Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Enrico Caruso
(
25. februar
1873
–
2. august
1921
) var ein verdskjend italiensk
operatenor
. Han opptredde ved store operahus i Europa og Amerika med rollar hovudsakleg fra fransk og
italiensk opera
. Caruso gjorde ogsa rundt 290 opptak som blei gjevne ut pa
grammofon
mellom 1902 og 1920.
Errico Caruso var fødd i
Napoli
i ein lite velstaande familie der faren var metallmekanikar og mora vaskedame. Han var den tredje av sju ungar. Errico gjekk pa skulen men slutta i tiarsalderen for a bli lærling hja ein
fontenemekanikar
, og arbeidde seinare og saman med faren. Mora insisterte pa at han skulle fortsetja utdanninga, og han gjekk pa kveldsskule og fekk noko opplæring av ein prest. Mora Anna Baldini Caruso døydde i 1888. Kort tid seinare gifta faren Marcellino seg pa nytt med Maria Castaldi.
Caruso song ogsa i kyrkjekoret og viste seg a ha ein imponerande stemme. Han byrja opptre som gatesongar, pa kafear og smakonsertar, og fekk opplæring i stemmebruk fra han var 16. Songlæraren hans, Guglielmo Vergine, føreslo at han skulle endra den lokale forma av namnet sitt, Errico, til den standard italienske
Enrico
.