한국   대만   중국   일본 
Ebro ? Wikipedia Hopp til innhald

Ebro

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ebro
elv
Ebro i Zaragoza
Land   Spania
Nedslagsfelt 80 093  km²
Sideelvar Aragon , Gallego , Segre , Valira ,
Noguera , Noguera Pallaresa ,
Noguera Ribagorcana , Cinca ,
Isabena , Esera , Matarrana
Lengd 910  km
Middelvassføring 426  / s
Kjelde Pico de los Tres Mares i Cantabria
 •  høgd 1 998  moh.
Munning Middelhavet
 •  høgd moh.
Kart
Ebro
43°02′15″N 4°22′12″W  /  43.0375°N 4.37°W  / 43.0375; -4.37
Nedslagsfeltet til Ebro
Nedslagsfeltet til Ebro
Nedslagsfeltet til Ebro
Wikimedia Commons: Ebro River

Ebro ( gresk ?βρο? , latinsk Iberus , spansk Ebro , katalansk Ebre ) er den nest lengste elva i Spania og den mest vassførande med ei lengd pa 910 km . Ho spring ut ved Fontibre (provinsen Cantabria ), renn forbi Miranda de Ebro , Logrono , Zaragoza , Flix , Tortosa og Amposta og munnar ut i eit delta i Middelhavet i provinsen Tarragona .

Namn [ endre | endre wikiteksten ]

Det latinske namnet kan vere i slekt med namnet Iberia og det før-romerske iberarar (og keltiberarar ). Det kan vere i slekt med det moderne baskiske ordet ibar (≪ein slags dal≫).

Dalen til denne elva er staden der handlinga i novella Hills Like White Elephants av Ernest Hemingway gar føre seg.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

I antikken vart Ebro nytta som grense mellom Den romerske republikken (nord) og Kartago (sør) etter utvidingane etter den første punarkrigen . Da Roma i frykt for at Hannibal skulle verte for dominerande pa Den iberiske halvøya gjorde byen Saguntum (langt sør for Ebro) eit protektorat under Roma, sag Hannibal dette som ei aggressiv handling av romarane og nytta hendinga til a utløyse den andre punarkrigen .

Eit av dei første cisterciensar - klostera i Spania, Real Monasterio de Nuestra Senora de Rueda , lag ved breidda av Ebro i Aragon . Byggverket eksisterer framleis og er sterkt knytt til Ebro, sidan ei av dei første vassmøllene i Spania vart bygd her. Klosteret førte og vatn fra Ebro i eit hydrologisk oppvarmingssystem i bygningane.

Elva Ebro var utgangspunkt for eit av dei mest kjende republikanske offensivane under den spanske borgarkrigen i 1938. Offensiven, kjend som slaget ved Ebro , enda i nederlag for dei republikanske styrkane, sjølv om dei oppnadde ein viss suksess i starten.

Deltaet [ endre | endre wikiteksten ]

Ebrodeltaet er eit av dei største vatmarksomrada vest i Middelhavetsomradet med eit areal pa 320 km². Ebrodeltaet har vakse raskt. Dette kan ein sja pa byen Amposta , som var ein hamneby pa 300-talet, og som no ligg godt inn i landet, innanfor munningen til Ebro. Det avrunda deltaet syner balansen mellom sedimentavleiringa fra Ebro og erosjon fra bølgjene i havet.

Det moderne deltaet er eit omfattande jordbruksomrade der det vert dyrka ris , frukt og grønsaker . Ebrodeltaet har og mange strender, myromrade og saltpanner som er habitat for over 300 fugleartar. Ein stor del av deltaet vart erklært ein naturpark i 1983. Eit nettverk av kanalar og vatningsgrøfter for bade jordbruk og bevaring er med pa a oppretthalde dei økologiske og økonomiske ressursane i Ebrodeltaet.

Kjenneteikn [ endre | endre wikiteksten ]

Ebro er den viktigaste elva i Spania med ei lengd pa 928 km og eit nedslagsfelt pa 85 550 km², men den arlege middelvassføringa minka med om lag 29 % pa 1900-talet pa grunn av fleire arsaker. Det vart bygd dammar, vatnet vart nytta til vatning, og dei store vassflatene i reservoara førte til større fordamping enn tilført vatn i form av regn. Denne situasjonen har fatt direkte innverknad pa deltasystemet ved munningen pa grunn av den hydrologiske dynamikken i deltaet vert styrt av vassføringa til elva og ei saltkile fra havet. Nar vassføringa er mellom 300 og 400 m³, kan saltkilen dekke dei nedste 5 kilometrane av estuaret , men nar vassføringa minkar til mellom 100 og 300 m³, kan saltkilen trenge 18 km oppover elva, og med vassføring mindre enn 100 m³ strekkjer saltkilen seg heilt til 32 km fra munningen. I tillegg til den minka middelvassføringa, har reguleringa av elva ført til daglege og sesongbasert variasjon i strøymingsmønsteret.

Den lagare vassføringa har og ført til at elva ikkje set av like mykje sediment som tidlegare. Avsettinga er redusert med meir enn 99 % det siste hundrearet. Denne drastiske reduksjonen i sedimenttransport har ført til auka erosjon av kystlinja. I tillegg søkk deltaet pa grunn av jordsmonnet pressar seg saman og ved tektonisk subsidens .

Ebro in Miranda de Ebro .

Økologi [ endre | endre wikiteksten ]

Ebro Delta naturpark, som dekkjer eit omrade pa 78 km², vart oppretta i 1986 og er internasjonalt viktig. 95 forskjellige fugleartar hekkar i omradet, og fleire overvintrar her, i tillegg til at mange trekkfuglar stoppar her. Ebrodeltaet har den største bestanden av middelhavsmase i verda, med 15 000 par i 2006.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]