한국   대만   중국   일본 
Det kvite huset i Washington, D.C. ? Wikipedia Hopp til innhald

Det kvite huset i Washington, D.C.

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det kvite huset i Washington, D.C.

Arkitekt James Hoban
Opna 1. november 1800
Stil nyklassisistisk arkitektur
Kart
Det kvite huset
38°53′52″N 77°02′12″W  /  38.897777777778°N 77.036666666667°W  / 38.897777777778; -77.036666666667

Det kvite huset ( engelsk White House ) er presidenten i USA sin embetsbustad , og viktigaste arbeidsstad. Namnet vert nokre gonger nytta om presidenten sitt kanselli (administrasjon). Det kvite huset ligg i nordvest i Washington D.C. , pa gateadressa 1600 Pennsylvania Avenue. Bygging av huset vart vedteke i 1790 og president George Washington og byplanleggjaren Pierre L'Enfant valde byggjestaden saman. Arkitekten vart vald i ein konkurranse med James Hoban som vinnar, og grunnsteinen vart lagd den 13. oktober 1792 . James Hoban si formgjeving av huset tok utgangspunkt i Leinster House , eit slott i Dublin . Slottet er seinare vorte hovudsete for parlamentet i den irske republikken . Namnet det kvite huset vart først nytta av president Theodore Roosevelt i 1901 .

Første gong ein president budde i huset var i 1800 . I 1814 , under 1812-krigen , brann huset sa berre ytterveggane stod att, men huset vart atterreist og veggane vart mala kvite for a dekkja over merka etter brannen .

President Richard Nixon matte i 1974 ga av etter Watergate-skandalen . Biletet syner presidentparet medan dei gar mot helikopteret pa plenen utanfor det kvite huset

Fra 1949 til 1952 vart hust renovert av Harry S. Truman . Ein stor del av bygningsverket ≪Det kvite huset≫ er i dag under jorda. Komplekset inkluderer:

  • 132 rom
  • 35 baderom
  • 6 etasjar
  • 412 dører
  • 147 vindauge
  • 28 eldstader
  • 8 trapper
  • 3 heisar
  • ein tennisbane
  • ein bowlingbane
  • ein kinosal
  • ein løpebane
  • eit symjebasseng

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]