Den egyptiske revolusjonen
var ein oppreist i
Egypt
fra januar
2011
mot styret til president
Hosni Mubarak
. Gjennom gatedemonstrasjonar, sivil ulydnad og streik i ei rekkje byar vart presidenten og fleire medlemmer av regjeringa hans tvinga til a ga av.
Demonstrasjonane blei utløyste av det vellukka
opprøret i Tunisia
. Trass eit generelt demonstrasjonsforbod blei det gjennom
nettsamfunn
og
flygeblad
mobilisert til masseprotestar den 25. januar, som offisielt var ein dag for a heidra
politiet
i landet. Dei tidlege protestane retta seg mot
politivald
, permanent
unntakstilstand
, feilslegne lover,
arbeidsløyse
, ønske om a auke
minstelønna
, bustadmangel, stigande matprisar,
korrupsjon
, mangel pa
ytringsfridom
og darleg
levestandard
.
[1]
Etterkvart utvida dei krava til a omfatta avgangen til Mubarak og styret hans.
Opprørspoliti, sivilt politi og innleigde bøller brukte hjelpemiddel som taregass, skytevapen, køyretøy og dyr mot demonstrantane. Desse gjennomførte likevel okkupasjonar av
Tahrir-plassen
i
Kairo
og Sidi Gaber-plassen i
Alexandria
, i tillegg til demonstrasjonar ei rekkje andre stader. Etter fleire veker med folkeleg oppstand og
streikar
, og sterkt internasjonalt press mot regimet, kunngjorde den nyutnemnde visepresidenten
Omar Suleiman
at president Mubarak var gatt av den 11. februar. I staden for Mubarak overtok eit militært rad leia av
Mohamed Hussein Tantawi
makta. 13. februar opplyste dei at den upopulære grunnlova var ute av kraft og oppløyste parlamentet, men at regjeringa Mubarak hadde utnemnd ville bli sitjande.
[2]
3. mars gjekk statsminister
Ahmed Shafik
likevel av til fordel for
Essam Sharaf
, ein tidlegare transportminister med større støtte fra opprørarane.
[3]
19. mars godkjende 77 % av veljarane ei grunnlovsendring som la avgrensingar pa presidentembetet.
Fleire hundre døydde under oppstanden og fleire tusen blei skadde. Offisielle tal fra 22. februar oppgav talet pa dokumenterte døydde som 384 og skadde som 6 467.
[4]
Menneskerettsgrupper meiner talet er høgare, ei av dei har dokumentert 686.
[5]
Fleire tusen blei arresterte under oppreisten, mange av dei
torturerte
.
[5]
Luftvapenoffiseren
Hosni Mubarak
blei president i Egypt i 1981, etter attentatet pa den tidlegare militærdiktatoren
Anwar Sadat
. Regjeringstida hans pa 30 ar er den lengste for nokon egyptisk president.
[6]
Mubarak og hans
Nasjonale Demokratiske Parti
(NDP) styrte i praksis Egypt som ein
eittpartistat
ved hjelp av ein vedvarande unntakstilstand, tryggingstenester og lover som passa dei.
[7]
Før oppreisten hadde Mubarak ingen visepresident, men fra rundt 2000 hadde han meir og meir byrja førebu landet pa at sonen
Gamal
skulle overta styret etter han.
[8]
Regimet hans fekk militær støtte av
USA
pa grunn av kampen hans mot
islamistar
og den rimeleg vennlegsinna politikken mot
Israel
.
[7]
Samstundes syner dokument fra
Wikileaks
at USA ogsa har støtta demokratirørsla i Egypt med fleire hundre millionar kroner i aret.
[9]
Som resultat av denne tosidige politikken har reaksjonane pa Hosni Mubarak sitt udemokratiske styre vore splitta, og dei fleste tilfella av sosial uro i landet, nar dei i det heile fann stad, fekk sjeldan merksemd i media,
[10]
men den amerikanske støtta til demokratikreftene over tid har medverka til dei demonstrasjonane som kom i januar 2011.
[9]
Ved byrjinga hadde Egypt vore i
unntakstilstand
(Lov nr. 162 av 1958) sidan 1967,
[11]
med eitt enkelt avbrot i 18 manader pa 1980-talet. Under denne lova er politifullmakter utvida, grunnlovsfesta rettar suspenderte og
sensur
tillate.
[12]
Lova innskrenkar kraftig politisk aktivitet for andre enn regjeringa.
Demonstrasjonar
, ikkje-godkjente politiske organisasjonar og uregistrerte pengegaver er formelt forbodne. Rundt 17 000 menneske vart ved utbrotet av oppreisten haldne fengsla under loven, og det finst estimat pa at tal pa politiske fangar var sa høge som 30 000.
[13]
Under unntakstilstanden har regjeringa lov til a fengsle menneske pa uavgrensa tid, praktisk tala utan grunn, og a halde dei fengsla utan rettssak i vilkarleg lange tidsperiodar. Regjeringa hevda mellom anna at islamistiske opposisjonsgrupper som
Den muslimske brorskapen
kan fa makt i Egypt viss den noverande regjeringa ikkje far føresteg i parlamentsval, konfiskerte eigedom fra hovudfinansmennene til gruppa, og arresterte toppfigurane til gruppa.
Under Mubarak sitt regime fekk
korrupsjon
gjennomsyra det egyptiske samfunnet.
