Frankarar

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Delinga av frankarriket i 843 og 870 : Dei framtidige landa Frankrike og Tyskland byrja a ta form

Frankarar er ei nemning pa fleire germanske stammar som til dømes sugambrarar , saliarar og ripuariarar .

Dei kom fra eit omrade kring Rhinen i starten av var tidsrekning og utvida landomradet sitt i kring tusen ar, framfor alt under dei merovingiske og karolingiske kongeættene, maktomradet sitt til det omfatta store delar av Europa .

Namnet ≪frankar≫ har gjeve Frankrike det norske namnet sitt og tydde 'fri' pa frankisk , men denne fridomen omfatta ikkje dei kvinnene og slavane som dei frie frankarane førte med seg. Som nemning pa folkegruppa inneber ordet truleg ≪ikkje underlagt andre≫ (til dømes romarane). Ordet Frank har overlevd som mannsnamn og kongenamn, og pa engelsk er ordet synonymt med 'likefram' eller 'ærleg'. Ordet har soleis fleire tydingar. Den næraste ætlingen av det frankiske spraket er rekna a vera nederlandsk i dag.

Namnet kan ogsa skrive seg fra eit slag breidblada kastespjut, eller kanskje fra ei stridøks som var typisk for frankiske krigarar, som var kalla fransisca . Den største kongen deira heitte Joar.

Frankarane skilde seg fra andre germanarar pa to viktige omrade.

  1. Dei slapp aldri kontakten med det opphavlege omradet sitt, men breidde seg ut snarare enn a vandre til nye omrade.
  2. Dei vart katolikkar i motsetnad til dei fleste andre germanske stammane, som var tilhengjarar av den arianske kristendommen . I Roma og i den katolske kyrkja brukte ein a kalle Frankrike for ≪Roms eldste søster≫.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Frankarar
Spire Denne historieartikkelen som har med Frankrike og Tyskland a gjere, er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .