한국   대만   중국   일본 
Georg Friedrich Handel ? Wikipedia Hopp til innhald

Georg Friedrich Handel

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Handel )
Georg Friedrich Handel

Georg Friedrich Handel
Fødd 23. februar 1685
Fødestad Halle an der Saale i Hertugdømet Magdeburg
Død 14. april 1759 (74 ar)
Dødsstad London i England
Fødenamn Georg Friedrich Handel
Opphav Brandenburg-Preussen, Kongeriket Storbritannia, Det tysk-romerske riket
Periode Barokken
Aktiv 1702–1759
Sjanger opera , oratorium , solokonsert , anthem , klassisk musikk , coronation anthem
Instrument pipeorgel , cembalo , obo
Verka som Komponist
Mor Dorothea Handel
Far Georg Handel
Fødestaden til Handel i Halle , 2005
Handelstatue i Halle, 1961
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Georg Friedrich Handel [1] ( 23. februar   1685 14. april   1759 ), var ein tysk - britisk komponist kjend for sine operaer , oratorium og concerti grossi . Han vert rekna som ein av dei mest produktive og viktigaste musikarane nokon sinne, og representerer ved sida av Johann Sebastian Bach høgdepunktet i seinbarokken .

Handel var ein sann kosmopolitt som etter oppveksten i Halle levde formative vandre- og lærear i Hamburg , Italia og Hannover . Han budde mesteparten av livet sitt i England og fekk britisk statsborgarskap 22. januar 1727 . [2]

Handel skapte ein meisterleg musikalsk syntese av tysk, italiensk og engelsk tradisjon, og han skreiv musikk i alle sjangrane fra denne tida. Musikken til dei fleste av hans samtidige komponistar vart raskt gløymd etterkvart som musikksmaken endra seg, men verka til Handel har statt uavbrote pa repertoaret i meir enn 250 ar, lenger enn musikken til nokon annan komponist.

Det mest spelte verket hans er oratoriet Messias . Øvrige kjende verk er orkesterstykka Water Music og Music for the Royal Fireworks . Handel var sterkt paverka av teknikkane til dei store komponistane i den italienske barokken, savel som Henry Purcell i England. Musikken til Handel vart flittig studert av komponistar etter han, til dømes Haydn , Mozart og Beethoven .

Biografi [ endre | endre wikiteksten ]

Opphav og ungdom i Halle [ endre | endre wikiteksten ]

Den einaste kjelda til informasjon om ungdomstida til Handel er teologen John Mainwaring sin biografi Memoirs of the life of the Late George Frederic Handel. [3] Mainwaring fortel at han har opplysningane om det tidlege livet til komponisten direkte fra Handel. Nyare biografar har vist at kronologien i Mainwaring si framstilling ikkje kan vere korrekt, og sidan Handel sjølv fortalde lite om ungdommen sin, er kunnskapen om denne tida sparsam.

Far til Handel Georg (1622?1697) var barber og sarlege i residensbyen Halle i hertugdømet Magdeburg , seinare vart han og livlege for den wettinske hertugen Johann Adolf I. av Sachsen-Weißenfels . Etter at den første kona til Georg døydde i 1682, gifta han seg snart pa nytt med den 32-arige prestedottera Dorothea Taust (1651?1730). Det første barnet deira døydde under fødselen. Aret etter vart Georg Friederich fødd og etter han fekk paret to døtrer, Johanna Christina (1690?1709) og Dorothea Sophia (1697?1718). Handel heldt kontakt med systrene sine og borna deira heile livet.

Ifølgje biografen Mainwaring ønskte far til Handel at sonen skulle sla inn pa ein juridisk karriereveg og motsette seg dei musikalske interessene hans. Dette endra seg først etter at faren og den attearige Handel avla eit besøk hos hertugen i saksiske Weißenfels . Orgelspelet til guten overtydde hertugen om at han stod overfor eit stort talent, og han overtalte faren som sjølv ikkje hadde interesse for musikk, om a la sonen fa verte musikar.

Dagens Marktkirche Unser Lieben Frauen (≪Marienkirche≫) sett fra marknadsplassen. I denne kyrkja vart Handel døypt, og her lærte han a spele orgel. [4]

Tilbake i Halle vart Handel elev av Friedrich Wilhelm Zachow (1663?1712), komponist og organist i Marienkirche. Komposisjonsstilen til Zachow utmerkte seg pa den eine sida med stor romlegheit og pa den andre (særleg i kantatekora) med ein frapperande tett kontrapunktisk tekstur . Handel tok seinare tematisk materiale fra Zachow og omarbeidde det pa kunstferdig vis, det same gjorde J.S. Bach , som og søkte stillinga til Zachow etter han døydde. Hos Zachow fekk Handel grunnleggende komposisjons- og instrumentalutdanning. Mainwaring hevdar at Handel byrja a komponere kantater alt da han var ni ar. Under læretida skreiv Handel og ei harpestemme til kantaten til Zachow, Herr, wenn ich nur dich habe .

I 1697 vart Handel ifølge Mainwaring send til det brandenburgske hoffet i Berlin . Hertugen til Magdeburg, kurfyrsten Friedrich III var lensherren til Handel, og han vart sa imponert av det 12-arige vedunderbarnet at han tilbaud a finansiere musikkutdanning i Italia , og dersom utdanninga gjekk som venta, skulle han seinare fa ei stilling ved hoffet i Berlin. Faren til Handel avviste tilbodet ? framleis ifølgje Mainwaring. Kong Fredrik Vilhelm I av Preussen , som gjekk inn i historia som ≪Soldatkongen≫, vart seinare ein stor beundrar av komposisjonane til Handel. Handel sjølv stod openbert i kontakt med prøyssarkongen heile livet. Heilt til han vart engelsk statsborgar, var Handel borgar av Magdeburg og deretter av Preussen . I 1741 fortalde pressa at Handel kort tid etter Fredrik II av Preussen vart krona, hadde reist til Berlin for a oppvarte han. Kongen, som sjølv var komponist og dessutan ein dyktig fløytist, prøvde forgjeves a skaffe seg ein autograf av Handel etter at han døydde.

Da Georg Philipp Telemann i 1701 reiste fra Magdeburg til Leipzig , stoppa han i Halle for a bli kjend med ≪den alt da viktige Georg Fr. Handel≫ [5] . Som Telemann fortel var dette kjennskapet byrjinga pa eit konstruktivt og produktivt samarbeid mellom komponistane: ≪[…] i melodiske satsar […] og undersøkinga av desse hadde Handel og eg, gjennom hyppige besøk pa begge sider, savel som skriftleg, ei stadig sysselsetting≫. Far Georg døydde i 1697 og dette stoppa for ein tid framgangen til Handel. For a etterkome ønska til faren immatrikulerte Handel seg i 1702 ved det nyoppretta universitetet i Halle . Meininga var a studere rettsvitskap hos Christian Thomasius . Thomasius var den første universitetslæraren som forelas pa tysk, og han medverka og til a fa slutt pa hekseprosessane . Juskarrieren til Handel varte derimot ikkje lenge: 13. mars 1702 avbraut han studia til fordel for organistposten ved Hallesche Dom .

