Det norske riksvapenet

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det norske riksvapenet til bruk i staten, innført 1937, teikna den gong av Hallvard Trætteberg og seinare bearbeidd av Sverre Morken.

Det norske riksvapenet er eit vapenskjold med ei opprett løve i gull pa raud botn. Løva har krone pa hovudet og ber ei gullskjefta sølv øks i framlabbane. Dette motivet vert ofte kalla den norske løva . Oppa skjoldet er det ei kongekrone med bøylar. Over kongekrona troner det kristne korset.

Riksvapenet er eit av dei eldste i Europa , med røter tilbake til 1100- og 1200-talet. [1] Det var opphavleg eit personleg vapen for kongehuset i Noreg .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Gull-løve pa raud botn som norsk kongevapen vart ifølgje Snorre Sturlasson brukt i 1103 av Magnus Berrføtt . Historikaren Gustav Storm konkluderte i 1894 med at Snorre her var uhistorisk, ettersom løva i skjoldmerket til Magnus Berrføtt er ukjend i eldre sagahandskrifter og andre kjelder. Kong Sverre (død 1202) brukte kanskje løve som vapenmerke, og kong Hakon Hakonsson (død 1263) hadde vapen med gull-løve pa raud botn.

I ei engelsk bok fra ca.1250 om Edvard Vedkjennaren vert riksvapenet illustrert i ei teikning av slaget ved Stamford bru som hende i 1066. [2] Det er likevel stor usikkerheit rundt eksistensen til det norske riksvapenet før 1100-talet.

I 1280 la kong Eirik Magnusson til krona og sølvøksa som løva held. Øksa er martyrøksa til Olav den Heilage , vapenet som vart brukt til a drepe han under slaget pa Stiklestad . [3]

Forma til det norske riksvapenet har vorte endra gjennom tidene i takt med skiftande motar innan heraldikken. I seinmellomalderen vart økseskaftet gradvis forlenga, til heile øksa vart oppfatta som ein langskafta hellebard. Skaftet vart og meir og meir krumma for a passe til dei skjoldformene som var populære, og ikkje minst for a fa vapenmerket til a passe som myntbilete. Den framoverbøygde løva som med alle fire føter heldt hellebarden med krumt skaft (≪gyngehesten≫) var eineradande gjennom heile dansketida , til kong Oskar I bestemte riks- og kongevapenet sin utsjanad ved kongeleg resolusjon av 10. juni 1844 . Da vart den kortskafta øksa gjeninnført, men stadig med løva i framoverbøygd stilling, og skjoldforma vart mest firkanta etter heraldiske skikk i tida. Dette var fyrste gong ei offisiell utforming av riksvapenet vart lovfesta.

Etter unionsoppløysinga vart ei ny offisiell vapenteikning innført etter eit utkast av malaren Eilif Peterssen . Den gjekk attende til førebilete fra mellomalderen med ei meir oppreist løve i eit trekanta ≪gotisk≫ skjold. Peterssen sin versjon av riksvapenet vart fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 1905 . Denne versjonen vart brukt bade av kongen og staten til 1937 , da ei ny utforming vart teken i bruk for statlege føremal, teikna av arkivar Hallvard Trætteberg . Kongen heldt likevel fram med 1905-versjonen og brukar han framleis i kongeflagget og kongevapenet.

Utforminga av riksvapenet til statleg bruk vart fastsett ved kongeleg resolusjon av 19. mars 1937 . [4] [5]

Denne resolusjonen er gjeldande enda, og Trætteberg si teikning i rein flatestil, utan naturalistiske detaljar, er med mindre endringar framleis i bruk. Den noverande versjonen av Riksvapenet vart godkjent av kongen 16. desember 1992 . [5]

Etter heraldiske reglar er eikor framstilling av riksvapenet tilleten, sa lenge vapenet er gjenkjenneleg ved a rette seg etter ≪blasoneringa≫ eller vapenskildringa for det norske riksvapenet: ≪Ei upprett gull-løve pa raud grunn med gullkrone pa hovudet og gullskjeft sylvøks i framlabbane≫.

Det norske kongevapenet [ endre | endre wikiteksten ]

Kongen av Noreg har eit eige kongevapen . Berre Kongen kan bruka det norske kongevapenet som sitt kjennetegn, og det er verna mot misbruk ved straffebestemmelsen om offentlege vapen i den norske straffeloven §165. [6]

Før 1905 [ endre | endre wikiteksten ]

Vapenskjoldet til Kong Fredrick IV av Danmark-Noreg , 1699-1730. Her med elefantordenen og dannebrogsordenen representert.

