한국   대만   중국   일본 
Ewa Kłobukowska ? Wikipedia Hopp til innhald

Ewa Kłobukowska

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ewa Kłobukowska

Ewa Kłobukowska i 1964
Statsborgarskap Polen
Fødd 1. oktober 1946 (77 ar)
Warszawa
Yrke sprintar , friidrettsutøvar
Sprak polsk
Høgd 170 centimeter
Ewa Kłobukowska pa Commons

Ewa Janina Kłobukowska ( fødd  1. oktober   1946 ) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar fra Warszawa , som vann OL-gull pa 4x100 m stafett i 1964 og to EM-gull i 1966.

Aktiv [ endre | endre wikiteksten ]

Kłobukowska tok bronsemedaljen pa 100 meter under sommarleikane 1964 i Tokyo . Pa 4x100 m stafett spurta ho Polen inn til gullmedalje pa tida 44,6 sekundar, tre tidels sekund føre USA pa andreplass. Teresa Ciepły, Irena Kirszenstein og Halina Gorecka hadde sprunge dei tre første etappane.

Under europameisterskapen 1966 i Budapest bytta ho og Irena Kirszenstein pa a ta gull og sølv pa 100 m og 200 m. Kłobukowska tok gullet pa 100 pa same tid som landsmannen, medan Kirsztensin sette europarekord med 23,1 pa 200 m og slo Kłobukowska med tre tidels sekund. Saman sette dei europarekord pa den korte stafetten med 44,4, i lag Elzbieta Bednarek og Danuta Straszynska.

Utestengd [ endre | endre wikiteksten ]

Kłobukowska vart ved Europacupen for lag i Kiev i 1967 utestengd fra a tevle, grunna ein kjønnstest som fann at ho hadde ≪eitt kromosom for mykje≫. Ho la deretter opp. Hadde ho vorte testa eitt ar seinare, hadde ho fatt tevle ved dei olympiske leikane etter ein da hadde kunna pavise at ho er eit sakalla Barr Body-tilfelle, ein person med ein inaktiv X-kromosmon.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]