Hamburg [ endre | endre wikiteksten ]

Sommaren 1703 reiste Handel til Hamburg , der den første operaen i Tyskland, ≪operaen ved Gansemarkt≫, som opna i 1678, blømde under leiinga til komponisten Reinhard Keiser . Handel spelte i operaorkesteret, først fiolin og seinare cembalo [6] . Her møtte han Christoph Graupner og vart ven med komponisten, dirigenten og songaren Johann Mattheson som seinare skreiv viktige musikkteoretiske skrifter, til dømes Das Neu-Eroffnete Orchestre og Grundlage einer Ehrenpforte . Da det vart kjent at posten som organist ved Mariakirche i Lubeck var i ferd med a verte ledig fordi den kjende komponisten og organisten Dietrich Buxtehude byrja a dra pa ara og ville pensjonere seg, reiste Handel og Mattheson i august 1703 til Lubeck . Det enda med at ingen av dei søkte pa jobben pa grunn av den tradisjonelle skikken med at den nye organisten matte gifte seg med dottera til forgjengaren.

Dei to sterke personlegdomane hadde eit tidvis spent forhold, og midt under ei framføring av Matthesons opera Cleopatra kom det til ein støyande konfrontasjon om den musikalske leiinga av oppføringa. Konflikten førte til ein kardeduell ved Gansemarkt-operaen. Ingen av dei vart skadde, men etter denne hendinga var forholdet spent og reservert. Seinare let Handel, trass førespurnader fra Mattheson, vere a levere biografiske data til Matthesons Grundlage einer Ehrenpforte . Til gjengjeld fletta Mattheson hatefulle og nedsetjande kommentarar inn i den tyske omsetjinga si av Handel-biografien til John Mainwaring.

Den 8. januar 1705 vart Handels første opera, Almira , med stor suksess, uroppført i Hamburg. Fa veker seinare , 25. februar, følgde uroppføringa av Nero . Medan Nero vert rekna som tapt, gjev Almira , med blandinga si av bade tysk og italiensk operaform og sprak, eit interessant døme pa ei tidstypisk operaform i Gansemarkt-operaen. Handel omarbeidde fleire tema fra Almira i seinare verk, til dømes bygde han ved hjelp av opningstemaet i tredje akt ≪Lebet begluckt, hochst seeliges Paar≫ noko seinare det grandiose sluttkoret ≪Gloria Patri≫ i Dixit Dominus .

Handel komponerte ytterlegare ein opera i Hamburg, men han hadde eit slikt omfang at han vart splitta i to verk, Daphne og Florindo . Og desse operaene vert rekna som tapte. Etter a ha avvist fleire tilbod om ei Italia-reise fra adelege mesenar , mellom anna truleg fra storhertugen av Toscana , Gian Gastone de’ Medici , reiste Handel sommaren eller hausten 1706 til Italia for eigen kostnad. Tilbake i Hamburg lag to kister med komposisjonar, begge er tapte.

Italia [ endre | endre wikiteksten ]

Domenico Scarlatti, Domingo Antonio Velasco (1738)

Handel si studiereise gjennom Italia varte i fire ar. Han stoppa mellom anna i Firenze , Roma , Napoli og Venezia . Dei eksakte omstenda rundt opphalda i desse byene er ikkje kjende, men det er overlevert fleire anekdotar fra møte med andre musikarar, som Arcangelo Corelli , Antonio Lotti , og Alessandro og Domenico Scarlatti . Handel vart kjend under namnet Il Sassone (≪Saksaren≫), og da cembalovirtuosen og komponisten Domenico Scarlatti høyrte eit forrykande cembalospel under ein maskerade i Venezia, skal han ha ropt ut: ≪Anten er dette den kjende saksaren, eller sa er det djevelen≫. Sidan det var ein maskerade, spelte Handel med ei maske over andletet. Mainwaring fortel at det kom til meiningsutvekslingar mellom Corelli og Handel over framføringa av dei doble punkteringane i dei langsame yttersatsane av den opphavlege ouverturen til Il Trionfo del Tempo i del Disinganno . Handel, som hadde eit hissig gemytt, skal ha rive fiolinen ut av handa pa Corelli for a demonstrere korleis han ønskte at punkteringane skulle utførast. Corelli pa si side var ein elskverdig mann, og han kommenterte: ≪Min kjære saksar, denne musikken din er i fransk stil, og den forstar eg ikkje≫. Corelli gjorde Handel den tenesta a komponere ein ny ouverture i italiensk stil.

Handel produserte to operaer i Italia, Rodrigo (sommaren 1707) i Firenze og Agrippina (arsskiftet 1709-10) i Venezia, den siste med ein libretto av kardinal og visekonge av Napoli, Vincenzo Grimani (1652?1710). Ouverturen til Agrippina med det intense tremolo -baserte fugetemaet over ein liten heksakord vert rekna som ein av Handels ypparste operaouverturar. I det heile var Agrippina eit einestaande modent verk, og det vart ein stor publikumsuksess med heile 27 førestillingar. Med Agrippina fann Handel fram til operastilen sin og etablerte sitt ry som operakomponist.

I Roma hadde det vore jordskjelv og byen var truga av krig, sa pave Klemens XI la ned forbod mot operaoppføringar i byen. Handel skreiv derfor to oratorium, den geistlege La Resurrezione (varen 1708) og den allegoriske Il Trionfo del Tempo e del Disinganno (varen 1707) med tekst av av kardinal Benedetto Pamphili (1652?1730). Il trionfo vart truleg oppført heime hos kardinal Pietro Ottoboni(1667?1740), som i likskap med Pamphili var ein viktig velgjerar og mesen for Handel. Materialet i Il Trionfo omarbeidde Handel to gonger i London: 1737 og til slutt i 1757 som The Triumph of Time and Truth . Vidare komponerte Handel den kjende Dixit Dominus (over salme 110 i Salmane ), serenataen Aci, Galatea e Polifemo (Napoli 1708), savel som talrike kor- og solokantatar i Italia.

Handel hadde no lagt grunnsteinen til ryktet sitt, og i 1709, medan han framleis var i Venezia, tilbaud kurfyrst Georg Ludwig av Hannover han posten som kapellmeister ved hoffet i Hannover . Handel aksepterte tilbodet, men sikra seg først aksept for a kunne reise vekk for lengre tidsrom no og da. Dette høvet nytta han seg av alt etter fa manader; offisielt byrja han i stillinga 16. juni 1710, men reiste til London ved slutten av aret.

