Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Folketeljing
vert gjort med jamne mellomrom i dei fleste landa i verda for a føre statistikk over innbyggjartal og andre
demografiske
tilhøve. Formalet med teljingane var i tidlegare tider a fa betre grunnlag for skatteinnkreving eller betre oversyn over rekrutteringa av soldatar, men statistikk kan brukast til mange ulike formal.
Dei eldste kjende folketeljingane vart haldne i
Babylon
,
Egypt
og i
Kina
2000?3000 f.Kr.
Romerrikets
folketeljingar er kjende fra
Bibelen
, der er dei kalla ≪
manntal
≫.
Pa 1700-talet organiserte mange land i
Europa
folketeljingar, mellom dei
Island
i
1701
,
Sverige
i
1748
og
Danmark-Noreg
i
1769
.
USA
hadde si første folketeljing i
1790
mens
England
og
Frankrike
heldt sine første folketeljingar i
1801
.
I
Noreg
er det gjennomført fullstendige systematiske folketeljingar sidan
1769
. I 1769 vart ogsa kvinnene talde med, berre dei yrkesmilitære er haldne utanfor. I motsetnad til dei eldre manntala inneheld denne teljinga ingen individualopplysningar, berre dei prestegjeldsvise summariske data om alder, kjønn og yrke er tekne vare pa. For
Vefsn
(som da og omfatta
Grane
og
Hattfjelldal
vart namnelistene tekne vare pa, og dei er tilgjengelege gjennom Digitalarkivet.
Pa 1600-talet vart det ført
manntalslister
som berre inneheldt opplysningar om menn eller kvinner som hadde eigen gard.
Ved dei siste folketeljingane har dei kombinert opplysningar pa spørjeskjema med opplysningar fra blant anna
Folkeregisteret
og
GAB
. Den siste folketeljinga i Noreg vart gjennomført
3. november
2001
. Dei registra som finst over befolkning, sysselsetting og bustader er no sa omfattande at styresmaketene meiner det ikkje er naudsynt a gjennomføre fleire skjemabaserte teljingar
Søking etter personar i folketeljingene
[
endre
|
endre wikiteksten
]
Folketeljingane for 1801, 1865, 1875, 1900 er digitalisert av
Digitalarkivet
og
Registreringssentral for historiske data
, og er gjort søkbare pa nettet. For den første folketeljinga, som vart halden i 1769, er dei fleste av namnelistene gatt tapt, slik at berre dei numeriske resultata er tatt vare pa.
- 1769
? 723 618 innbyggjarar
- 1801
? 883 603 innbyggjarar
- 1815
? 885 431 innbyggjarar
- 1825
? 1 051 318 innbyggjarar
- 1835
? 1 194 827 innbyggjarar
- 1845
? 1 328 471 innbyggjarar
- 1855
? 1 490 047 innbyggjarar
- 1865
? 1 701 756 innbyggjarar
- 1875
? 1 813 424 innbyggjarar
- 1891
? 2 000 917 innbyggjarar
- 1900
? 2 240 032 innbyggjarar
- 1910
? 2 391 782 innbyggjarar
- 1920
? 2 649 775 innbyggjarar
- 1930
? 2 814 194 innbyggjarar
- 1946
? 3 156 950 innbyggjarar
- 1960
? 3 591 234 innbyggjarar
- 1970
? 3 874 133 innbyggjarar
- 1980
? 4 091 132 innbyggjarar
- 1990
? 4 247 546 innbyggjarar
- 2001
? 4 520 947 innbyggjarar