Transparency International
, som kartlegg korrupsjon, gav i sin korrupsjonsindeks for 2010 Egypt ein CPI-skar pa 3.1, pa ein skala der 10 er lite korrupt og 0 er svært korrupt. Egypt kom pa 98. plass av dei 178 landa som var med i rapporten.
[14]
Mubarak-familien og fleire partitoppar i NDP har tent seg særs rike pa samanblanding av offentlege og private interesser. Den amerikanske professoren Aladdin Elaasar estimerte verdiane til Mubarak-familien til mellom 50 og 70 milliardar dollar.
[15]
[16]
Den tidlegare partisekretæren Ahmed Ezz skal ha verdiar for rundt 18 milliardar
egyptiske pund
, medan den tidlegare busetjingsministeren Ahmed al-Maghraby skal vera verdt over 11 milliardar egyptiske pund.
[17]
Egypt har hatt eit sterkt folkeauke fra 30 083 419 innbyggjarar i 1966
[18]
til rundt 79 millionar i 2008.
[19]
Mange egyptarar, spesielt dei unge, har hatt problem med a finna seg arbeid og bustad. Mot slutten av 2010 hadde rundt 40 % av innbyggjarane ei dagleg inntekt pa rundt 2 US-dollar. Mange var avhengige av subsidierte varer.
[20]
Problem med arbeidsløyse raka fleire samfunnsklassar. Blant ungdom med høgare utdanning var arbeidsløysa nesten ti gonger sa stor som for folk som berre hadde grunnskuleutdanning. Mange av desse misnøgde utdanna var aktive i protestane.
[21]
Bruk av sivilkledde politistyrker (
ar.
mukhabarat
) og innhyrte bøller (
baltageya
), finansiert av regjeringspartiet, har vore eit kjennemerke pa Mubarak-regjeringa.
[22]
Den egyptiske menneskerettsorganisasjonen
har dokumentert 567 tilfelle av tortur, blant dei 167 dødsfall, utførte av politiet mellom 1993 og 2007.
[23]
6. juni døydde
Khaled Mohamed Said
under omstridde omstende i
Sidi Gaber
i
Alexandria
.
[24]
Augevitne fortalde at han var blitt slegen ihjel av politiet. Familien blei fortald av styresmaktene at han hadde blitt kvelt av ein stor dose narkotika.
[25]
25. juni det aret leidde
Mohamed ElBaradei
ein demonstrasjon i Alexandria mot denne pastatte mishandlinga fra politiet, og vitja Saeed sin familie for a kondolera.
[26]
Unge egyptarar sette opp to
facebookgrupper
pa arabisk og engelsk kalla ≪Me er alle Khaled Said≫ i protest mot valden. Den anonyme administratoren pa eine gruppa,
Wael Ghonim
, blei seinare ein kjend person under oppreisten.
[27]
Medlemmer av reformrørsla
6. april-ungdommen
, som
Asmaa Mahfouz
, engasjerte seg ogsa for saka.
Vilkar for demokrati og ytringsfridom
[
endre
|
endre wikiteksten
]
Styret i Egypt var framstilt som demokratisk, med val av nasjonalforsamling og i eit høve president. I praksis vann likevel alltid Mubarak og NDP alle vala, medrekna
folkeavstemmingar
om grunnlovsendringar. Det var vanskeleg a registrera seg for a stemma, og stemmelokale kunne stengast vilkarleg. Opposisjonsparti kunne bli forbodne og kandidatar truga eller fengsla, noko som til dømes gjekk ut over
Den muslimske brorskapen
. Kort tid etter at kandidaten for El-Ghad-partiet
Ayman Nour
vann oppslutting ved det første ≪opne≫ presidentvalet i 2005, blei han fengsla skulda for
falsk
.
[28]
[29]
I løpet av dei siste ti ara under Mubarak fekk egyptarar tilgang til nye, private media i tillegg til dei statlege. Sjølv om desse til ei viss grad var kontrollerte av regimet, uttrykte mange av dei misnøye med ulike sider ved det egyptiske samfunnet.
[30]
I tillegg voks det fram sakalla ≪nye media≫, som
bloggar
, som styresmaktene vanskeleg kunne kontrollera. Bloggarar og aktivistar som prøvde protestera mot regimet blei ofte mishandla og fengsla, men makta likevel a bygga opp nettverk av misnøgde.
[31]
Slike internettaktivistar kunne spreia informasjon om problem som politivald og hindring av frie val eller arbeidarprotestar til ein vid skare.
[32]
14. januar gjekk president
Ben Ali
i Tunisia gjekk av etter veker med protestar. Den tuiniske oppstanden hadde byrja etter at
Mohamed Bouazizi
brende seg sjølv til døde i protest mot behandling fra styresmaktene. 17. januar sette ein egyptar fyr pa seg sjølv framfor
det egyptiske parlamentet
.
[33]
Seinare prøvde rundt fem andre og a brenna seg sjølv.
[34]
Fleire ≪ungdomsgrupper≫ oppfordra i dagane fram mot 25. januar, ein dag som var
nasjonal politidag
til minne om heltemodig innsats av politiet under
det britiske styret
. I staden oppfordra grupper som ≪Me er alle Khaled Said≫ og
6. april-ungdommen
egyptarar til a gjera dagen til ein dag for ≪vreide≫ og ≪opprør≫ der dei skulle ≪krevja rettene sine≫ i 20 000 flygeblad.
