Girolamo Cardano

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Girolamo Cardano

Fødd 24. september 1501
Provinsen Pavia , Pavia
Død 21. september 1576
Roma
Nasjonalitet Hertugdømet Milano
Omrade matematikk
Yrke filosof , matematikar , astrolog , oppfinnar , ingeniør , lege
Institusjonar Universitetet i Bologna
Universitetet i Pavia
Alma mater Universitetet i Pavia
Universitetet i Padova
Ektefelle Lucia Banderini
Barn Giovanni Battista Cardano

Girolamo Cardano eller Gerolamo Cardano , latin: Hieronymus Cardanus (fødd  24. september   1501  i Pavia i Italia , død  21. september   1576  i Roma ) var ein matematikar , fysikar , astrolog og gamblar i Italia i renessansen .

Liv og virke [ endre | endre wikiteksten ]

De propria vita , 1821

Cardano er nok mest kjend for oppdagingane sine i algebra . I 1545 skreiv han boka Ars Magna , og her publiserte han løysinga pa likningar av tredje og fjerde grad. Løysinga til ein bestemd tredjegradslikning, hadde han fatt av Niccolo Tartaglia . Tartaglia hadde fatt Cardano til a sverge at han ikkje ville røpe løysinga for nokre, og da han gjorde dette i boka si braut det ut ein langvarig strid mellom dei to. Fjerdegradslikninga vart løyst av studenten til Cardano, Lodovico Ferrari . Begge vart takka i forordet og annanstad i Ars magna . Der gjekk Cardano og inn pa det ein i moderne tid kallar imaginære tal og var i sa mate nyskapande, skjønt han ikkje heilt hadde grepet om dei.

Cardano var i kronisk pengenaud og heldt seg sjølv flytande økonomisk ved evnene sine som gamblar og sjakkspelar . Boka hans om lykkespel, Liber de ludoen aleae , skriven i 1560-ara men ikkje utgjeven før i 1663, lenge etter han var død, inneheld den første systematiske handsaminga om sannsyn og har og ein seksjon om korleis ein kan jukse.

Cardano fann opp eller vidareutvikla ei rekkje mekaniske hjelpemiddel som til dømes kombinasjonslasen , kardansk oppheng bestaande av tre konsentriske ringar som eit kompass eller gyroskop kan rotere fritt i, og det kardanske leddet som tillet overføring av rotasjonsrørsler i ulike retningar, noko som framleis blir nytta i køyretøy. Han kom med fleire bidrag til hydrodynamikken og meinte at det er prinsipielt umogleg a konstruere noko perpetuum mobile anna enn for himmellekamar. Han utgav to naturvitskaplege oppslagsverk med eit vidt spekter av oppfinninagr, faktum og okkult overtru. Han introduserte og kardangitteret , eit kryptografisk hjelpemiddel, i 1550.

Den eldste sonen til Cardano, og favorittsonen hans, vart avretta i 1560 etter at han tilstod a ha forgifta den utru hustrua si. Den andre sonen hans var ein gamblar som sjal pengar fra han, og faren skal deretter ha skore av han øyra. Cardano vart sjølv skulda for heresi i 1570 fordi han hadde utarbeidd og offentleggjort Jesus sitt horoskop i 1554. Det kan synast som om sonen hans bidrog pa sida til aktoratet. Han vart arrestert og matte fleire manader i fengsel, og vart tvinga til a seie fra seg professoraret sitt ved universitetet i Bologna .

Han flytta deretter til Roma , mottok ei livsvarig livrente fra pave Gregor XIII (etter at pave Pius V hadde nekta han ei) og fullførte sjølvbiografien sin. Han døydde pa den dagen han visstnok lengje hadde føresett astrologisk; nokre fortalde at han vart sa ergerleg over at han var i ferd med a overleve dagen at han sørgde for a fa rett i spadomen sin ved a sjølv ta livet sitt.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

  • De malo recentiorum medicorum usu libellus , 1536 ( medisin )
  • Practica arithmetice et mensurandi singularis , 1539 ( matematikk )
  • Artis magnae, sive de regulis algebraicis (ogsa kjent som Ars magna ), 1545 ( algebra )
  • De immortalitate ( alkymi )
  • Opus novum de proportionibus ( mekanikk )
  • Contradicentium medicorum (medisin)
  • De subtilitate rerum , 1550 (om fenomen i naturen)
  • De libris propriis , 1557
  • De varietate rerum , 1559 (om fenomen i naturen)
  • Opus novum de proportionibus numerorum, motuum, ponderum, sonorum, aliarumque rerum mensurandarum. Item de aliza regula , 1570
  • De vita propria , 1576 (sjølvbiografi)
  • Liber de ludo aleae , posthumt (om gambling, handsamar sannsyn)

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]