Egon Krenz

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Egon Krenz

Egon Krenz ( fødd  19. mars   1937 ) er ein tidlegare kommunistisk politikar i DDR , som han leidde etter partifellen sin Erich Honecker fra 18. oktober til 6. desember 1989 .

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Krenz var fødd i Kolberg (no Kołobrzeg i Polen). Familien hans slo seg ned i Damgarten i Nordvorpommern etter at tyskarar blei utviste fra Hinterpommern i 1944.

Politikk [ endre | endre wikiteksten ]

Krenz gjekk inn i Sozialistische Einheitspartei Deutschlands i 1955. Han var lenge leiar av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen i DDR FDJ , og ogsa av barneorganisasjonen Junge Pioniere ( 1971 - 1974 ). I 1989 var han leiar for DDR i tre manader, fram til landet og ≪ jernteppet ≫ braut saman.

Etter den tyske gjenforeninga vart han stilt for retten for brotsverk som hadde hendt under den kalde krigen, spesielt drapa pa personar som freista flykta over muren i Berlin , og for a ha vore ansvarleg for dei vala DDR-regimet hadde manipulert og andre kriminelle aktivitetar. Etter lange rettssaker vart han i 1997 dømd til seks og eit halvt ar i fengsel. Sidan han anka dommen vart han likevel sett fri fra varetekt medan ein venta pa behandlinga av anken. I 1999 stadfesta den tyske høgsteretten dommen. Krenz skildra det som ≪sigersjustis≫ og ≪kald krig i rettssalen≫. 11. januar 2000 avviste forfatningsdomstolen ei klage fra Krenz, og 13. januar byrja han soninga i Berlin-Spandau. Han vart sett fri før tida etter a ha sona i tre ar jula 2003, og etter at ei psykiatrisk undersøking slo fast at det var forsvarleg a sette han fri. Etter frigjevinga slo han seg stilt ned i Dierhagen i Mecklenburg .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]