Fødselsdag

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jente med fødselsdagskaka si.
Foto: Mathew Ingram
Wir gratulieren zum Geburtstag av Carl Johann Lasch (1822?1888)
Gaver fra ein bursdag.
Foto: Pavel ?evela

Fødselsdag eller (ge)bursdag er nemninga nytta for datoen ein vart fødd , og blir ofte rekna som ein spesiell dag. Særleg i vestleg kultur er det vanleg a markera denne datoen. Fødselsdagar tidleg i livet og i samband med ≪runde≫ tal blir gjerne feira særskilt. Ein kan feira fødselsdagar med til dømes gaver , god mat , selskap , flagging , gratulasjonar og religiøse seremoniar for den som fyller aret.

Andre matar a rekna fødselsdagar pa er ved byrjinga av stjerneteiknet sitt kvart ar, som i hinduisk tradisjon, eller ved kvart nyttar , som i kinesisk.

Fødselsdagsfeiring [ endre | endre wikiteksten ]

I store delar av verda er det vanleg a feira fødselsdagen med gratulasjonar , som blir sagt, sungne eller gjevne pa helsingskort , gaver , som leiker til ungar eller blomar til eldre, god mat, som fødselsdagskake , ein middag bursdagsbarnet har ønska seg eller ein tur pa restaurant . Det er vanleg a ha levande lys pa kaka som bursdagsbarnet skal blasa ut; pa restaurantar bruker ein ofte stjerneskot i staden. Andre symbol pa dagen kan vera flagging eller pynting med ballongar , konfetti og liknande. Ungar feirar ofte dagen med barneselskap .

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Fødselsdagsfeiring har ei lang historie, og er knytt til magi og folketru der gratulasjonar, gavegjeving og andre symbolske handlingar skulle verna bursdagsbarnet mot vonde krefter. Det er framleis vanleg a ønskja fødselsdagsbarnet eit langt liv pa fødselsdagen, som i den svenske fødselsdagssongen Ja, ma han leva [uti hundrade ar]≫.

Storstilte fødselsdagsfeiringar blei truleg spreidde i Europa av romerske soldatar som dyrka Mithras . Feiringa kan ha blitt paverka av mellom anna saturnaliafeiringa . Fram til 300-talet blei feiringa forkasta av kristne som ein heidensk skikk. Før reformasjonen feira ein heller dapsdagen (som namnedag ) enn fødselsdagen sin i dei skandinaviske landa. Fram til 1814 var det berre dapsdagen som vart oppført i dei dansk-norske kyrkjebøkene , ikkje fødselsdatoen. Ein del kristne feirar framleis ikkje fødselsdagar, mellom anna Jehovas vitne .

Markering i hinduismen [ endre | endre wikiteksten ]

I hinduisk tradisjon blir eittarsdagen feira med ein ayusjahomam , eller offerseremoni, for barnet, som ogsa ofte blir snauskalla og/eller far hol i øyrene . Sekstiarsdagen er ogsa ein viktig fødselsdag som blir markert med ein sjasjtiabdapurthi -seremoni som kan innebera at mannen som fyller aret gar gjennom ein ny ekteskapsseremoni med kona si.

Viktige fødselsdagar [ endre | endre wikiteksten ]

Fødselsdagskake for ein nittifemaring.

Nokre fødselsdagar blir rekna som viktigare enn andre. Dette gjeld til dømes eittarsdagen, myndigheitsdagen (til dømes 18 eller 21) og ≪runde tal≫.

Det er tale om ein ≪rund≫ fødselsdag nar alderen kan delast pa 10 eller 25. Runde fødselsdagar pa 25 ar eller meir vert ofte markert gjennom ein større fest. Tiarsfødselsdagar blir ogsa ofte sett pa som viktigare enn vanlege fødselsdagar fordi skilnaden fra til dømes trettiara til førtiara markerer aldringsprosessen .

I hinduisk tradisjon er eittarsdagen ein viktig fødselsdag der ein legg grunnlaget for eit langt og lukkeleg liv. Sekstiarsdagen er ogsa ein viktig fødselsdag fordi ein da er halvvegs til 120, som blir rekna som den perfekte alderen a oppna.

Fødselsdagen til personar ein reknar for viktige blir særskilt feira. Dette gjeld særleg religiøse personar, som Zarathushtra , Krisjna , Jesus og Bahaullah , og herskarar, som i Nederland der ein feirar Koninginnedag til minne om tidlegare dronning Juliana , eller Thailand , der fødselsdagen til kongen er nasjonaldag .

Særskilde fødselsdagar [ endre | endre wikiteksten ]

Viss ein er fødd 29. februar kan ein eigentleg ha fødselsdag berre nar det er skotar , dvs. kvart fjerde ar. I praksis feirar ein likevel dagen anten 28. februar eller 1. mars .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Fødselsdag