한국   대만   중국   일본 
Frits Thaulow ? Wikipedia Hopp til innhald

Frits Thaulow

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Frits Thaulow

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. oktober 1847
Christiania
Død

5. november 1906 (59 ar)
Volendam

Yrke kunstmalar , grafikar , biletkunstnar , grafikar , landskapsmalar
Sjanger landskapsmaleri
Far Harald Conrad Thaulow
Ektefelle Alexandra Thaulow , Ingeborg Charlotte Gad
Born Else Frohlich , Harald Thaulow
Frits Thaulow pa Commons

Frits Thaulow , fullt namn Johan Fredrik Thaulow , ( 20. oktober   1847 5. november   1906 ) var ein norsk malar knytt til realismen . [1] Internasjonalt var han ein av dei mest kjende norske 1800-talskunstnarane.

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Thaulow var fødd i Kristiania. Ara 1870-72 gjekk han pa kunstakademiet i København , deretter var han fra 1873 til -75 elev av Hans Gude i Karlsruhe . Dei følgjande ara budde han for det meste i Paris , der han tok avgjerande inntrykk fra dei franske impresjonistane .

I 1880 vende Thaulow tilbake til Noreg som overbevist naturalist . Saman med Christian Krohg og Erik Werenskiold vart han ein av leiarane i striden som dei unge kunstnarane førte for eit romslegare norsk kunstmiljø. Thaulow var mellom anna med pa a etablere den første Høstutstillingen i 1882 .

I 1892 slo han seg ned i Frankrike , og han besøkte USA i 1898. Fra same aret busette han seg i Paris, der han vart ein kjend figur. Han vann internasjonalt ry, mellom anna gjennom a fa verk utstilt pa den prestisjetunge Parissalongen.

Mange av Thaulows mest kjente norske motiv er fra Asgardstrand , der ein sentral plass er oppkalla etter han.

Thaulow vart tildelt ei rad norske og utanlandske ordenar for malarkunsten sin. [2] Han vart i 1892 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden , i 1905 forfremja til kommandør av 2. klasse ≪for fortjenstfuld Kunstnervirksomhed≫. Vidare var han offiser av den franske Æreslegionen , den italienske Sankt Mauritius' og Sankt Lasarus' orden og av den tunisiske Iftikhar-ordenen .

Han døydde under eit opphald i Volendam i Nederland .

Galleri [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Poulsson, Vidar (17. november 2017). ≪Frits Thaulow≫ . Norsk kunstnerleksikon (pa norsk).  
  2. Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947 , utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 116.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]