[35]
Asmaa Mahfouz
filma to oppfordringar til a protestera og nadde ut til mange ved a leggja dei ut pa
Facebook
.
[36]
Ei rekkje politiske rørsler og offentlege personar gav si støtte til protestane, men andre grupper oppfordra folk til ikkje a delta, mellom anna
Tagammu
-partiet,
Den muslimske brorskapen
og
Den koptiske kyrkja
.
[37]
Som vanleg var protestane ulovlege, ettersom ein ikkje hadde fatt løyvde til a demonstrera, og styresmaktene varsla at dei ville senda ut tryggingsstyrkar for a stoppa dei og arrestera demonstrantar som til dømes hindra trafikk.
[35]
Avgrensa, lokale protestar hadde allereie vore vanlege tidlegare, men store protestar og opprør som braut over heile landet var noko Egypt ikkje hadde opplevd tidlegare.
[38]
For fyrste gong hadde egyptarar fra alle samfunnslag og med forskjellig sosioøkonomisk bakgrunn teke del i protestar.
[39]
[40]
Organisatorane av demonstrasjonane hadde lagt vekt pa at dei skulle utfalda seg pa fredeleg vis, og ≪fredeleg≫,
salmeya
, var eitt av slagorda deira. Demonstrasjonane byrja fleire stader og i Kairo gjekk dei mot
Tahrir-plassen
-
tahrir
tyder 'frigjering'. Denne første dagen blei dei møtt av politistyrker som danna levande murar mot demonstrantane, men som ogsa brukte
batongar
,
taregass
og
vasskanonar
for a spreia dei. Nokre av demonstrantane svara med steinkasting. I Kairo døydde ein politimann som var blitt raka av ein stein, medan tre demonstrantar blei drepne i
Suez
. Det blei utført fleire hundre arrestasjonar.
[41]
Fleire nettstader, som
Twitter
, og
mobiltelefonar
blei blokkert av styresmaktene, men
Facebook
og
Blackberry
-nettverket blei verande opne.
[42]
[43]
Folk som budde nær Tahrir-plassen opna dei lokale nettverka sine slik at demonstrantar kunne kommunisera med omverda.
[44]
26. januar
eskalerte uroa og valdsbruken, særleg i Suez, der demonstrantar blei skotne med skarpt. Dei svarte med a tenna pa fleire offentlege bygningar, blant dei politistasjonen.
[45]
[46]
Demonstrantar i Kairo blei fjerna fra Tahrir-plassen, men samla seg i staden i Gelaa-vegen like ved. Den amerikanske utanriksministeren
Hilary Clinton
uttalte at protestane var eit høve for den egyptiske regjeringa til a iverksetja ≪politiske, økonomiske og sosiale reformer≫.
[41]
27. januar
blei det meldt fra offisielt hald at seks personar vart drepne og minst 860 demonstranter var arresterte.
[47]
Andre kjelder hevda at meir enn 1 000 var blitt arresterte.
[48]
Ein av dei som forsvann sporlaust var internettaktivisten
Wael Ghonim
, som blei bortført av tryggingsstyrkar den 25. januar. I Sheikh Zoweid i
Sinai
-regionen blei ein uvæpna
beduinardemonstrant
skoten og drepen av tryggingsstyrkar. Drapet blei filma, og blei raskt spreidd.
[49]
Framfor dei varsla demonstrasjonane etter
fredagsbøna
28. januar, som fekk namnet ≪Vreidefredagen≫,
[50]
blei teletenester i landet avbrotne. Det blei meldt at dei største nettleverandørane hadde blokkert trafikk inn i og ut or landet. Mobiltelefon-nettet blei og blokkert, men fasttelefonar blei rapporterte som a fungere.
[51]
Styresmaktene nekta for at dei stod bak dette.
[52]
Politi og militære blei utplasserte for a halda opprøret under kontrol, og det blei rapportert om antiterror-elitestyrker i gatene i Kairo.
[51]
[53]
Fredsprisvinnaren
Mohamed ElBaradei
slutta seg til demonstrasjonane, men blei halden att av politiet saman med ei gruppe av 2 000 demonstrantar som var omringa av politiet.
[50]
Trass i tiltaka kom fleire titusen ut i gatene for a demonstrera, og det braut ut samanstøyt mellom tryggingsstyrkar og demonstrantar fleire stader. I Kairo gjekk fleire tog mot
Tahrir-plassen
. Nokre av dei blei forsøkt hindra i a ta seg over
Qasr al-Nil-brua
, som leier til plassen, men etter a ha pressa mot politi, vasskanonar og taregass i fleire timar kom folkemassen seg over. Film og bilete fra ≪slaget≫ viste mellom anna korleis demonstrantar som knelte og bad blei spylte med vasskanon.
[54]
I den første av fleire rapportar om bilar førte av regimestøttarar som køyrte over sivile blei det fortald at ein politibil køyrte gjennom folkemassen medan han spreidde taregass.
[55]
[56]
[57]
Demonstrantar tok kontroll over mange tryggingskøyretøy, som dei anten gjorde ukøyrbare eller tende pa. Dei omringa utanriksdepartementet og bygningen til statskringkastinga, medan hovudkontoret til NDP blei sett fyr pa.
[58]
Etter a ha blitt utesperra av politiet fra Tahrir-plassen mesteparten av dagen, strøymde demonstantane inn pa ettermiddagen og okkuperte plassen.