I tidlegare tider var det ikkje noko skilje mellom konge- og riksvapen i Noreg. Det norske riksvapenet vart brukt av kongane pa 1200-talet og var ætte-, konge- og riksvapen, utan skilje mellom konge og stat . Pa 1300-talet vart vapenet kombinert med vapena til andre ættear, da sverreætten si mannslinje døydde ut. I unionstida med Danmark var riks- og kongevapenet firedelt ved eit dannebrogskors med det danske riksvapenet i første felt og det norske i det andre, deretter dei øvrige riksdelane, og kongeslekta sitt vapen i eit hjarteskjold .

Etter Kielfreden i 1814 tok kongen av Sverige det norske riksvapenet inn i sitt svenske konge- og riksvapen , slik at skjoldet vart tredelt med Sverige sine tre kroner øvst, den norske løva i høgre felt og den svenske folkungeløva i venstre felt. Dette vapenet vart ogsa brukt som unionsvapen og kongevapen for dei første felles norske og svenske kongar etter at unionen mellom Sverige og Noreg vart inngatt. At vapenet tydeleg signaliserte svensk overhøgheit og dessutan vart brukt som riksvapen i Sverige, vekkte misnøye i Noreg.

Det norske ønsket om symbol som markerte likestilling mellom statane vart imøtegatt av kong Oscar I . I 1844 vart det innført eit unions- og kongevapen med landa sine riksvapen sidestilt i eit kløyvd skjold, det svenske pa heraldisk høgre side, det norske til venstre, og slekta Bernadotte sitt vapen i hjarteskjoldet. Over skjoldet stod to kongekroner for a visa at kongen regjerte over ein union av to sjølvstendige kongerike. Dette vapenet vart brukt av kongefamilien og for unionelle saker gjennom resten av unionstida til 1905 .

Unionskongevapenet fra 1844 til 1905, innført ved kgl. res. 20. juni 1844.

Etter 1905 [ endre | endre wikiteksten ]

Det norske kongevapenet fra 1905, utforma av Eilif Peterssen .

Det noverande norske kongevapenet vart fastsett ved kongeleg resolusjon av 30. desember 1905 , der det star at kongevapenet bestar av ≪Rigsvaabenets Skjold paa den kongelige hermelinskaabe , der holdes af den norske Kongekrone. Kongevaabenets Skjold er omgivet af St. Olafsordenens Kjede. Kaaben og Kronens Hætte er purpurfarvet .≫

Dette vapenet star i det sakalla riksbanneret som vart laga til kroninga i 1906 , pa kongelege sarkofagar pa Akershus festning , pa nokre medaljar og liknande, og pa menyar og andre trykksaker brukt av kongefamilien.

Kong Olav brukte ogsa eit anna, personleg vapen der riksvapenet star i skjoldet, pa øvre skjoldkant er det ein hjelm og pa hjelmen er det hjelmteikn med ei oppveksande norsk løve med øks. I motsetnad til i mange andre monarki , som Danmark og Sverige, inneheld det norske kongevapenet ingen fargar eller figurar fra vapenet til kongeslekta, ( Oldenborg ), av to gullbjelkar pa raud botn.

I seinare ar er det norske kongevapenet vorte teikna litt om, mellom anna med en ny stilisering av kongekrona. Det heraldiske innhaldet er det same som før: Skjoldet fra riksvapenet omgjeve av ordenskjedet fra St. Olavsordenen , inne i ei hermelinsfora , purpurfarga vapenkappe som øvst har ei kongekrone med bøylar.

Galleri [ endre | endre wikiteksten ]

Riksvapenet i samansette vapen [ endre | endre wikiteksten ]

Statlege verksemder med riksvapenet [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Nasjonalbiblioteket≫ , www.nb.no , henta 8. juli 2022  
  2. ≪Christian Works : Life of St Edward the Confessor≫ , Cambridge Digital Library , henta 8. juli 2022  
  3. Bergskaug, Bente, ≪Riksløven - maktens symbol≫ , www.samlerhuset.no (pa norsk bokmal) , henta 6. februar 2023  
  4. ≪Res. om Noregs riksvapen - Lovdata≫ , lovdata.no , henta 6. februar 2023  
  5. 5,0 5,1 ≪Et symbol pa statsmakt≫ , Stortinget (pa norsk), 22. september 2016 , henta 6. februar 2023  
  6. ≪Almindelig borgerlig Straffelov (Straffeloven) - Tredje Del. Forseelser.1 - Lovdata≫ , lovdata.no , henta 8. juli 2022