Alt 24. februar 1711 hausta han sin første suksess i England med uroppføringa av operaen Rinaldo ved Haymarket-Theatre . Operaen inneheld den kjende sarabande - arien ≪Lascia ch’io pianga≫ som har høyrt til standardrepertoaret pa opera- og konsertscenene i hundrear saman med Cleopatras ≪V’doro, pupille, seatte d’Amore≫ fra Giulio Cesare og ≪ largoen ≫ (i røynde ein larghetto) fra Xerxes . [7] I byrjinga av juni 1712, dvs. mot slutten av operasesongen, returnerte Handel til Hannover, der han mellom anna skreiv fleire vokalduettar, visstnok for kurprinsessa, den seinare dronning Caroline av Ansbach .

Dei første ara i London [ endre | endre wikiteksten ]

Queen’s Theatre (fra 1714 King’s Theatre) ved Haymarket i London. Her vart dei fleste av operaene til Handel oppførte.

I oktober 1712 reiste Handel tilbake til London, denne gongen slo han seg ned for godt. Først budde han eit ar hos ein rik musikkelskar i Barn Elms [8] , Surrey , dei neste tre ara hos Richard Boyle, jarlen av Burlington, i nærleiken av London. Hovudverka i denne perioden var to italienske operaer og Utrechter Te Deum . Verka var skrivne pa oppdrag av dronning Anne av Storbritannia , og etter oppføringane gav ho han ein livslang arleg pensjon pa 200 pund.

Sjølv om fraværet til Handel fra hoffet i Hannover vart langt, finst det ikkje bevis for at kurfyrst Georg minte han pa pliktene han hadde i Hannover. Kurfyrsten vart krona til Georg I av kongedøma Storbritannia og Irland i Westminster Abbey oktober 1714. Handel skreiv Water Music for kongen, og dei tre suitane som utgjer verket vart oppført under ein fest pa Themsen 17. juli 1717. Kongen skal ha vore sa begeistra for musikken at han gav musikarane ordre om a spele han tre gonger [9] og dobla arspensjonen til Handel. Seinare vart Handel musikklærar for døtrene til kongen. I 1716 vart han med kongen pa ei kort reise pa tysk grunn og komponerte der pasjonen ≪Der fur die Sunde der Welt gemarterte und sterbende JESUS≫ etter ein den gong omtykt tekst av Barthold Heinrich Brockes .

Etter at Handel vende tilbake til Storbritannia, vart han huskomponist hos jarlen av Carnavon , den seinare hertugen av Chandos. Her var det samla ein framtidsretta krins av litteratar, mellom anna John Gay og Alexander Pope . Verka som Handel komponerte for hertugresidensen Canons i Edgware omfattar dei tolv Chandos Anthems savel som den første versjonen av operaen Esther og den nye engelske versjonen av Acis and Galatea med tekst av John Gay. Tersetten med Galateas, Acis og Polyphemus, The flocks shall leave the mountains , minnar fra takt 5 av om opningskoret i kantaten til Bach, Ich hatte viel Bekummernis . I Canons fullførte Handel truleg og Suites de Pieces pour le Clavecin (publisert 1720), som mellom anna inneheld dei kjende variasjonane som seinare fekk tilnamnet ≪The Harmonious Blacksmith≫.

Stadnamnet ≪Canons≫ var samtidig programmatisk: Jarlen av Chandos og kretsen hans uttrykte pa denne maten at det dreidde seg om a etablere musikalske malestokkar ( latin canon/ gresk kanon; kanon = malestokk, rettesnor, regel, tilvising).

Operaen blømer [ endre | endre wikiteksten ]

Karikatur av ei oppføring av Flavio med divaen Francesca Cuzzoni i midten og kastratsongarane Senesino til venstre og Gaetano Berenstadt til høgre

Opphaldet til Handel i Canons enda varen 1719 og han starta førebuingane til eit nytt operaføretak ved King’s Theatre under namnet ≪Royal Academy of Music≫ med Handel som musikalsk leiar. For a skaffe songarar reiste Handel til Dresden , der han fekk engasjert fleire songarar, mellom anna stjernekastraten Senesino .

Handels første operaoppsetting for det nye Operaakademiet, Radamisto med uroppføring 27. april 1720, vart særs vellukka. Ved sidan av Handel nytta akademiet seg tidvis av komponistane Giovanni Bononcini og Attilio Ariosti og publikummet delte seg i parti som anten støtta Handel eller Bononcini. I byrjinga var Bononcini mest framgangsrik ? Handels dominans vart først merkbar etter den tredje sesongen. Dei pafølgjande ara skreiv han nokre av sine viktigaste operaer, Giulio Cesare , Tamerlano og Rodelinda . Desse høyrer og til dei mest populære i var tid.

Etter kva ein i dag veit var operaakademiet underfinansiert alt fra starten og berre lønsam i dei beste periodane. Leiinga prøvde a auke publikumstilstrauminga ved a kjøpe inn fleire stjernesongarar. I januar 1723 vart Francesca Cuzzoni engasjert og i mai 1726 Faustina Bordoni , den seinare ektefellen til hoffkomponisten i Dresden, Johann Adolf Hasse . Primadonnaene var fiendtleg innstilt overfor kvarandre og 6. juni 1727 fornærma og slo dei kvarandre for open scene, kraftig oppfyrt av eit støyande publikum som støtta sine respektive favorittar. Dei høge gasjane deira var til sterk finansiell belastning for operaføretaket. I tillegg kom at publikums smak var i endring mot lettare politisk-satirisk engelsksprakleg underhaldning og symptomatisk for denne tendensen var den dundrande suksessen til The Beggar’s Opera av John Gay i 1728. Høgdepunktet i denne operaen skal ha vore ein parodi pa Handels opera Rinaldo sunge av ≪tiggarar≫, ≪tjuvar≫ og ≪kjeltringar≫. ( The Beggar’s Opera var modell for Bertolt Brechts Tolvskillingsoperaen ). Etter sesongen 1727/28 vart operaakademiet oppløyst utan at det førte til nokre problem for Handel.

Nedgangstid for operaen [ endre | endre wikiteksten ]

Etter at operaakademiet var oppløyst starta Handel eit nytt føretak i kompaniskap med den sveitsiske impresarioen Johann Jacob Heidegger . I litteraturen vert dette rekna som ≪det andre operaakademiet≫. Dei overtok det som var igjen av det første akademiet og leigde King’s Theatre for fem ar. Hausten 1728 reiste Handel til Italia for a rekruttere nye songarar. Det nye ensemblet var gjennomgaande lite disponert med Antonio Bernacchi som ny stjernesongar. Pa heimturen sommaren 1729 vitja Handel mor si i Halle og stoppa i Hannover og Hamburg.

