Gravlund

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Eldre fotografi fra ein gravlund i Russland .
Varhaug gamle kyrkjegard i Ha kommune pa Jæren .

Gravlund eller gravplass er eit omrade som er reservert for jordfesting av avlidne menneske, anten dei vert jordfesta i likkiste, eller i urne etter kremasjon . Gravplass for dei kremerte vert og kalla urnelund.

I Noreg og fleire andre land ligg gravlundane ofte ikring kristne kyrkjer , og det er da vanleg a kalle gravplassane for kyrkjegardar og tilsvarande. Nemninga gravfelt er som oftast nytta som eit arkeologisk nøytralt ( ikkjereligiøst ) omgrep for samlingar av graver fra førhistorisk tid for døde som har vorte jordfesta pa seremonielt vis etter si tids sed. Men i europeiske sprak kan ord som svarar til det norske ordet gravfelt og verte nytta som eit generelt nøytralt alternativ til det som i vanleg sprakbruk vert kalla kyrkjegardar eller har andre nemningar av religiøs karakter.

Gravlundar i Noreg [ endre | endre wikiteksten ]

I Noreg er det ein lovfesta hovudregel at gravlegging skal skje pa ein offentleg gravplass eller pa ein gravplass som eit registrert trussamfunn har opparbeida etter a ha fatt løyve i samsvar med lov fra 13. juni 1969 nr 25 om trudomssamfunn og ymist anna. Alle avlidne har rett til gravplass i den kommunen dei budde i da dei døydde, utan omsyn til kva trudoms- eller livssynssamfunn dei høyrde til, eller kva slags livssyn dei hadde. Gravlegging skal alltid ga føre seg med respekt for den religionen eller det livssynet den døde hadde. Gravlundar ikring kyrkjer som høyrer til Den norske kyrkja er saleis ikkje berre for dei som er medlemar av dette kyrkjesamfunnet. Same rett til gravplass i kommunen har dødfødde born nar mora eller faren er busett i kommunen.

Ei grav er freda i 20 ar, men fredingstida kan lengjast. Nar ein gravlund vert lagd ned, skal arealet vere freda i minst 40 ar etter siste gravlegging.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Gravlund