[55]
Ein journalist rapporterte at nokre polititilsette tok av seg uniformene og tok del i demonstrasjonane, medan folkemengda jubla til dei som gjekk over pa sida til demonstrantane.
[59]
I
Alexandria
blei fleire demonstrantar og tilfeldige offer skotne. Eit av drapa blei filma og seinare spreidd pa Internett. Det syner ein uvæpna mann som blir skoten pa kloss hald av politiet.
[60]
Demonstrantar tende pa bygningen til guvernementsadminitrasjonen og ei rekkje politistasjonar.
[55]
Suez
opplevde eit dramatisk døgn der det blei meldt om elleve sivile drepne og 170 skadde. Det blei meldt at minst 1 030 var blitt skadde denne dagen i heile landet.
[53]
Det blei innført portforbod i alle byar og alle flyavgangar fra Kairo blei innstilte.
[61]
Den egyptiske hæren
blei send ut i Kairo, Alexandria og Suez og prøvde a danna ein nøytral buffer mellom politi og demonstrantar.
[53]
Innanriksministeren
Habib el-Adly
skal sa ha gjeve ordre til alle politifolk om a trekka seg ut av Kairo, og i staden gje innhyrte bøller i oppdrag a laga uro. Denne kvelden blei ogsa fangar sleppte fri fra fleire fengsel. I løpet av dei neste dagane opplevde byen plyndring og vald, og det blei danna vernande nabolaggrupper. Det blei ogsa danna ein menneskeleg mur rundt
Det egyptiske museet
i sentrale Kairo, for a verna oldsakene der mot plyndrarar.
[62]
29. januar - Første talen til Mubarak
[
endre
|
endre wikiteksten
]
Like etter midnatt talte
Hosni Mubarak
til egyptarane for første gong sidan protestane byrja. Han erklærte at nokre av demonstrantane hadde rettmessige krav, men at demonstrasjonane hadde utarta og truga stabiliteten i landet, og atvara mot framande element.
[63]
Vidare fortalde han at han ville skifta ut regjeringa si. Neste dag utnemnde presidenten etteretningsleiaren
Omar Suleiman
til visepresident, ei stilling han aldri tidlegare hadde besett.
[53]
Luftfartsministeren og den tidlegare sjefen for det egyptiske flyvapnet,
Ahmed Shafik
, blei ny statsminister og fekk i oppdrag a danna ei ny regjering.
[64]
Mubarak gav ingen uttrykk for at han sjølv ville ga av.
[65]
Uroa heldt fram og fleire tusen menneske var ute i gatene i Kairo. Demonstrantane vart skildra av reportarar som meir sjølvsikre enn dagen før, og feira det dei følte var enden pa Mubarak sin presidentskap, men likevel utan handfaste prov pa at dette var i ferd med a skje.
[66]
Klokka 13:00 erklærte hæren portforbod for Kairo, Alexandria og Suez fra klokka 16:00 til 8:00. Portforbodet fra dagen før hadde hatt ≪nesten ingen verknad i det heile≫ ifølgje
Al Jazeera English
, og demonstrantane heldt fram a samlast ved Tahrir-plassen.
[66]
Tilgangen til
Pyramidekomplekset ved Giza
blei stengd pa grunn av omstenda, men turistbyen
Sharm el-Sheikh
blei sagt a vere roleg. Ubekrefta meldingar gjekk ut pa at Mubarak sin familie hadde flykta til England, noko som seinare viste seg a ikkje stemma.
[67]
30. januar:
Tusentals demonstrantar fortsette okkupasjonen av Tahrir-plassen. ElBaradei kom til plassen og talte til folkemengda. Ulike land byrja a evakurera sine statsborgarar fra Egypt, eller rada dei til a forlata landet.
[53]
31. januar:
Hæren gav ei viss støtte til demonstrantane som dei sa hadde legitime krav, og sa at dei ikkje ville bruka makt mot dei. Den nye visepresidenten Omar Suleiman fekk i oppdrag a opna dialog med ≪alle politiske parti≫ om reform av grunnlova.
[58]
Opprørana mot regimet kalla inn til ein ≪millionmarsj≫ mot regimet. Fleire hundre tusen, kanskje over ein million, demonstrerte i Kairo, fleire tusen i Alexandria og andre byar. Mubarak heldt sin andre fjernsynstale. Han sa klart fra at han ikkje kom til a søka gjenval i september og lova grunnlovsendringar. Han ville likevel ikkje ga av med ein gong, slik demonstrantane kravde.
[53]
[58]
2. februar:
Hæren bad demonstrantane om a dra heim ettersom krava deira var blitt innfridde. Opprørarane nekta, ettersom hovudkravet deira, at Mubarak skulle ga av, ikkje var det. Det blei halde mange demonstrasjonar til fordel for Mubarak. I motsetnad til opprørsdemonstrasjonane blei desse viste pa statleg fjernsyn. ≪Bøller≫, folk sende inn av NDP-leiarar, gjekk til atak pa Tahrir-plassen med steinar og slagvapen.
[58]
[68]
Demonstrantane svarte med a kasta stein tilbake og bygde barrikadar. Slaget om Tahrir-plassen heldt fram gjennom dagen. I bilete som gjekk verda over kom ogsa folk ridande inn pa
hestar
og
kamelar
mot demonstrantane. Desse sa seinare at dei var fredelege demonstrantar som var blitt fanga opp av dei voldsame folkemassane.
[69]
3. februar:
Om natta blei det skote mot demonstrantar pa Tahrir-plassen. Minst fem døydde og fleire andre blei skadde.