Det nye operaføretaket opna 2. desember 1729 med Lotario , men pa grunn av lunken mottaking vart kastraten Senesino engasjert som trekkplaster for neste sesong. Interessa til Handel vart i 1732 ganske tilfeldig styrt mot oratorium da begge hans engelskspraklege maskespel fra Canons-tida, Esther og Acis og Galatea , vart oppført uautorisert. Handel reagerte raskt ved a omarbeide dei til oratorium og oppførte dei med stor suksess.

Georg Friedrich Handel

Den neste sesongen, 1732/33, konkurrerte han for ein stor del med oppføringar av oratorium, mellom anna oratoriet Deborah som hovudsakleg bestod av gammalt materiale. Om sommaren reiste Handel og ensemblet til Oxford der dei med stor suksess oppførte oratoriet Athalia i festhallen til universitet, ≪Sheldonian Theatre≫. Andre akt vart avslutta av ein ≪Halleluja≫ i d-moll som er ein dobbeltfuge over dei seks solmisasjonsstavingane : UT-FA RE-SOL MI-La (i dag utvida og omarbeidd til do-re-mi-fa-so-la-ti-(do)). Dette var Handel sin mate a heidre heksakordsystemet til Guido av Arezzo (~992?1050). Som mottema til dei seks stavingane til Arezzo, valde Handel ein lett utbrodert utgave av eit fugesubjekt fra den attande klaversuiten sin i f-moll. I følgje ei forteljing i pressen skal Universitetet ha gjeve han tilbod om eit æresdoktorat, men av ukjente grunner skal han ha avvist dette. Trass i suksessen med oratoria heldt fram Handel a oppføre operaer sjølv om den italienske operaforma vart stadig mindre populær i London.

I desember 1733 opna det rivaliserande operaelskapet Opera of the Nobility (ofte kalla ≪Adelsoperaen≫) i Lincoln’s Inn Fields Theater med Nicola Porpora som komponist. Tidlegare hadde dette selskapet teke over nesten heile det gamle songarensemblet til Handel, inklusive Senesino. Det var ikkje marknad for to konkurrerande operahus i London og det kom til ein ruinerande tvekamp mellom dei. Situasjonen skjerpa seg da leigekontrakten til Handel gjekk ut mot slutten av sesongen og Heidegger leigde ut King’s Theatre til Adelsoperaen. I tillegg lukkast det Adelsoperaen a engasjere den kjende italienske kastratsongaren Farinelli .

De to operaselskapa delte ikkje berre operapublikumet i London i to leirar, men og den kongelege familien. Prinsen av Wales, Fredrik Ludvig av Hannover støtta Adelsoperaen, medan meistereleven til Handel prinsesse Anne (1707?1759) var ein lidenskapeleg Handel-tilhengjar. Mange ar seinare, aret 1770 i Bologna , fortalte Farinelli den engelske musikkhistorikaren Charles Burney om første gong han skulle synge for kong Georg II: Prinsessa, som akkompagnerte ved klaveret, la fram to Handel-ariar som var notert i ein uvanleg nøkkel og skrivemate og forlangte at Farinelli song dei fra bladet . Friedrich Wilhelm Marpurg fortalte i Kritischen Briefen uber die Tonkunst (1763) at prinsessa var ein usedvanleg dyktig generalbass-utøvar og Handel sjølv fortalte ein gong organisten Jacob Wilhelm Lustig at for han var prinsesse Anne ≪blomen av alle prinsessar≫

Handel flytta no til det nybygde Covent Garden Theatre og leia operaselskapet i eigen regi. Trass i at føretaket gjekk darleg komponerte han i denne tida verk som Ariodante og Alcina . Saman med Orlando vert desse rekna som dei viktigaste operaene hans etter samanbrotet av det første akademiet. Handel gjekk konkurs i 1737 og fekk samstundes eit slaganfall som lamma venstre arm for ei tid. [6] Han klaga dessutan over vanskar med a fokusere synet. Eit kuropphold i Burtscheid ved Aachen hjelpte han fort tilbake til hektene og etter ei tid spelte han orgel for det lokale publikumet. Snart komponerte han like lett som før. Konkurransen mellom operahusa hadde vore sa øydeleggjande at og Adelsoperaen gjekk over ende og vart oppløyst.

Tida for oratoria [ endre | endre wikiteksten ]

Bustaden til Handel i 25 Brook Street i London. I dag Handel House Museum
Foto: Andreas Praefcke

Trass i at Handel heilt fram til sin siste opera, Deidamia (1741) ei rekkje gonger freista a fortsette operaen, vart oratoria stadig viktigare (med oratoria Saul og Israel i Egypt , begge fra 1739). Han tok og opp igjen tidlegare verk, mellom anna Alexander’s Feast som var skriven i 1736. Teksten var oden til John Dryden til ære for den heilage Cecilia av Roma, eit av meisterverka i engelsk litteratur . Aret etter, i 1740, skreiv Handel oratoriet L’Allegro, il Penseroso ed il Moderato basert pa ein tekst av John Milton som Charles Jennens omarbeidde for a auke spaninga mellom karakterane i diktet. Jennens skreiv og tekstane til oratoria Saul , Messias og Belshazzar av Handel .

I 1742 reiste Handel til Dublin for a oppføre oratoriet Messias som eit ledd i ei rekkje veldedige konsertar. Tilbake i London overlet han inntektene fra Messias-oppføringane sine til veldedige føremal. Bak utkastet til temaet for Amen -fugen noterte Handel ein irsk dansemelodi som han kalla ≪Ballett for fattige irske ungdomar≫. Ein gong i aret oppførte han Messias til fordel for Foundling-Hospital i London, ein barneheim for ≪utdanning og vern av utsette og forlatne unge born≫. Som takk for innsatsen sin vart han utnemnd til vise-æresdirektør ved sidan av den sosialkritiske malaren, grafikaren og forfattaren William Hogarth . Kort før tilbakereisa fra Dublin til London vart Handel kjent med forfattaren av Gullivers reiser , Jonathan Swift .

Etter denne tida komponerte ikkje Handel fleire operaer. I staden produserte han fra 1743 til 1752 ei kontinuerleg rekkje av ein til to nye oratorium per sesong, dei fleste med tema fra Det gamle testamentet . I tillegg skreiv han dei verdslege musikkdramaa Hercules og Semele . Begge vert rekna med blant dei viktigaste engelske operaene sjølv om Handel ikkje oppførte dei scenisk.

