sidan gassen fra feltet skal førast i land og skipast ut i ein LNG -terminal pa Melkøya utanfor byen. I 2005 kom Hammerfest pa UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste malepunktet i Struves meridianboge .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

  • 1684 : Hammerfest fekk kyrkje og prest. Folketalet lag pa rundt 60 personar.
  • 1764 : Innbyggjarane i byen mista handelsretten sin etter befaling av kong Frederik V av Danmark. Dette førte til at Russland byrja a sende skip med korn til Hammerfest, den sakalla Pomorhandelen .
  • 17. juli 1789 : Hammerfest fekk bystatus .
  • 1809 : Byen blei plyndra av to engelske fregattar under Napoleonskrigen . Etter dette blei det bygd ein skanse pa Fuglenes.
  • 1856 : Byen blei øydelagd av ein særs kraftig orkan. Ei internasjonal innsamling skaffar pengar til a byggje byen opp att.
  • 1859 : Det første fyret i Finnmark blei bygd pa Fuglenes. Byen fekk den første reguleringsplanen sin.
  • 1868 : Det første vassverket i Hammerfest blei bygd.
  • 1870 : Oppføring av ein telegrafstasjon som blei brukt av heile Finnmark.
  • 1890 : Ein bybrann la 2/3 av byen i oske. Under gjenoppbygginga fekk Hammerfest eit kommunalt elektrisitetsverk og blei i 1891 den første byen i nord- Europa som fekk elektrisk gatelys .
  • 1944 : Innbyggjarane blei tvangsevakuert av den tyske okkupasjonsmakta , og byen blei systematisk brent og øydelagt. Berre det vesle gravkapellet fra 1939 blei staande att.
  • 1950-talet: Hammerfest blei bygd opp att etter ein heilt ny reguleringsplan. Fiskeribedrifta Findus var blant dei mest moderne i Europa, med nymotens fryseteknikk som tillet eksport av fisk i stor skala.
  • 1980 : Barentshavet blei opna for leiteboring etter olje og gass. Hammerfest blei base for supplyskip og helikopter.
  • 1992 : Hammerfest blei slatt saman med nabokommunen Sørøysund .
  • 2002 : Statoil starta bygginga av ein LNG -terminal pa Melkøya for a ta imot gass fra Snøhvitfeltet i Barentshavet.
  • 2020 : Kvalsund kommune var slege saman med Hammerfest kommune

Folketalsutvikling [ endre | endre wikiteksten ]

Folketalsutvikling for noverande Hammerfest kommune fra 1920:

1.12.1920 [1] 1.12.1930 [2] 3.12.1946 [2] 1.1.1951 [3] [4] 1.1.1961 [3] [4] 1.1.1971 [3] 1.1.1981 [3] 1.1.1991 [3] 1.1.2001 [3] 1.1.2010 [3]
5015 5604 5599 6187 8088 9366 9656 9250 9166 9724

Tettstader i kommunen [ endre | endre wikiteksten ]

  • Hammerfest - 7 882 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Rypefjord - 1 802 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Kvalsund - 288 innbyggjarar per 1. januar 2017

Venskapsbyar [ endre | endre wikiteksten ]

Hammerfest i kulturen [ endre | endre wikiteksten ]

≪Hammerfest≫ er namnet pa ein romstasjon i romanen A Deepness In the Sky av Vernor Vinge .

Folk fra Hammerfest [ endre | endre wikiteksten ]

  • Sissel Rønbeck , politikar som har vore statsrad i tre periodar mellom 1979 og 1997
  • Bodil Niska , jazzmusikar, voks opp i Hammerfest men fødd i Vadsø

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Statistisk arbok for kongeriket Norge 40de argang, 1920 (Det statistiske centralbyra, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk arbok for Norge 69. argang, 1950 (Statistisk sentralbyra, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Hammerfest 1. januar kvart ar fra 1951, fra Statistisk sentralbyra
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Sørøysund 1. januar kvart ar fra 1951, fra Statistisk sentralbyra

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]