Hagbard Emanuel Berner

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Hagbard Emanuel Berner

Fødd 12. september 1839
Sunndal kommune
Død 24. januar 1920 (80 ar)
Statsborgar av Noreg
Parti Venstre
Yrke politikar , journalist , jurist
Barn Ole Berner
Medlem Norsk Kvinnesaksforening
Alle verv

Hagbard Emanuel Berner ( 12. september   1839 24. januar   1920 ) var ein norsk politikar, publisist og riksrevisor . Han vart fødd i Sunndal .

Utdanning [ endre | endre wikiteksten ]

Han var utdanna jurist ( cand.jur 1863). I 1865 fekk han Universitetes gullmedalje for ei avhandling om dei framande kjeldene for grunnlova .

Bladfyken [ endre | endre wikiteksten ]

I ungdommen var han med i Døleringen rundt Aasmund Olavsson Vinje og han skreiv ogsa i Dølen og i Henrik Krohns Ferdamannen og han var medarbeidar i Vort Land . Fra 1869 til 1879 var han redaktør i det nyskipa Dagbladet , som under hans leiing vart hovudorganet for partiet Venstre og samstundes eit kulturorgan.

Politikaren [ endre | endre wikiteksten ]

I 1879 reiste Berner striden for det reine flagget , og i 1881 var han med og starta dei første folkevæpningssamlaga , tidlegare hadde han vore formann i Kristiania skytterlag 1869?1879. Fra 1880 til 1888 var han stortingsrepresentant fra Akershus amt . I 1883 var han med i tiltalenemda i riksrettsaka mot Selmer-ministeriet . Fra 1892 til 1912 var han borgarmeister i Kristiania (den tredje i rekkja). Han var ogsa med i ei rekkje kommisjonar for utgreiing av økonomiske og finansielle spørsmal, og han arbeidde for ei betring av ordningane for jordbrukskreditt. Arbeidet hans førte mellom anna til nye reglar for hypoteklan pa skog i 1897. Berner var ogsa talsmann for ei ny valording med forhaldstalsval og folkerøystingar.

Kvinnesak og malsak [ endre | endre wikiteksten ]

I 1884 vart han den fyrste leiaren i Norsk Kvindesagsforening som han og Gina Krog hadde skipa same aret. Han gjorde ogsa ein stor innsats for malsaka , i 1868 var han med og stifta Det Norske Samlaget der han ogsa vart den fyrste formannen, fra 1868 til 1877.

Berner er gravlagd pa Var Frelsers gravlund i Oslo. [1]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Borgermester Hagbard Berner≫ . Gravferdsetaten i Oslo . Henta 11. april 2016 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]