[53]
4. februar:
Opprørarane innkalla til massedemonstrasjonar pa denne dagen, som blei kalla ≪Avreisedagen≫.
[53]
Det blei send inn fleire militære til Tahrir-plassen, og motstridande gruper blei halde fra kvarandre slik at dagen gjekk fredeleg for seg.
[58]
5. februar:
Fleire leiarar i NDP trekte seg fra partiet, mellom anna presidentsonen Gamal Mubarak.
Hossam Badrawi
fra den liberale fløyen i partiet blei utnemnd til ny partisekretær. I Sinai eksploderte ein gassleiding til Israel i det styresmaktene skildra som eit terroratak.
[53]
7. februar:
Internettaktivisten
Wael Ghonim
blei lauslaten etter at demonstrantane hadde utropt han til sin symbolske talsmann.
[53]
I eit intervju pa den private fjernsynskanalen Dream TV ordsette han bakgrunnen for demonstrasjonane og gret for dei mange som var blitt drepne. Intervjuet inspirerte mange heimesitjarar til a ga ut i gatene neste dag.
[27]
8. februar:
Igjen samla store mengder demonstrantar seg. I Kairo byrja ein okkupasjon utanfor nasjonalforsamlinga, i tillegg til Tahrir-plassen, der mange demonstrantar no hadde fatt seg telt. Omar Suleiman erklærte at styresmaktene ikkje ville finna seg i langvarige protestar. Han erklærte ogsa at regimet ville setja i gang arbeid med ei rekkje endringar av grunnlov og lovverket elles.
[53]
9. februar:
I den avsidesliggjande oasebyen
Wadi al-Jadid
blei det meldt at fleire demonstrantar var blitt skotne av politiet i løpet av protestar dagen før og gjennom natta. Helsepersonell meldte om fem døde og hundre sara. Fleire fagforeiningar gjekk ut i streik og gjennomførte demonstrasjonstog i ei rekkje byar. Nokre kravde betre løn, andre at Mubarak skulle ga av.
[53]
10. februar - Tredje talen til Mubarak
[
endre
|
endre wikiteksten
]
Statsminister Shafik utnemnde ein komite som skulle undersøka ≪ulovleg praksis≫ i samband med opprøret. Den einaste nye personen i den nyutnemnde regjeringa, kulturminister
Gaber Asfour
, trekte seg, offisielt av helsegrunnar. Tre tidlegare ministrar fekk forbod mot a reisa fra landet og eigedelane deira blei frosne. Tryggingssjefen i Wadi al-Jadid fekk sparken og politioffiseren som gav ordre om a skyta pa demonstrantar blei arrestert.
[53]
Leiande egyptarar ga uttrykk for at Mubarak kom til a ga av denne dagen. Store folkemengder samla seg i byane, klare til a feira. Da Mubarak i den etterlengta tredje talen sin sa at han framleis ville sitja som president fam til valet i september, men overføra noko av makta si til visepresidenten, reagerte folk med sinne. Dei hytta i veret med
skorne
sine og marsjerte mot fleire bygningar: Presidentpalassa i Kairo og Alexandria og hovudbygningen til statskringkastinga, Maspero, i Kairo.
[53]
11. februar:
Fleire grupper gjekk ut i streik og titusenar demonstrerte mot regimet. Tidleg om kvelden kom Omar Suleiman med ei kort kunngjering om at presidenten hadde gatt av. Det øvste radet av leiarane i hæren hadde mellombels teke over makta, medan Mubarak og familien hadde drege til Sharm el-Sheikh.
[53]
[58]
13. februar oppløyste det nasjonale militærradet nasjonalforsamlinga og oppheva grunnlova. Radet sa i ein fjernsynstale at det ville sitja ved makta i seks manader og arbeida for a byggja ein fri demokratisk stat, med eit sivilt styre og ei ny grunnlov.
[70]
Militæret oppfordra folk til a slutta med demonstrasjonar og streikar. Tahrir-plassen blei opna for trafikk att og telta fjerna. Mange demonstrantar forlet plassen eller blei fjerna, men nokre tusen kom att dagen etter.
[53]
Men hæren stod ogsa bak antidemokratiske handlingar: I samband med fjerninga av demonstrantane, og ved fleire andre høve, samarbeidde dei med sivilkledde politifolk, arresterte fredelege demonstrantar, torturerte dei og stilte sivile for
militærdomstolar
.
[71]
Regjeringa utnemnd av Mubarak, bortsett fra ministrar under etterforsking, blei sitjande. Viktige delar av maktapparatet, som Nasjonale Demokratiske Partiet og dei statlege tryggingstenestene, heldt fram a fungera. Den 3. mars gjekk statsminister
Ahmed Shafik
likevel av etter eit kjensleladd debattprogram pa fjernsyn kvelden før.
Essam Sharaf
, ein tidlegare minister som hadde trekt seg fra regjeringa i 2005, blei utnemnd til ny statsminister.
[70]
4. mars byrja eit folkeleg opprør mot tryggingstenestene. I Alexandria stoppa folk menn som kom ut av hovudkvarteret til tryggingstenestene med fulle søppelsekkar og fann makulerte papir oppi dei. Dei byrja ein demonstrasjon utanfor hovudkvarteret og klarte etterkvart, med hjelp fra hæren, a ta seg inn. Etter dette marsjerte folk i heile Egypt mot tryggingsbygningar, og fann ei rekkje døme pa brenning eller makulering av dokument og fjerna harddiskar. Av materiale som var att fann ein ei rekkje døme pa overvaking. Fangar blei funne og sleppte fri og bygningar brende.
