Ekstremveret Loke

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kart som viser nedbørsmengdene som kom under Loke, fleire stader innanfor Vestlandskysten fekk over 200 mm.
Foto: Meteorologisk Institutt

Loke var eit ekstremver som raka Vestlandet 14. og 15. november 2005 med særs store nedbørsmengder. Dette var det andre ekstremveret denne hausten som raka Vestlandet med store nedbørsmengder. Prognosane viste at det kunne kome mellom 150 og 200 mm pa 24 timar og det vart derfor sendt ut eit ekstremvarsel fra Meteorologisk Institutt.

Aller mest nedbør kom det pa stasjonen Opstveit i Matre i Kvinnherad kommune med 223,0 mm pa 24 timar. Uansett manad var dette den nest høgaste nedbørsmengda som har kome pa eit døgn i Noreg sidan malingane starta i 1867. Noregsrekorden er pa 229,6 mm ved Indre Matre, som ligg like ved, den 26. november 1940 .

Mest regn kom det døgnet fram til morgonen 15. november, men det regna og særs mykje dagen før og fleire stader stader nye rekordar for nedbør over to døgn. Mellom anna fekk Lærdalsøyri 102,2 mm pa to døgn, som var ny rekord, medan Takle , begge i Sogn og Fjordane , fekk 226,5 mm (111,4 og 115,1 mm dei to dagane).

Verknader [ endre | endre wikiteksten ]

Regnveret førte til 50-arsflaum pa Vestlandet, det vil sei flaum som er sa stor at han statistisk sett berre oppstar ein gong kvart 50. ar.

I Asane i Bergen vart eit hus under oppføring tatt av ras. Sju personar vart raka av raset, og av desse omkom ein mann, medan to andre vart lettare skadde. [1] I Jølster vart eit hus pa ein gard delvis knust av eit 50 meter breitt ras. [1] I Fjaler vart eit bustadhus raka av eit steinras. Ingen vart skadde, men 14 personar i omradet vart evakuerte. [1] 15 personar vart og evakuerte pa Voss da eit ras hamna mellom to bustadhus. I Ytre Matre i Kvinnherad , ikkje lang fra Opstveit der dei største nedbørmengdene vart malt, vart ein lave skyve inn i eit bustadhus og tre personar vart innesperra. [1]

Fleire vegar vart stengde pa grunn av ras, mellom anna Rv57 og Rv7 , Rv55 og E39 , medan andre vegar vart stengde pa grunn av overvatn. [2] [3] I Sogn og Fjordane var heile 19 vegar stengde pa grunn av uveret. [4] . Pa E16 førte ras til at begge inngange av Langhelletunnelen mellom Trengereid og Vaksdal vart sperra av jordmassar og 50 bilar vart stengde inne. [1]

Nedbørmalingar [ endre | endre wikiteksten ]

Nedbørsmalingane er gjort mellom kl. 07 den 14. november til kl. 07 den 15. november [5]

Stasjon Kommune Fylke Nedbør (mm)
Opstveit Kvinnherad Hordaland 223,0
Bjørheim i Ryfylke Strand Rogaland 145,7
Nedre Vats Vindafjord Rogaland 117,5
Takle Gulen Sogn og Fjordane 115,1
Sviland Sandnes Rogaland 115,0
Hundseid i Vikedal Vindafjord Rogaland 114,6
Hellandsbygd Sauda Rogaland 107,2
Sauda Sauda Rogaland 106,9
Kvamskogen Samnanger Hordaland 102,1
Lavik Høyanger Sogn og Fjordane 99,5
Haukedal Førde Sogn og Fjordane 89,6
Bergen Bergen Hordaland 88,2
Hatlestrand Kvinnherad Hordaland 87,7
Tyssdal Odda Hordaland 82,5
Sæbø Ørsta Møre og Romsdal 79,0
Litlabø Stord Hordaland 76,7
Skreadalen Sirdal Vest-Agder 75,0
Modalen Modalen Hordaland 72,5
Skei i Jølster Jølster Sogn og Fjordane 72,5
Førde Førde Sogn og Fjordane 72,2
Eik Lund Rogaland 70,8
Daviknes Bremanger Sogn og Fjordane 70,2
Vagsli Vinje Telemark 70,3
Hovlandsdal Fjaler Sogn og Fjordane 67,8
Viksdalen i Gaular Gaular Sogn og Fjordane 66,7
Fiskabygd Vanylven Møre og Romsdal 66,3
Tafjord Norddal Møre og Romsdal 64,5
Brata Skjak Oppland 59,7
Svelgen Bremanger Sogn og Fjordane 59,1
Kinsarvik Ullensvang Hordaland 58,5
Lærdalsøyri Lærdal Sogn og Fjordane 58,1
Ekset i Volda Volda Møre og Romsdal 57,1
Stryn Stryn Sogn og Fjordane 56,1
Nordfjordeid Eid Sogn og Fjordane 55,0
Sirdal Sirdal Vest-Agder 54,3
Eresfjord Nesset Møre og Romsdal 54,3
Kvale Jondal Hordaland 53,9
Finse Ulvik Hordaland 52,9
Sunndalsøra Sunndal Møre og Romsdal 50,3
Verma Rauma Møre og Romsdal 50,2

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 ≪Over 10.000 isolert≫ . Aftenposten. 14. november 2005 . Henta 29. oktober 2008 .  
  2. ≪Komplett kaos i monsterregnet≫ . bt.no. 14. november 2005 . Henta 29. oktober 2008 .  
  3. ≪Monsterregn skaper kaos≫ . vg.no. 14. november 2005 . Henta 29. oktober 2008 .  
  4. ≪Mange stengde vegar i fylket≫ . firda.no. 14. november 2005 . Henta 29. oktober 2008 .  
  5. ≪Nær norgesrekord pa Opstveit i Hordaland≫ . Meteorologisk Institutt. 15. november 2005 . Henta 29. oktober 2008 .  

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]