Ekstremveret Per

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Ekstremveret Per var eit uver som raka Sør- Skandinavia 14. januar 2007 med svært kraftig vind . Her til lands var det kysten av Vestlandet som fekk den kraftigaste vinden, med vindstyrke opp i 36 m/s ( orkan ) pa Slatterøy fyr pa Bømlo i Hordaland . Dei fleste skadane kom mellom Haugesund og Bergen , men det var og øydeleggingar pa Austlandet . Fleire hus vart skada pa grunn av tre som bles over ende, tak bles av bade bustadhus og næringsbygg, og mange køyretøy fekk skadar, medan fleire batar i hamner sokk. I Austevoll forsvann 300 000 smaaure fra eit oppdrettsanlegg som følgje av uveret.

Uveret kom berre eit døger etter at frakteskipet MS ≪Server≫ gjekk pa grunn og rivna i to ved Hellisøy fyr pa Fedje . Dette gjorde avgrensinga av oljeutsleppet etter havariet umogeleg, men kan ha hatt ein positiv effekt sidan den grove sjøen meir eller mindre løyste opp olja i sjøen.

Per raka og Danmark og Sverige med stor kraft, og i Sverige mista til og med tre menneske livet.

Ein tropisk orkan hentar energien sin i fra det varme havet, og døyr ut raskt etter han kjem over land, kraftige uver pa vare breiddegrader kan derimot ga langt innover land før dei døyr ut, slik som tilfellet var med Per. Arsaka til dette er at lagtrykk pa vare breiddegrader ikkje hentar energien sin fra det varme havet, men fra polarfronten , som skil den kalde polarlufta fra den varmare lufta i sør. Temperaturskilnaden i ein front inneheld mykje energi, og denne energien vert omdanna til lagtrykk og vind . Den fuktige lufta i frontsoner frigjev energi nar lufta vert omdanna til nedbør , og denne energien vert brukt til a drive lagtrykkssystema. Derfor har det lite a seie om eit kraftig lagtrykk er over land eller hav. Vinden er derimot avhengig av underlaget, og ujamnt underlag, som over land, vil som regel bremse ned vinden, og derfor er ofte vinden kraftigare over sjø enn over land, og sterkare pa opne fjellvidder enn i skogdekka landskap.

Vindobservasjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Slatterøy fyr 36 48 14. januar kl. 01-04
Utsira fyr 32 40 14. januar kl. 01-04
Midtlæger 29 38 14. januar kl. 07-10
Møsstrand 28 38 14. januar kl. 07-10
Lista fyr 27 33 14. januar kl. 10-11
Obrestad fyr 27 33 14. januar kl. 07-10
Kvitsøy 26 33 14. januar kl. 05-06
Krakenes fyr 24 29 14. januar kl. 06-07
Færder fyr 24 35 14. januar kl. 07
Strømtangen fyr 24 33 14. januar kl. 07-10
Torungen fyr 23 29 14. januar kl. 00-01
Svinøy fyr 23 26 14. januar kl. 01-04
Kvamsøy i Hardanger 23 32 14. januar kl. 04-05
Flesland 22 32 14. januar kl. 05-06
Finse 22 29 14. januar kl. 07-10
Sola 21 28 14. januar kl. 07-10
Mandal 19 -- 14. januar kl. 07-10
Fet i Eidfjord 16 28 14. januar kl. 07-10

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]