Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Elsa Skarbøvik
, opphavleg
Elsa Hynnekleiv
, (
fødd
3. november
1948
) er ein norsk lærar og politikar fra
Oslo
, som representerte
Vestfold
og
Kristeleg Folkeparti
pa
stortinget
fra 1997 til 2005.
Elsa Hynnekleiv var dotter til ein lektor. Etter a ha gatt
Kristelig Gymnasium
i heimbyen og eitt ar pa Plymouth High School i USA, utdanna ho seg 1968-71 ved Oslo lærerskole. Der tok ho norsk grunnfag, før ho 1971/72 tok kristendom grunnfag ved
Menighetsfakultetet
, ogsa det i heimbyen. Fra 1972 til -85 var ho lærar ved Presterød ungdomsskole i
Tønsberg
. Trearsperioden 1985-88 underviste ho ved 'The Norwegian School' i
Katmandu
i
Nepal
. I 1988 vende Elsa Skarbøvik tilbake tilbake til Noreg og Presterød ungdomsskole. Ho var tilsett ved ungdomsskulen til 2014, fra 2007 som undervisningsinspektør. Inn i mellom studerte ho sosial
pedagogikk
og seinare utdanningsleiing.
Skarbøvik engasjerte seg i politikken for Kristeleg Folkeparti. Ho var fra 1976 til 85 medlem i
Sem kommunestyre
, dei to siste ara som varaordførar. Valperioden 1980-83 var ho ogsa medlem i
fylkestinget
i Vestfold. Stortingsperioden 1985-89 møtte ho nokre veker som vararepresentant fra Vestfold. Etter ho kom heim fra Nepal var ho sentralstyremedlem 1989-91 i Kristeleg Folkeparti. I 1989-90 var Skarbøvik personleg radgjevar for utanriksminister
Kjell Magne Bondevik
. Fra
1997
til 2005 var ho stortingsrepresentant fra Vestfold. Pa Tinget var ho medlem i
Utanrikskomiteen
sa lenge Bondevik var statsminister. Etter
Bondevik I-regjeringa
valde a ga av, var Skarbøvik fra 22. mars 2000 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen til 2005. Ho lukkast ikkje verte attvald hausten 2005, og forlet politikken.