Ei tid prøvde adelskretsar a felle Handel, som pa si side no stort sett sysla med oratorium. ≪Heile operaselskapet er rasande pa Handel≫ skreiv ei samtidig kjelde. Til skilnad fra tida med Adelsoperaen hadde han som oratoriekomponist knapt noko konkurranse, men for a skade han prøvde motstandarane a arrangere ball og bankettar pa same tid som oppføringane til Handel. Handel nadde snart fram til breie folkeslag med sine ≪Seiersoratorium≫ etter det jakobittiske opprøret i 1745. Av desse var Judas Maccabaeus hans aller mest populære oratorium ved sidan av Messias . Til Judas Maccabaeus' arie ≪With honour let desert be crown’d≫ i tredje akt komponerte Handel ein uvanleg solo for naturtrompet . Ved a ta i bruk den sjuande overtonen i naturtrompeten, som den gong vart rekna som ≪unaturleg≫, fekk han fram ≪dobbeltnaturen til trompetklangen≫. Handel danna ved hjelp av den sjuande overtonen ein mollters som gjorde at trompetklangen heile tida veksla mellom ein elegisk a-moll og ein krigersk (dels og festleg) D-dur.

I 1745 fekk Handel æresmedlemsskap i den musikkvitskaplege foreininga Correspondierende Societat der musicalischen Wissenschaften . Andre medlemmer var mellom anna G.P. Telemann og J.S. Bach . Det siste medlemmet som vart tatt opp var for øvrig Leopold Mozart . Dette skjedde rundt 1755, men selskapet vart oppløyst kort tid etter.

Handel byrja a komponere pa oratoriet Jephtha rundt 1751, og medan han skreiv pa dette byrja dei første symptoma pa at han var i ferd med a bli blind a vise seg. Med fleire avbrot og med store strev klarte han likevel a fullføre verket. Andre akt i Jephta slutta med eit kor med tekst av Alexander Popes maksime fra Essay on Man : ≪Whatever is, is right≫. Seinare overtok Georg Wilhelm Friedrich Hegel Poes maksime med orda ≪Alles was ist, ist vernunftig≫, dette omtolka eleven til Hegel, Heinrich Heine til ≪Alles, was vernunftig ist, muss sein≫.

I 1754 kunne Handel endeleg takke den botanikkinteresserte Telemann med ei kiste kostbare blomsterlaukar. Gava var forseinka fordi Handel hadde fatt feilaktige opplysningar om at kollegaen i Hamburg var død. Gava var Handels takk for at Telemann hadde sendt den førehandsbestilte intervall-læra ≪Neues musikalisches System≫ (1752) som kom i Mizlers ≪Musikalischer Bibliothek≫. I denne delte Telemann kvar tone, kvart intervall i fire: Minimum , Minor , Major og Maximum . Neues musikalisches System vart skarpt avvist av Telemanns samtidige fordi det nye hammarklaveret favoriserer temperert stemming . Denne firedelinga hadde Handel forøvrig alt delvis brukt i sine Cantaten con strumenti (1706?1709) - 72 italienske kantatar for songstemme og basso continuo - savel som i Il Trionfo (arien ≪Io sperai≫).

Handel underla seg fleire mislukka augeoperasjonar, mellom ein av den omstridde okkultisten John Taylor som og opererte augo til Bach . I Taylors History of the Travels and Adventures (London 1761) er det eit avsnitt om dei medisinske møta med Bach og Handel der Taylor opplyser om at komponistane ≪opphavleg var vorte oppdratt saman≫. Denne utsegna har Bach- og Handel-biografane tilbakevist i hundrear.

Det finst bevis for at Handel tidvis kunne sja igjen i sine siste ar, men etter mai 1752 fekk han ikkje synet tilbake. Trass i dette heldt fram han a medverke ved oppføringane av oratoria sine, og mellom aktene spelte han sine delvis improviserte orgelkonsertar. Han komponerte og nye ariar eller omarbeidde gamle. For Judas Maccabaeus skreiv han duett- og korsatsen Sion now her head shall raise . Sa kort tid som ei veke før han døydde sat Handel ved orgelet under ei oppføring av Messias .

Paskeaftan morgon den 14. april 1759, 74 ar gammal, døydde Handel i heimen sin i 57 Brook Street (no nr. 25). Han vart bisett i Westminster Abbey 20. april.

Musikk [ endre | endre wikiteksten ]

Operaer [ endre | endre wikiteksten ]

Autograf av operaen Tolomeo , 1728

Dei 46 operaene til Handel er av typen dramma per musica , ei musikkform som bestar av ei rekkje secco-resitativ og da capo-ariar . Gjennom tida vidareutvikla han operaen utan dermed a bryte med den etablerte forma. For a framstille spesielt intense kjensler hos ein scenefigur brukte Handel gjerne accompagnato-resitativ (dvs. med orkesterakkompagnement). Døme er den store dødsscenen til Bajazet i Tamerlano og den kjende vanvidds-scenen i Orlando .

Ved sidan av ariar skreiv Handel duettar , sjeldnare tersettar eller kvartettar . Kor skreiv han til a byrje med berre for finalane der dei vart sunge av hovudpersonane. Først fra 1735 kan det sja ut som han har hatt tilgang til eit eige operakor. Same ar skreiv han ballettnummer til operaene Alcina og Ariodante som vart oppført i Covent Garden der han kunne bruke prima ballerinaen og koreografen Marie Salle og ballettkompaniet hennar. Handel komponerte prologen Terpsichore i andre versjon av Il Pastor fido spesielt for henne. Marie Salle, som revolusjonerte scenedansen alt før Jean-Georges Noverre , vart for øvrig pipe av scenen under oppføringa av Handels Alcina av di ho viste seg som Cupido i mannsklede.

Opera-ouverturane til Handel følgde den franske Lully -prega forma: langsam-hurtig (ein fuge )-langsam. Librettiane var ofte avleidde av venetianske mønster; trass i den store populariteten til Metastasio brukte Handel berre tekstane hans tre gonger.

Oratorium [ endre | endre wikiteksten ]

Alt under si tid som komponist av italienske operaer utvikla Handel ei ny kunstform: det engelske oratoriet. Fram til denne tida var oratoriet ukjent i England. Pa kontinentet vart dei skriven etter det stivna skjemaet til opera seriaen : ei forslitt rekkje av resitativ der handlinga vart drive framover og da capo-ariar der kjenslene vart spelt ut; ensemble og kor fanst nesten ikkje. Handel tok element fra dei engelske plays , masques og anthems , fra klassiske franske drama, fra tyske kyrkjekantatar, og fra dei karakteristiske musikkformene i den italienske operaen: resitativet , arien , ouverturen og inndelinga i tre akter. Med desse ingrediensane som verktøy skapte han ei ny musikkform i stort format som var uavhengig av scenen. Teateret dannar framleis den ytre ramma, men den sceniske handlinga, kostyma, maskene og liknande er ikkje tekne med. Dette gjev høvet for bra skifte i scene og kjensler. Handlingsforløpet skjer no utelukkande i fantasien til dei som høyrer pa, dermed vert det ideelle og kjenslemessige innhaldet i verket intensivert. Koret er ikkje berre integrert, men vert i vesentleg grad bade eit element i handlinga og ein handlingsberar. Oratoriet far dermed ein episk-lyrisk karakter utan a miste det dramatiske aspektet.