[70]
15. mars blei tryggingstenesta nedlagd.
[72]
Eit grunnlovsutval la fram forslag til endringar i grunnlova som mellom anna omfatta korta ned presidentperiodane fra seks til fire ar, og avgrensa kvar president til maksimalt to periodar. Det blei ogsa stilt krav om at dei matte utnemna ein visepresident. Embetet skulle avgrensast til personar over førti og dei matte ikkje vera gifte med ikkje-egyptarar.
19. mars gjekk egyptarane til røysteurnene over dei føreslegne endringane i grunnlova. Røystinga hadde ei oppslutting pa 41,2 %, og mange veljarar deltok for første gong.
[73]
[74]
Endringane blei godkjende av 77 %.
[75]
- Den europeiske unionen
sin
utenrikspolitiske sjef
Catherine Ashton
sagde at dei egyptiske myndigheitene burde lytte til folket, handtere problema deira og respektere retten deira til a demonstrere. Ho oppfordra dei egyptiske myndigheitene til ≪a respektere og verne den retten som egyptiske statsborgarar har til a manifestere sine politiske ambisjonar≫.
[76]
[77]
- SN
sin
generalsekretær
Ban Ki-moon
sagde at verdsleiarane bør sja dei egyptiske protestane som eit høve for a fremje dei ≪legitime engstingane≫ som det egyptiske folket har. Han oppfordra og lokale myndigheiter til a avsta fra vald.
Navi Pillay
, høgkommissæren for menneskerettar sagde at frustrasjonane folket gav uttrykk for var forarsaka av plutselege lovendringar. Ho oppfordra den egyptiske regjeringa til a tillate tilgang til
internett
og mobiltenester.
[78]
- Noregs
utanriksminister
Jonas Gahr Støre
≪orsakar djupt at liv er gatt tapa under demonstrasjonane i Egypt≫. Støre oppfordra myndigheitene til a godtake ytringsfridrom og ≪grunnleggjande politiske og økonomiske rettar≫.
[79]
- Sveriges
utanriksminister
Carl Bildt
fordømde myndigheitene si sperring av internett og samanlikna tilfellet med
Burma
i
2007
, da liknande sperring skjedde. Han sagde at sperringa av internett ≪openbert≫ ikkje var noka løysning for situasjonen i landet.
[80]
I løpet av januar valde fleire reisebyra og utenrikstenester i fleire land a frarade reiser til Egypt.
[81]
Norsk UD
≪frarar reiser eller opphald til Egypt som ikkje er strengt naudsynlege≫,
[82]
og liknande melding kom fra det svenske utanriksdepartementet.
[83]
Den
amerikanske
ambassaden i
Kairo
bad sine amerikanske borgarar om a forlate landet sa snøgt som mogleg.
[84]
Tyrkia
valde a evakuere 750 menneske fra landet, og
Folkerepublikken Kina
fraradde reiser til Kairo.
[84]
- ↑
Jailan Zayan (25. januar 2011),
AFP ? Egypt braces for nationwide protests
, AFP, arkivert fra
originalen
4. mars 2011
, henta 25. januar 2011
- ↑
el-Malawani, Hania (13 February 2011),
Egypt's military dismantles Mubarak regime
- ↑
Egypt's prime minsiter quits, new govt soon-army
, Forexyard.com, arkivert fra
originalen
1. mai 2011
, henta 5. mars 2011
- ↑
Egypt’s revolution death toll rises to 384
, Al Masry Al Youm, 22. februar 2011
, henta 22. februar 2011
- ↑
5,0
5,1
Mai Shams El-Din og Safaa Abdoun (March 9, 2011),
≪Death toll 686 since Jan.25 protests, say rights groups≫
,
Daily News Egypt
, arkivert fra
originalen
13. mars 2011
, henta 19. mars 2011
- ↑
≪Egypt: A Nation in Waiting≫
. Henta
15 February
2011
.
- ↑
7,0
7,1
≪Hosni Mubarak≫
,
The New York Times
, 8 March 2010
, henta 25. januar 2011
- ↑
Aziz, Muhammad Abdul and Hussein, Youssef (2002) "The President, the Son, and the Military: Succession in Egypt"
Arab Studies Journal
9/10: pp. 73?88; Bee, Jason (2008)
"The Heir Apparency of Gamal Mubarak"
Arkivert
2012-04-04 ved
Wayback Machine
.
Arab Studies Journal
pp. 36?56
- ↑
9,0
9,1
≪Amerikansk millionstøtte til Mubarak-motstandere≫
Aftenposten 27. januar 2011, vitja 28. januar 2011
- ↑
The US response to Egypt's protests
, CSMonitor.com
, henta 26. januar 2011
- ↑
Law 1958/162 (Emergency Law)
at
EMERglobal Lex
, ein del av Edinburgh Middle East Report. Vitja 2011-01-27.
