한국   대만   중국   일본 
Gunnar Sønstevold ? Wikipedia Hopp til innhald

Gunnar Sønstevold

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gunnar Sønstevold

Fødd 26. november 1912
Fødestad Elverum
Død 18. oktober 1991 (78 ar)
Opphav Noreg
Instrument piano
Verka som komponist , filmmusikkomponist , jazzmusikar
Gift med Maj Sønstevold
Prisar Filmkritikerprisen

Gunnar Sønstevold ( 26. november   1912 18. oktober   1991 ) var ein norsk komponist fra Elverum og var og ein kjend jazzpianist i trettiara. Han var uvanleg mangslungen i uttrykksform og i siste perioden var musikken hans prega av tolvtoneteknikk.

Biografi [ endre | endre wikiteksten ]

Sønstevold studerte piano med Nils Larsen og Erling Westher . I 1930-ara utmerka han seg som jazzpianist i gruppa Funny Boys . Under den tyske okkupasjonen var han flykting i Sverige der han kom i kontakt med det som skulle bli den namnkjende mandagsgruppa . Leiar i gruppa var komponisten Hilding Rosenberg som og vart Sønstevold sin lærar i komposisjon. Etter krigen kom han tilbake til Noreg og arbeidde med film- og teatermusikk. I 1955 vann han Filmkritikerprisen for filmmusikken til Det brenner i natt. I perioden 1960–1967 studerte han komposisjon ved Hochschule fur Musik und Darstellende Kunst i Wien . I 1967 vart han tilsett som musikalsk leiar i NRK . Han har undervist ved Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo . Han vann Lindemanprisen i 1985.

Gunnar Sønstevold var gift med den svenske komponisten Maj Sønstevold .

Verk (utval) [ endre | endre wikiteksten ]

  • 1964 – The Dorian Cage
  • 1971 – Litany i Atlanta til minne for Louis Armstrong

Filmmusikk (utval) [ endre | endre wikiteksten ]

  • 1944 – Lev farlig
  • 1946 – Englandsfarere
  • 1949 – Vi flyger pa Rio
  • 1952 – Nødlanding
  • 1950 – Musikk pa loftet
  • 1952 – Veslefrikk med fela
  • 1954 – Roald Amundsen
  • 1955 – Det brenner i natt
  • 1957 – Ni liv
  • 1957 – Fjols til fjells
  • 1961 – Bussen
  • 1963 – Om Tilla
  • 1968 – Bare et liv - historia om Fridtjof Nansen
  • 1969 – Huset pa grensen
  • 1969 – An-Magritt
  • 1970 – Antigone
    Spire Denne musikarartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .