Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Eit
gissel
er nokon som gjennom sin eigen person ma garantere for at andre oppfyller ein lovnad eller eit krav, som ei form for
pant
eller pressmiddel. Det a ta gislar er blant anna nytta av
terroristar
, politiske
ekstremistgrupper
eller av kriminelle for a presse igjennom krav, som til dømes fritt leide eller pengeutbetaling.
[1]
Gisseltaking blei mykje brukt i oldtida og mellomalderen, særleg for a sikra oppfylling av avtalar om fred. Statleg gisseltaking eksisterer ogsa i dag i
totalitære
stater, som eit politisk
tvangsmiddel
.
[1]
Genevekonvensjonen
av 1949 fastset at gisseltaking er forbode i krig ved artikkel 34, og i borgarkrig ved artikkel 3. I 1979 vart det vedteke ein
konvensjon i SN
som var retta mot gisseltaking.
[1]
≪Gissel≫ kjem av
norrønt
gisl
som er avleidd av
germansk
*gisla-
som truleg er av
keltisk
opphav, jamfør
gammalirsk
gell
('pant, tryggleik'),
irsk
giall
('gissel') og
walisisk
gwystl
('pant, gissel'). Den keltiske forma kan muligens vere avleidd av
indoeuropeisk
*gheidh-
, 'begjær'.
[2]
- ↑
1,0
1,1
1,2
≪Gissel≫
.
Store norske leksikon
. 14. februar 2009
. Henta 18. mai 2016
.
- ↑
de Caprona, Yann:
Norsk etymologisk ordbok
.
Kagge forlag
AS, 5. opplag (2014). s. 986