한국   대만   중국   일본 
Gatunsjøen ? Wikipedia Hopp til innhald

Gatunsjøen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gatunsjøen
innsjø
Skip ma følgje oppmerkte ruter over sjøen, overfløymd skog er framleis til hinder for fri ferdsel.
Land   Panama
Del av Panamakanalen
Kart
Gatunsjøen
9°12′N 79°54′W  /  9.2°N 79.9°W  / 9.2; -79.9
Wikimedia Commons: Gatun Lake

Gatunsjøen (spansk Lago Gatun ) er ein stor kunstig innsjø i Panama . Han er ein viktig del av Panamakanalen , bade som vassreservoar og av di han utgjer 33 km av kanalen.

Sjøen kom til mellom 1907 og 1913, da Gatundemninga blei reist i Chagreselva . Den gongen var dette verdas største jorddemning, og sjøen var verdas største menneskeskapte innsjø. Han har ei overflate pa 425 km² ved ei normal vass-stand pa 26 m over havflata, da er det 5,2 kubikkilometer vatn i sjøen.

Av di nedbøren i Panama er særs variabel gjennom aret, og skipstrafikken gjennom slusene gjer at mykje vatn blir sleppt ut i havet fra sjøen, er forvaltinga av vatnet i sjøen ein viktig del av drifta av Panamakanalen.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]