한국   대만   중국   일본 
Den tyske novemberrevolusjonen ? Wikipedia Hopp til innhald

Den tyske novemberrevolusjonen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Soldatar med den fanga revolusjonære gisseltakaren Johann Lehner den 3. mai 1919.

Den tyske novemberrevolusjonen er eigentleg ein serie hendingar som skjedde i 1918 - 1919 , og som nadde høgdepunktet sitt i styrtinga av keisaren og grunnlegginga av den veike Weimar-republikken . Som i den russiske februarrevolusjonen i 1917 var det ikkje noko enkeltparti som leidde oppreisten, og arbeidarrad lik dei russiske tok makta over heile landet. Men hendingane heldt fram med a polarisere venstresida , ikkje minst pa grunn av den sosialdemokratiske regjeringa sin bruk av den høgreorienterte militsen Frikorpsa for a sla ned spartakistrevolten fra ytre venstre.

Som den russiske revolusjonen i 1917, skjedde den tyske i ein kontekst av dei katastrofale konsekvensane av første verdskrigen . Da den tyske overkommandoen under general Ludendorff vedgjekk nederlag, utløyste det ei politisk krise som førte til at den liberale prins Maximilian av Baden tok makta. Sjølv om det største arbeidarpartiet, SPD , deltok i regjeringa, viste dette seg a vere utilstrekkjeleg til a stanse opprøret.

Oppreisten begynte i Kiel fra 29. oktober til 3. november 1918, da førti tusen sjøfolk tok over hamna i protest mot eit forslag om a ga til kamp mot den britiske marinen, da dei sag dette som sjølvmorderisk. Den 8. november hadde arbeidar- og soldatrad tatt det meste av det vestlege Tyskland, og la grunnlaget for den sakalla radsrepublikken. Keisar Wilhelm II vart tvinga til a abdisere den 9. november , og det enda det tyske monarkiet , sjølv om monarkismen framleis var sterk i særleg mellom- og overklassen. SPD vart kasta inn i maktposisjon som leiande i den nye republikken , saman med sitt meir radikale motstykke, det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland (USPD).

Men denne einskapsfronten gjekk i oppløysing seint i desember 1918 da USPD gjekk ut av koalisjonen i protest mot det dei sag som SPD sine kompromiss med det kapitalistiske status quo. Dessutan kom det ei ny revolusjonær bølgje over landet i januar 1919, leidd av Det tyske kommunistpartiet (spartakistane). Som svar pa det, engasjerte den sosialdemokratiske leiaren Friedrich Ebert den høgreorienterte og nasjonalistiske militsen Frikorpsa for a sla ned oppstanden. Dei to mest namngjetne offera for denne kontrarevolusjonære operasjonen var spartakistleiarane Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg , som vart drepne den 15. januar 1919. Innan mai manad var den revolusjonære venstresida knust.

Det venstresosialistiske partiet USPD hadde stor oppslutning ved valet i juni 1920 , men vart kløyvd seinare same aret, og mista med det sjansen til a paverke utviklinga. I Tyskland utvikla revolusjonen seg saleis ikkje ut over ein ≪borgarleg-demokratisk≫ fase, og denne fasen skulle ikkje vare lenger enn til 1933 , da Adolf Hitler og nazistane kom til makta. Da vart alle sosialistiske parti forbodne, og dei borgarlege partia vart nedlagde.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • I hovudsak den engelskspraklege wikipediaen

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den tyske novemberrevolusjonen