EM i fotball 2000

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Deltakarlanda i fotball-EM 2000
Finalemannskapa før avspark, Frankrike til venstre

Europameisterskapen i fotball 2000 var den ellevte europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart for fyrste gong avvikla i to vertsland; Belgia og Nederland . Begge fekk friplass til sluttspelet, som tok til 10. juni i Brussel og vart avslutta i Rotterdam den 2. juli 2000. Frankrike vart europmeister etter finalesiger 2-1 over Italia . Dei 31 kampane vart spelt pa atte arenaer i like mange byar; Charleroi , Liege , Brussel, Brugge , Eindhoven , Arnhem , Rotterdam og Amsterdam . 49 land deltok i kvalifiseringa til meisterskapen.

For fyrste og, til 2015, einaste gong, var Noreg med i europameisterskapen for menn. Dei seksten deltakarlanda i sluttspelet vart fordelt i fire like store grupper. Dei to beste landa i kvar av gruppene gjekk til kvartfinalane. Noreg vart nummer tre i gruppe C, og rauk ut med darlegare malskilnad enn Jugoslavia .

I kvartfinalane vann Portugal , Italia, Frankrike og Nederland over høvesvis Tyrkia , Romania , Spania og Jugoslavia. Begge semifinalane var jamne; Frankrike gjekk til finale pa ein sakalla ≪golden goal≫ av Zinedine Zidane i det 117. minutt, medan Italia vann over Nederland i straffesparktevling.

Savo Milo?evi? fra Jugoslavia og Patrick Kluivert fra Nederland skara kvar sine fem mal.

Gruppespel [ endre | endre wikiteksten ]

Gruppe A [ endre | endre wikiteksten ]

# Lag K S U T Mal ± P
1 Flagget til Portugal Portugal 3 3 0 0 7–2 5 9
2 Flagget til Romania Romania 3 1 1 1 4–4 0 4
3 Flagget til England England 3 1 0 2 5–6 ?1 3
4 Flagget til Tyskland Tyskland 3 0 1 2 1–5 ?4 1

Gruppe B [ endre | endre wikiteksten ]

# Lag K S U T Mal ± P
1 Flagget til Italia Italia 3 3 0 0 6–2 4 9
2 Flagget til Tyrkia Tyrkia 3 1 1 1 3–2 1 4
3 Flagget til Belgia Belgia 3 1 0 2 2–5 ?3 3
4 Flagget til Sverige Sverige 3 0 1 2 2–4 ?2 1

Gruppe C [ endre | endre wikiteksten ]

# Lag K S U T Mal ± P
1 Flagget til Spania Spania 3 2 0 1 6–5 1 6
2 Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Jugoslavia 3 1 1 1 7–7 0 4
3 Flagget til Noreg Noreg 3 1 1 1 1–1 0 4
4 Flagget til Slovenia Slovenia 3 0 2 1 4–5 ?1 2

Gruppe D [ endre | endre wikiteksten ]

# Lag K S U T Mal ± P
1 Det nederlandske flagget Nederland 3 3 0 0 7–2 5 9
2 Flagget til Frankrike Frankrike 3 2 0 1 7–4 3 6
3 Det tsjekkisk flagget Tsjekkia 3 1 0 2 3–3 0 3
4 Flagget til Danmark Danmark 3 0 0 3 0–8 ?8 0

Finalen [ endre | endre wikiteksten ]

Lagoppstillingane til finalistane under fotball-EM 2000

Finalen i Rotterdam 2. juli 2000 vart spelt pa Feijenoord stadion i Rotterdam, med 48 200 tilskodarar til stades. Spissen Marco Delvecchio sende Italia i føringa i det 55. minutt, medan den franske innbyttaren Sylvain Wiltord syrgde for ekstratid da han netta i sluttsekundane. Ein annan fransk innbyttar, David Trezeguet, avgjorde finalen med ein ≪golden goal≫ i det 103. minutt.

Frankrike sitt meisterlag bestod av: Fabien Barthez , Lilian Thuram , Marcel Desailly , Laurent Blanc , Bixente Lizarazu , Patrick Vieira , Didier Deschamps , Youri Djorkaeff , Zinedine Zidane , Thierry Henry , Christophe Dugarry . Sylvain Wiltord kom inn for Dugarry i det 58. minutt, David Trezeguet for Djorkaeff i det 76. minutt og Robert Pires for Lizarazu i det 86. minutt.

Italia mønstra: Francesco Toldo, Gianluca Pessotto, Fabio Cannavaro , Alessandro Nesta , Mark Iuliano, Paolo Maldini , Demetrio Albertini , Luigi Di Biagio, Stefano Fiore, Francesco Totti og Marco Delvecchio. I den andre omgangen kom etter tur Alessandro Del Piero , Massimo Ambrosini og Vincenzo Montella inn i staden for høvesvis Fiore, Di Biagio og Delvecchio.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]