Gameshow

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gameshow med amerikanske marinegastar

Gameshow er ein type radio- eller fjernsynsprogram der deltakarar konkurrerer om a vinna premiar eller heider og ære. [1] Konkurransane vert gjerne gjennomførte ved hjelp av rundar baserte pa kunnskap, gjetting, fysiske utfordringar eller liknande. Det er store skilnader pa ulike typar slike program i verda, der ein gar fra det enkle spørjeprogrammet Mastermind til meir ekstreme utfordringar.

Gameshow-sjangeren har og vorte ein av dei store eksportartiklane innan tv-konsept, der spesielt amerikanske og britiske konsept har vorte produsert i lokale variantar over store delar av verda. Amerikanske konsept, som til dømes Wheel Of Fortune , har hatt suksess i heimlandet gjennom ei arrekkje.

Norske gameshow [ endre | endre wikiteksten ]

Den fyrste norske gameshowsuksessen var Kvitt eller dobbelt pa NRK som fyrst vart sendt i 1961. Den fyrste suksessen pa ein kommersiell kanal var Casino , som gjekk pa TVNorge med Hallvard Flatland som programleiar.

Mange av dei norske versjonane av denne programtypen er basert pa konsept laga i andre land. Døme pa dette er Vil du bli millionær? , Deal or No Deal med fleire.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪gameshow - Det Norske Akademis ordbok≫ . www.naob.no (pa norsk) . Henta 9. februar 2020 .