Librettist og komponist gjev koret to roller: Pa den eine sida deltar koret i handlinga, og pa den andre fungerer det som skildrar og kommentator etter antikke førebilete. Lagnaden og aktivitetane til dei handlande personane utspeler seg pa bakgrunn av folkelivet. Heile folkeslag vert personifisert, i Belshazzar vert til og med tre folkegrupper sett opp mot kvarandre. Heltekastraten forsvinn (sa godt som) fullstendig, og den overveiande skurkaktige figuren i opera seriaen, tenoren, vert no tildelt helterolla. Handel tar sjølv regien i sine oratorium og opnar portane for eit nytt publikum, det borgarlege.

Kyrkjemusikk [ endre | endre wikiteksten ]

Kyrkjemusikken til Handel kan delast i nokre salmemelodiar pa latinske sprak som han skreiv i Italia og dei engelskspraklege stykka. Til dei latinske verka høyrer vespersalmane Dixit Dominus , Laudate pueri og Nisi Dominus . Chandos Anthems fra den tidlege tida i London er av noksa intim karakter pa grunn av det vesle ensemblet han den gongen radde over. Dei andre kyrkjemusikalske verka fra tida i London vart stort sett skriven for Chapel Royal ved spesielle, ofte statspolitiske høve. Te Deum og Jubilate til feiringa av freden i Utrecht er prega av paverknaden til Purcell . Zadok the Priest , som er av dei fire Coronation Anthems (≪kroningshymner≫) komponert til kroninga av Georg II og dronning Caroline i Westminster Abbey 1727, er sidan vorte spelt ved kvar einaste britiske kroningsseremoni. Stykket er og kjenningsmelodi for UEFA Champions League . Funeral Anthem ? The ways of Zion do mourn komponerte Handel for statsgravferda til dronning Caroline i 1737 og Dettinger Te Deum med Dettingen Anthem 1743 til feiringa av sigeren i Dettingen .

Orkestermusikk [ endre | endre wikiteksten ]

Corelli var retningsgjevande for utviklinga av concerto grossoen , J.F. Douven

Ein viktig del av orkestermusikken til Handel vart skriven som ouverturar , mellomakt-, pantomime - og ballettmusikk i operaene og oratoria. Til dei sjølvstendige konsertane høyrer dei seks sakalla ≪obokonsertane≫ op. 3 som vart publisert i 1734, men skriven vesentleg mykje tidlegare for ulike høve, savel som dei tolv Concerti grossi op. 6 fra 1739. Handels Concerti grossi op. 6 er orkesterverk med vekselspel mellom eit fullt strykeorkester ( ripieno ) og ei gruppe strykarsolistar ( concertino ) .I sine konsertar knyter Handel den italienske tradisjonen med dei nye symfoniske utviklingane pa 1700-talet. Handel føydde i ettertid oboparti til nokre av konsertane.

Orgelkonsertane til Handel er hans eige utvikling og ved sidan av Bach sine cembalokonsertar representerer dei starten pa utviklinga av musikkforma konsert for klaviaturinstrument og orkester . Vanlegvis spelte Handel sjølv sine orgelkonsertar pa eit orgelpositiv under pausane i dei store oratorie-oppføringane. Den trykte utgava fra 1738 oppgav og cembalo og harpe (op. 4, nr. 6) som mogelege soloinstrument. I motsetnad til dei seks konsertane op. 4 (1738) utmerkte dei to fra ≪Second Series≫ (1740, den første under tilnamnet ≪The Cuckoo og the Nightingale≫) og dei seks posthumt publiserte konsertane op. 7 ved at dei pa mange stader og over heile satsar var markert med ≪ ad libitum ≫, det vil seie at Handel improviserte partia under oppføringane. For konsert op. 7 nr. 1, med ein mektig ostinato -sats, føreskreiv Handel eit orgel med pedalar og to manual (≪Organo a. 2 Clav. e Pedale≫).

Handel og kong Georg I av Storbritannia i bat pa Themsen, romantisk maleri av Edouard Jean Conrad Hamman (1819-1888)

Ara 1747 og 1748 skreiv Handel tre Concerti a due cori der han i praksis delte orkesteret i tre: To ≪blasarkor≫ (kvar med to oboar , ein fagott , to horn ) og eit strykarkor med continuo . Desse konsertane er for ein stor del ikkje frittstaande komposisjonar, men arrangement av kor fra oratoria Esther , Belshazzar , Semele og Messiah orkestrert med tanke pa oppføringar under open himmel.

Friluftsmusikk var og den tredelte Water Music - suiten skriven for oppføring i bat pa Themsen , savel som Music for the Royal Fireworks fra 1749. Den siste vart skriven pa oppdrag av Georg II i høve freden i Aachen som vart slutta 7. oktober 1748. Uroppføringa skjedde 27. april 1749 i Green Park i London. Pa førehand kom det til motsetningar mellom kongen og Handel om orkestreringa av stykket. Kongen ville utelukkande vite av ≪militærinstrument≫ som oboar, fagottar, horn, trompetar og pauker . Handel ville derimot ha med strykeinstrument og. Kven som tilslutt fekk viljen sin veit ein ikkje sikkert, for Handel utstyrte opphavleg partituret med ≪militærinstrument≫, men noterte seinare at strykarar skulle doble obo- og fagottstemmene. Den offentlege prøven med 100 musikarar føre 12 000 tilhøyrarar vart ein stor suksess, men den offisielle feiringa 27. april i Green Park enda i ein katastrofe. Pa grunn av teknisk svikt i fyrverkeriet tok bygg og dekorasjonar som var reist for høvet fyr og brann ned. Tre personar døydde, mellom anna ein trompetist [10] . Berre musikken til Handel skal ha redda dagen.

