한국   대만   중국   일본 
Gudrun Ensslin ? Wikipedia Hopp til innhald

Gudrun Ensslin

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gudrun Ensslin

Statsborgarskap Det tyske riket, Vest-Tyskland, Tyskland
Fødd 15. august 1940
Bartholoma
Død

18. oktober 1977 (37 ar)
Stuttgart , Stammheim-fengselet

Yrke lærar , kvinnesaksforkjemper , terrorist , terrorisme
Sprak tysk
Medlem av Rote Armee Fraktion
Far Helmut Ensslin
Gudrun Ensslin pa Commons
Fellesgrava til Gudrun Ensslin , Andreas Baader og Jan Carl Raspe pa Dornhaldenfriedhof i Stuttgart

Gudrun Ensslin , ( 15. august   1940 18. oktober   1977 ) fra Bartholoma , Baden-Wurttemberg , Tyskland , i Stuttgart , Baden-Wurttemberg, var venstreekstremistisk terrorist , og vert rekna som ei av dei som grunnla Rote Armee Fraktion , ogsa kjend som Baader Meinhof-gruppa .

Oppvekst [ endre | endre wikiteksten ]

Gudrun Ensslin voks opp i Bartholoma der faren Helmut Ensslin var prest . Ho var rekna som ei snill og god jente, som gjorde det godt pa skulen og likte a lese i Bibelen. I familien diskuterte ein ofte samfunnsspørsmal, og Gudrun Ensslin skal tidleg ha vore oppteken av sosial utrettferd i Tyskland og verda elles. Atten ar gamal hadde ho eit skuleopphald i Pennsylvania i USA .

Fra 1960 til 1963 studerte Ensslin engelsk , germanistikk og pedagogikk i Tubingen, og tok lærareksamen. I 1964 tok ho studiar i Berlin.

Medan ho var student, grunnla ho eit lite forlag i lag med Bernward Vesper , som ho gifte seg med i 1965 . Dei fekk ein son, Felix , før Ensslin i 1968 forlet Vesper og flytte i lag med kjærasten Andreas Baader til Frankfurt am Main

Politisk aktivisme [ endre | endre wikiteksten ]

Gudrun Ensslin var aktiv i studentdemonstrasjonane i Berlin den 2. juni 1967 da pasifisten Benno Ohnesorg vart skoten til døde av politiet. Denne hendinga gjorde eit sterkt inntrykk pa henne, og ho engasjerte seg i fleire politiske aksjonar.

Terrorisme [ endre | endre wikiteksten ]

I 1968 freista Ensslin og bl.a. Andreas Baader a brenne ned to varehus i Frankfurt, og vart dømde til tre ars fengsel. Dei vart sette fri i samband med ein anke, men da anken vart avvist, hadde Ensslin og Baader rømt til utlandet. Da Baader seinare vart arrestert, klarte Gudrun Ensslin a overtale Ulrike Meinhof om a vere med pa a frigjere han i mai 1970 . Etter frigjeringa av Baader var Rote Armee Fraktion skipa med Ensslin og Baader som leiarar.

I lag med andre i RAF var ho med pa ein palestinsk leir i Jordan for a fa vapenopplæring. Etter tilbakevendinga til Tyskland kom der fleire bankran og aksjonar med bruk av sprengstoff mot politiske og militære mal. Gudrun Ensslin var leiande i planlegginga og gjennomføringa av rana og aksjonane.

Arrestasjon [ endre | endre wikiteksten ]

Den 7. juni 1972 vart Gudrun Ensslin arrestert i Hamburg . Etter ei langvarig rettssak vart ho 28. april 1977 dømd til livsvarig fengsel for fire mord og mange mordforsøk.

Til liks Baader gjorde ho natt til 18. oktober 1977 sjølvmord pa cella si i Stammheim -fengslet i Stuttgart . Ein tredje RAF-medle, Jan Carl Raspe , var sara av sjølvmordsforsøk, og døydde seinare pa sjukehus. Sympatisørar av RAF har hevda at Ensslin, Baader, Raspe og Ulrike Meinhof ikkje døydde av sjølvmord.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Tysk wikipedia
  • Aust, Stefan, Baader-Meinhof: sju ar som forandrade Forbundsrepubliken . Stockholm: Symposion 1990.

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Kapellen, Michael, Doppelt Leben: Bernward Vesper und Gudrun Ensslin; die Tubinger Jahre . Tubingen: Klopfer und Meyer 2005. ISBN 3-937667-65-2
  • Koenen, Gerd, Vesper, Ensslin, Baader: Urszenen des deutschen Terrorismus . Koln: Kiepenheuer und Witsch 2003. ISBN 3-462-03313-1
  • Weidenhammer, Karl-Heinz, Selbstmord oder Mord?: das Todesermittlungsverfahren: Baader, Ensslin, Raspe . Kiel: Neuer Malik Verlag 1988. ISBN 3-89029-033-7
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gudrun Ensslin