Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sonja
(
fødd
Sonja Haraldsen
,
4. juli
1937
) er dronning av
Noreg
og gift med kong
Harald V av Noreg
.
Sonja blei fødd i
Oslo
som
Sonja
Haraldsen
, dotter til Dagny (
1898
?
1994
) og Karl August Haraldsen (
1889
?
1959
). Ho vart gift med kronprins
Harald av Noreg
29. august
1968
, og vart da kronprinsesse Sonja.
Sonja Haraldsen voks opp pa
Vinderen
i
Oslo
og tok
realskule
-eksamen i
1954
. Ho utdanna seg i kjole- og draktsaum ved Oslo yrkesskule. Deretter reiste ho til
Sveits
og tok eksamen ved
l'Ecole Professionelle de jeunes Filles
i
Lausanne
. Undervisinga omfatta og samfunnsfag, rekneskap og moteteikning. Seinare tok dronninga
artium
som privatist. Etter a ha avlagt eksamen i faga
fransk
,
engelsk
og
kunsthistorie
ved
Universitetet i Oslo
fekk ho tittelen
cand. mag
.
Sonja Haraldsen møtte kronprins Harald fyrste gong i
1959
. Ni ar seinare vart det klart at ho fekk gifta seg med sin utvalde. I mars 1968 kom meldinga om at
kong Olav
hadde gjeve løyve til at kronprinsen fekk gifta seg borgarleg.
Trulovinga
gav støyten til eit ordskifte om
monarkiet
si framtid i Noreg. Motstanden mot at kronprinsen gifta seg borgarleg var langt mindre enn mange hadde frykta. Kronprinsesse Sonja vart fra fyrste stund godteke av folket som medlem av
det norske kongehuset
. Den
29. august
1968
stod bryllupet i
Oslo Domkyrkje
. I høve med vigsla vart kronprinsessa og tildelt Storkrossen av
St. Olavs Orden
.
Da kong Olav V døydde den 17. januar
1991
, overtok kronprins Harald som konge. Sonja vart da den fyrste dronninga i Noreg pa 53 ar. Etter at dronning
Maud av Noreg
døydde i
1938
hadde det ikkje vore ei norsk dronning. Dronning Sonja var med kong Harald da han avla
eid
til forfatninga i
Stortinget
21. januar
1991. For fyrste gong pa 69 ar var ei dronning til stades i Stortingssalen. Seinare har dronninga vore med nar kongen har lese
Trontala
under den høgtidelege opninga av Stortinget. Etter eige ynskje vart kongeparet signa i
Nidarosdomen
i
Trondheim
23. juni 1991.
Som dei andre medlemmane av den norske kongefamilien er dronning Sonja fadder for ei rekkje organisasjonar. I
1982
blei kronprinsessa tildelt
Nansenprisen
, og i 1984 fekk ho
Peer Gynt-prisen
. I 2003 vann Dronning Sonja
Petter Dass-medaljen
≪for a med stoltheit ha vist fram Nord-Noreg≫. I 2005 vart ho tildelt
Holmenkollmedaljen
for innsats for Holmenkollen og skiidrett.
Sonja er den første
dronninga
nokonsinne som har vitja
Antarktis
. Dette skjedde i
2005
, da ho opna ein norsk forskingsstasjon i
Dronning Mauds Land
.
Born:
- Prinsesse Martha Louise
fødd 1971
- H.K.H. Kronprins Haakon
, fødd 1973
- Sonja av Noreg