Kammermusikk [ endre | endre wikiteksten ]

Johann Sebastian Bach maleri E.G. Haußmann , 1748

Dei seks triosonatane op. 2, for to fiolinar og basso continuo vart først publisert av Roger i Amsterdam rundt 1722. Gjennomgaande følgjer dei den firesatsige italienske kyrkjesonateformen . I dei sju triosonatane op. 5, for to fiolinar og basso continuo som vart publisert i London 1739 er det fra fem til sju satsar, mellom anna dansesatsar som passacaille , sarabande , gavotte etc., slik at dei nærast er som suitar a rekne. Ytterlegare tre triosonatar er overlevert i handskrift. Og dei 15 solosonatane op. 1, og utgjevne første gong rundt 1722 av Roger, følgjer kyrkjesonateformen. Dei deler seg i tre sonatar for traversa og basso continuo, fire sonatar for flauto og basso continuo, to sonatar for obo og basso continuo og seks sonatar for fiolin og basso continuo. I den Hallensiske Handelutgaven er det og seks triosonatar for to oboar og basso continuo, men det er usikkert om det er Handel som har skrive desse sonatane.

Verka for cembalo av Handel vart stort sett skapt som lære- eller høvesverk. Dei atte Suites dei Pieces pour le Clavecin (HWV 426?433, 1720) vert rekna som dei viktigaste ved sidan av ei anna suitesamling (HWV 434?438, 1730) og seks fuger (HWV 605?610, 1735). Den andre suitesamlinga inneheld to merkeverdige chaconner (HWV 435 og HWV 442), variasjonsverk over eit attetaktars ostinat - generalbasstema . Denne basso ostinatoen , som bestar av atte fundamentale notar, nytta og Bach i Goldbergvariasjonane sine savel som for Canon triplex a. 6 Voc. som han held i handa pa det velkjende portrettet til Elias Gottlieb Haußmann.

Alessandro Scarlatti

I skriftet Der vollkommene Kapellmeister som Johann Mattheson gav ut i 1739 trykte han knapt 1 1/4 takt (takt 3?4) fra den fjerde satsen ? sluttfugen ? av Handels klaversuite nr. 2 i F-dur (fra Suites dei Pieces fra 1720). Ved sidan av notesitatet retta Mattheson, som sikkert hadde djupare innsikt i komposisjonsmaten til Handel, følgjande spørsmal til lesarane sine: ≪Kven kunne vel tenke seg at i desse fa notane gøymer det seg - som om det var ein kort, tjukk gulltrad - ein trad som kan trekkast ut sa han vert hundre gonger sa lang≫. Med gulltrad meinte Mattheson fugetemaet til Handel med sitt mottema .

Pa tida til Handel vart og vokal- og instrumentalstykke rekna som kammermusikk . Han skreiv talrike verdslege kantatar: 72 kantatar for solostemme og generalbass som bestar av fleire ariar og resitativ etter modell av Alessandro Scarlatti . I tillegg kjem ≪Cantaten con strumenti≫, og med sjølvstendige instrumentalstemmer. Til desse høyrer den vesle spanske kantaten Cantata Spagnuola a voce sola e Chitarra som Handel noterte i gammal stil. Dei fleste av dei verdslege kantatane stammer fra tida i Roma da Handel møttest saman med Scarlatti, Corelli og Pasquini i Accademia degli Arcadi .

Duetti e Terzetti for songstemme og basso continuo skreiv Handel i Italia eller Hannover, og mellom 1741 og 1745 i London. Handel utvida og sine oratorium for firstemmige kor med diverse duettar og tersettar.

Ettermæle [ endre | endre wikiteksten ]

Minnefeiring for Handel i Westminster Abbey, 1784

I England vart Handel ein klassikar alt medan han levde: det vart reist ein statue i full storleik over han i fornøyelsesparken Vauxhall Gardens i 1738 [11] og 15. juli 1762 vart Handels gravmonument avduket [12] . Mainwarings Memoirs of the Life of the Late George Frederic Handel vert rekna som den første biografi over ein musikar som kom ut i bokform. I motsetnad til mange av komponistane pa den tida, til dømes Johann Sebastian Bach og Georg Philipp Telemann i Tyskland, gjekk ikkje Handel i gløymeboka i England etter han døydde, hovudsakleg pa grunn av oratoria.

Ved sidan av regelmessige oppføringar av utdrag fra oratoria vart mykje av musikken til Handel sett saman og spelt som pastisjar . Pa det ein trudde var Handels hundrearsdag i 1784 vart det arrangert ein tredagars minnefest i Westminster Abbey og i Pantheon . Problem rundt overgangen fra juliansk til gregoriansk kalender førte til at ein bomma med eit ar. Over 500 musikarar deltok i oppføringar av Messias , av stykke fra oratoria og av orkestermusikken hans. Oppføringa av Messias vart ein stor suksess og vart gjenteken to gonger. Dette skapte ein tradisjon som varte til 1791.

Messias-begeistringa nadde snart og Tyskland og i 1772 vart oratoriet oppført i Hamburg med Michael Arne som dirigent, tre ar seinare av Carl Philipp Emanuel Bach , den nest eldste sonen til J. S. Bach. Seinare vart teksten omsett og sunge pa tysk.

Wolfgang Amadeus Mozart utvida og endra orkestreringa av fleire av oratoria til Handel for a tilpasse dei smaken pa tida. Dessuten brukte Mozart tema og kontrapunktikk fra Handels Funeral Anthem og oratoriet Joseph and his Brethren i sitt uferdige Rekviem fra 1791.

Haydn vart djupt berørt da han høyrte oratoria til Handel under sine opphald i London: ≪[Det var] som om han var vorte sett tilbake til byrjinga av studietida og ikkje hadde lært noko fram til da≫. Med seg fra London hadde han ein libretto til oratoriet the Creation som opphavleg kan ha vore forfatta for Handel og fekk baron van Swieten til omsetje han til tysk. Musikken til Haydn til Die Schopfung (≪Skapinga≫) viser ein tydeleg paverknad fra Handel bade i struktur og i korfugene.

Og Beethoven let seg inspirere av Handel og skreiv Variationen fur Cello und Klavier (1796) over ≪See the conqu’ring hero comes≫ fra Judas Maccabaeus , samt ouverturen Die Weihe des Hauses der den store sentrale fugen bevisst er heldt i stilen til Handel. For Beethoven var Handel ≪den største blant oss alle... den største komponisten som nokon gong har levd. Eg ville blotta hovudet mitt og knele ved grava hans.≫ Beethoven la framfor alt vekt pa det enkle og publikumsappellen i musikken til Handel da han sa ≪Ga til han og lær korleis ein kan oppna store verknader med enkle verkemiddel.≫

I 1770-ara kom Messias til USA der ein i samsvar med den engelske tradisjonen overvegande oppførte stykket pa arrangement til inntekt for veldedige formal. Tradisjonen med a oppføre oratoriet i adventstida oppstod pa byrjinga av 1800-talet.

Frimerke til Handels 200. dødsdag

Fra og med 1842 utgav den engelske musikkforleggaren Vincent Novello ut eit lite utval oratorium i ei rimeleg klaverutgave og gjorde dermed musikken tilgjengeleg for lokale korforeiningar utanfor byane.