- ↑
Egypt After 9/11: Perceptions of the United States
Arkivert
2006-07-15 ved
Wayback Machine
. 26. mars, 2004
- ↑
Egyptian Lawyer's Death Triggers Cairo Protests
, Washington Report On Middle East Affairs, July/August 1994
, henta 27. januar 2011
- ↑
CPI 2010 table
, Transparency International, arkivert fra
originalen
25. april 2012
, henta 26. oktober 2010
- ↑
Elaasar, Aladdin (28 January 2011),
≪Egyptians Rise Against Their Pharoah≫
,
Huffington Post
, henta
6 February
2011
- ↑
Egypt's Mubarak Likely to Retain Vast Wealth
, ABC News
, henta
5 February
2011
- ↑
Obama optimistic about Egypt as negotiators make concessions
, AHN, arkivert fra
originalen
26. april 2011
, henta
9 February
2011
- ↑
The British Oxford economic atlas of the World 4th edition,
ISBN 0-19-894107-2
- ↑
Central Agency for Population Mobilisation and Statistics ? Population Clock (July 2008)
, Msrintranet.capmas.gov.eg, arkivert fra
originalen
8. september 2010
, henta
25 August
2010
- ↑
AFP (25. januar 2011),
Egypt braces for nationwide protests
, France24, arkivert fra
originalen
1. februar 2011
, henta 29. januar 2011
- ↑
≪The long-term economic challenges Egypt must overcome≫
,
Marketplace
, 1 February 2011, arkivert fra
originalen
4. februar 2011
, henta
1 February
2011
- ↑
David KirkpAtrick; Kareem Fahim (3. februar 2011),
≪Gunfire Rings Out as Protesters Clash≫
,
The New York Times
, henta 3. februar 2011
- ↑
Egyptian police sued for boy's death
, BBC News, 13 August 2007
, henta 3. februar 2011
- ↑
≪Anger on the streets of Cairo≫
,
The National]]
, 13. juni 2010
, henta 13. juli 2010
- ↑
Londono, Ernesto (9. februar 2011),
≪Egyptian man's death became symbol of callous state≫
,
Washington Post
, henta 15. mars 2011
- ↑
≪ElBaradei leads anti-torture rally≫
,
Al Jazeera English
, 26. juni 2010
, henta 13. juli 2010
- ↑
27,0
27,1
Hisham Wyne (March 15, 2011),
Wael Ghonim: The reluctant revolutionary
, gulfnews.com
- ↑
≪The best man always wins≫
,
The Economist
, Jul 15th 2010
- ↑
≪Regression analysis≫
,
The Economist
, Mar 15th 2007
- ↑
≪Democracy's hard spring≫
,
The Economist
, Mar 10th 2011
- ↑
≪Don't be too cheeky≫
,
The Economist
, Oct 21st 2010
- ↑
≪Bloggers may be the real opposition≫
,
The Economist
, Apr 12th 2007
- ↑
Zayed, Dina (16 January 2011),
≪Egyptians set themselves ablaze after Tunisia unrest≫
,
Reuters
, arkivert fra
originalen
11. februar 2011
, henta
12 February
2011
- ↑
Hauslohner, Abigail (20 January 2011),
≪After Tunisia: Why Egypt Isn't Ready to Have Its Own Revolution≫
,
Time
, arkivert fra
originalen
4. februar 2011
, henta
12 February
2011
- ↑
35,0
35,1
≪Security Forces To Deal Strictly with 'Illegal' 25 January Protest≫
,
Al-masry Al-youm
, 23 January 2011
, henta 18. mars 2011
- ↑
Mekay, Emad (11 February 2011),
Arab Women Lead the Charge
, Inter Press Service
- ↑
Afify, Heba (24. januar 2011),
≪Activists Hope 25 January Protest Will Be Start of 'Something Big
'
≫
,
Al-masry Al-youm
, henta 14. mars 2011
- ↑
Dan Murphy (25. januar 2011),
Inspired by Tunisia, Egypt's protests appear unprecedented
, The Christian Science Monitor
- ↑
Kareem Fahim (25. januar 2011),
≪Violent Clashes Mark Protests Against Mubarak’s Rule≫
,
The New York Times
- ↑
Interview with Hossam el-Hamalawy
, Al Jazeera English, 27. januar 2011
, henta 28. januar 2011
- ↑
41,0
41,1
≪Clinton Calls for reform in Egypt≫
,
Al Jazeera English
, henta
26 January
2011
- ↑
Tre drept i uroen i Egypt
, VG, 25. januar 2011
, henta 27. januar 2011
- ↑
≪Protests in Egypt and unrest in Middle East ? as it happened≫
,
The Guardian
, 25. januar 2011
- ↑
Egypt: Night Falls, After Day of Rage
, GlobalVoices, 26. januar 2011
- ↑
≪More Casualties as Protests Escalate in Egypt≫
,
National Post
, 22 December 2010, arkivert fra
originalen
13. mars 2011
, henta
26 January
2011
- ↑
≪Protesters Torch Egypt Police post≫
,
Al Jazeera English
, 27 January 2011
- ↑
≪Egypterne trosser truslene≫
Aftenposten 27. januar 2011, vitja 27. januar 2011
- ↑
≪At least 1000 arrested during ongoing 'Anger' demonstrations≫
,
Al-masry al-youm
, 26. januar 2011
- ↑
≪Drapet som kan fa Egypt til a eksplodere≫
,
Dagbladet
, 28. januar 2011
, henta 28. januar 2011
- ↑
50,0
50,1
≪ElBaradei holdes tilbake av politiet i Egypt≫
Aftenposten 28. januar 2011, vitja 28. januar 2011
- ↑
51,0
51,1
Internet, phones down as Egypt braces for protests
, Yahoo News/Associated Press, 28. januar 2011, arkivert fra
originalen
30. januar 2011
, henta 28. januar 2011
- ↑
≪Egypt tense ahead of protests≫
,
Al-Jazeera English
, 28. januar 2011
- ↑
53,00
53,01
53,02
53,03
53,04
53,05
53,06
53,07
53,08
53,09
53,10
53,11
53,12
53,13
53,14
53,15
Timeline: Egypt's revolution
, Al Jazeera, 14 Feb 2011
- ↑
≪In Photos: Qasr al-Nil Bridge battle≫
,
Al-Masry Al-Youm
, 8/01/2011
- ↑
55,0
55,1
55,2
≪Protests in Egypt - as they happened≫
,
The Guardian
, 28. januar 2011
- ↑
Mohamed Elmeshad (Sun, 13/03/2011 - 13:44),
Revolution realization: The deaf and mute protest
- ↑
Ahmad Barqawi (10 February 2011),
≪Egypt's revolution through a million eyes≫
,
The Electronic Intifada
- ↑
58,0
58,1
58,2
58,3
58,4
58,5
Egypt protests: Key moments in unrest
, BBC News, 11 February 2011
- ↑
Military Deploys in Cairo Amid Growing Protests, Mubarak Addresses Nation
, PBS, 28. januar 2011
- ↑
Shocking 'Egypt images' emerge
, Aljazeera English, 06 Feb 2011
- ↑
≪Curfew in cities as army deployed≫
,
BBC News
, 28. januar 2011
, henta 28. januar 2011
- ↑
Sallie Pisch (Feb 6th, 2011),
≪Egyptians come together in time of crisis≫
,
Bikyamasr
, arkivert fra
originalen
27. februar 2011
, henta 19. mars 2011
- ↑
Transcript: Egyptian President Hosni Mubarak Speech January 10, 2011
, clipsandcomment.com, 10. februar 2011, arkivert fra
originalen
14. mars 2011
, henta 18. mars 2011
- ↑
≪Mubarak har utnevnt ny statsminister≫
,
VG Nett
, 29. januar 2011
, henta 29. januar 2011
- ↑
Updates on Friday’s Protests in Egypt
, NYTimes.com, 28. januar 2011
, henta 29. januar 2011
- ↑
66,0
66,1
Breaking News. Al Jazeera English. 29. november 13:00 egyptisk tid
- ↑
≪Rykteflom om at Mubaraks familie skal ha flyktet≫
VG Nett 29. januar 2011, vitja 29. januar 2011
- ↑
Ali Abdel Mohsen (18/03/2011),
Thug life: Pro-Mubarak bullies break their silence
- ↑
Mubarak backers charge camels towards Tahrir: witness
, Reuters, 2. februar 2011
,
Richard Spencer (05 Feb 2011),
≪Egypt protests: camel and horse riders who invaded Tahrir Square say they are 'good men
'
≫
,
The Telegraph
- ↑
70,0
70,1
70,2
Ahdaf Soueif (8 March 2011),
In Egypt it was silence or shouting. Now it's a great conversation
, guardian.co.uk
- ↑
Liam Stack (March 17, 2011),
≪Complaints of Abuse in Army Custody≫
,
New York Times
- ↑
Damien McElroy (15 Mar 2011),
≪Egypt dissolves hated state security agency≫
,
The Telegraph
- ↑
Egyptians vote in landmark referendum
(video). Al-ahram online.
- ↑
The Associated Press (March 19, 2011 16:50 IST),
Historic polls in Egypt after Hosni Mubarak's ouster
, NDTV
- ↑
≪Egypt referendum strongly backs constitution changes≫
,
BBC News
, 20. mars 2011
- ↑
Roee Nahmias (26. januar 2011 kl. 19:07),
Egypt clashes: 860 protestors arrested
(pa engelsk), YNetNews.com
, henta 30. januar 2011
- ↑
EU urges Egyptian authorities to respect right of citizens
(pa engelsk), Kuwaitobserver.com, 26. januar 2011 kl. 06:15, arkivert fra
originalen
22. november 2011
, henta 30. januar 2011 kl. 18:48
- ↑
UN warns Egypt of rights violations
(pa engelsk), 28. januar 2011
, henta 30. januar 2011 kl. 18:58
- ↑
Situasjonen i Egypt
(pa norsk), Utenriksdepartementet, 28. januar 2011
- ↑
Foreign Minister Carl Bildt on the events in Egypt
(pa engelsk), Det svenske utenriksdepartementet, 28. januar 2011
, henta 30. januar 2011 kl. 19:14
- ↑
Gjermund Glesnes (30. januar 2011 kl. 14:54),
≪Turoperatørene henter hjem alle fra Egypt≫
,
VG
(pa norsk)
- ↑
Utenriksdepartementet (30. januar 2011),
Offisielt reiserad for Egypt
(pa norsk), Landsider.no, arkivert fra
originalen
2. februar 2011
, henta 30. januar 2011 kl. 18:27
- ↑
Oscar Julander (30. januar 2011),
Resor till hela Egypten avrads
(pa svensk)
, henta 30. januar 2011
- ↑
84,0
84,1
Hamza Hendawi; Maggie Michael (30. januar 2011),
≪Egypt's Military Shows Force. Will Protesters Yield?≫
,
Time magazine
, arkivert fra
originalen
1. februar 2011
, henta 30. januar 2011 kl. 19:23