I ara fra 1859 til 1926 vart det kvart tredje ar arrangert store Handelfestspel i Crystal Palace i London. Pa sitt største medverka det kring 4 000 korsongarar og rundt 500 orkestermusikarar og vart ein demonstrasjon av nasjonalkjensla til britane.

Felix Mendelssohn Bartholdy trekte Johann Sebastian Bach fram fra gløymsla med gjenoppføringa av ≪ Matteuspasjonen ≫ i 1829. Mendelssohn sørgde og for at Handel sine oratorium vart oppført i Tyskland og han tilpassa eigenhendig nokre av oratoria til Handel til praktisk bruk. Georg Gottfried Gervinus omsette samtlege av oratorietekstane til tysk og gjorde at det vart mogeleg a innlemme dei i standardrepertoara til tyske korforeiningar. Johannes Brahms skreiv for den første komplette tyske Handel-utgava klaverstemmer til Duetti e Terzetti , for dei mange som ikkje lengre beherska generalbassnotasjon og -spel.

I dag vert musikken til Handel spelt ved dei tyske festspela i Gottingen, Halle og Karlsruhe.

Utgjevingar [ endre | endre wikiteksten ]

Handel gjorde sa mange endringar, utvidingar og arrangement at det er fleire versjonar a velje mellom av nesten kvart einaste verk han skreiv. Den hallensiske Handel-utgava har sett som mal a rekonstruere alle versjonane. For kammermusikken er problemet at Handel autoriserte fleire utgjevingar og at forleggarane stundom tok med forfalskingar.

Det første forsøket pa ei komplett Handel-utgave stod Samuel Arnold i London for mellom 1787 og 1797. Han fekk etterkvart problem med finansieringa og matte avbryte prosjektet slik at nesten alle operaene og ein stor del av den vokale kammermusikken manglar.

Friedrich Chrysander sine samla Handel-verk i 94 bind vert rekna som eit pionerarbeid idet Chrysander baserte seg pa Handel sine dirigentpartiturer og dels pa autografar.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sja musikkverk av Georg Friedrich Handel .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Denne artikkelen bygger pa ≪ Georg Friedrich Handel ≫ fra Wikipedia pa bokmal , den 2. mai 2010.
  • John Mainwaring: Memoirs of the Life of the Late George Frederic Handel , London 1760/pa tysk: Johann Mattheson, Hamburg 1760.
    • George Frideric Handel, Hedwig Mueller von Asow, John Mainwaring: Biographie, Briefe und Schriften: Biographie, Briefe und Schriften , publisert av Georg Olms Verlag, 1977, ISBN 978-3-487-06331-7 (og Google Books ).
  • Friedrich Chrysander: G. Fr. Handel , Leipzig 1885?67, nyutgjeving 1966.
  • Romain Rolland : Haendel , ved F. Alcan, Paris 1910.
  • Johanna Rudolph: Handelrenaissance ? Eine Studie , 2 bind, Aufbau-Verlag Berlin, 1960.
  • Alfred Mann: Georg Friedrich Handel ? Composition lessons/Aufzeichnungen zur Kompositionslehre , Hallische Handel-Ausgabe, Supplement Band 1, Barenreiter-Verlag, Kassel 1878.
  • Konrad Sasse: Handel-Bibliographie , Dt. Verl. fur Musik, Leipzig 1963.
  • Walther Siegmund-Schultze: Georg Friedrich Handel , Dt. Verl. fur Musik, Leipzig 1980.
  • Walter Eisen (Hrsg.): Handel-Handbuch , Barenreiter-Verlag, Kassel,
  • Christopher Hogwood : Georg Friedrich Handel. Eine Biographie , Insel Verlag, Frankfurt/M. 2000, ISBN 3-458-34355-5 .
  • Hans Joachim Marx: Handels Oratorien, Oden und Serenaden , Vandenhoeck & Ruprecht, Gottingen 1998, ISBN 3-525-27815-2 .
  • Paul H. Lang: George Frideric Handel , Dover Publications, Mineola, N. Y. 1996, ISBN 0-486-29227-4 .
  • Dean Winton, John Merrill Knapp: Handel’s Operas, 1704?1726 , Clarendon, Oxford 1987, ISBN 0-19-315219-3 .
  • Dean Winton: Handel’s dramatic oratorios and masques. Clarendon, Oxford 1990, ISBN 0-19-816184-0 .
  • Werner Pieck: Leben Handels. Biographie , EVA, Hamburg 2001, ISBN 978-3-434-50455-9 .
  • Michael Heinemann: Georg Friedrich Handel. Reinbek 2004, ISBN 3-499-50648-3 .
  • Stefan Zweig : Georg Friedrich Handels Auferstehung . In: Sternstunden der Menschheit. Vierzehn historische Miniaturen . Fischer Taschenbuch Verlag, ISBN 3-596-20595-6 .
  • Hans Joachim Marx: Das Handel-Handbuch in 6 Banden , Laaber-Verlag, Laaber, 2008, ISBN 978-3-89007-684-3 .
  • Peter Overbeck: Georg Friedrich Handel , Suhrkamp-Verlag, Frankfurt/M. 2009 (BasisBiographien 37), ISBN 978-3-518-18237-6 .
  • Michael Wersin: Handel & Co. Die Musik der Barockzeit , Reclam, Stuttgart, 2009, ISBN 978-3-15-020181-7 .

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Ifølgje kyrkjeboka Georg Friederich Handel , anglisert George Frideric Handel
  2. British Citizen by Act of Parliament: George Frideric Handel
  3. Georg Friedrich Handel, Hedwig Muller von Asow, John Mainwaring: Biographie, Briefe und Schriften ( Google Books )
  4. Tarnpara er skeive i forhold til kvarandre pa grunn av ei forkasting under marknadsplassen
  5. Georg Philipp Telemann: Autobiographie , utgjeven av Johann Mattheson, s. 358 ( Wikisource ).
  6. 6,0 6,1 Donald Burrows. Handel. Oxford University Press, 1994.
  7. Largo pa Youtube
  8. Se barnelms.com. Arkivert 2010-09-17 ved Wayback Machine .
  9. Hogwood, Christopher (2005). Handel: Water Music and Music for the Royal Fireworks . Cambridge: Cambridge University Press. s. 27. ISBN   9780521836364 .  
  10. Donald Burrows. Handel. Oxford University Press, 1994.
  11. Kfr. vam.ac.uk .
  12. Vgl. westminster-abbey.org .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Georg Friedrich Handel

Media [ endre | endre wikiteksten ]

Primærkjelder, biografier osv. [ endre | endre wikiteksten ]

Notar