Den amerikanske nasjonalgarden

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Dette omgrepet har fleire tydingar .

Nasjonalgarden utgjer ein stor del av USAs militære reserve . Nasjonalgarden vart etablert ved militsloven av 1903, som samla dei ulike delstatsmilitsane i ein nasjonal struktur. Nasjonalgarden blir styrt av kvar enkelt delstat, med mindre militsane blir kalla inn til føderal teneste. Nasjonalgarden ma ikkje forvekslast med reservestyrkane til kvar av dei føderale forsvarsgreinene.

Nasjonalgarden bestar av to greiner. Armenasjonalgarden inngar i den amerikanske armeen og utgjer omkring halvparten av den staande hæren og ein tredel av støtteorganisasjonen. Flynasjonalgarden inngar i det amerikanske flyvapenet . Begge blir administrert pa nasjonalt niva av Nasjonalgardebyraet, som er ein felleskommando for Armedepartementet og Flyvapendepartementet.

Nasjonalgarden er kjent for slagordet sitt i annonser: ≪Ei helg i manaden, to veker i aret≫. Dette viste til tida ein person matte vere i aktiv teneste i Nasjonalgarden for a kunne vere nasjonalgardist, med dei ytingane det medfører. Slagordet vart likevel forkasta under krigen i Irak da det vart klart at nasjonalgardister no var monaleg meir tid i aktiv teneste.

Før terrorangrepet 11. september 2001 var det etablert praksis at gardistar ikkje trong a tenestegjere meir enn seks manader i utlandet til ei kvar tid. Pa grunn av pakjenninga pa aktive avdelingar etter angrepet vart tenestetida utvida til 18 manader. Ytterlegare belastningar pa militære styrkar som resultat av invasjonen av Irak medførte at den moglege tenestetida i utlandet vart utvida til 24 manader.

Avdelingar i Nasjonalgarden kan mobiliserast til ei kvar tid pa ordre fra presidenten for a supplere dei regulære militære styrkane, og ved frasegn om unntakstilstand fra guvernøren i delstaten der avdelinga høyrer heime. I motsetnad til vanlege reservistar kan nasjonalgardister ikkje mobiliserast individuelt (unntatt ved frivillig overføring), men berre som del av den respektive avdelinga.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Gjennom heile det 19. hundrearet var den regulære armeen liten, og militsane utgjorde brorparten av styrkane under den meksikansk-amerikanske krigen , starten pa den amerikanske borgarkrigen og den spansk-amerikanske krigen . I 1903 vart delar av militsen organisert som ein reservestyrke for den amerikanske armeen, under namnet Nasjonalgarden. I første verdskrigen utgjorde Nasjonalgarden 40 prosent av dei amerikanske divisjonane i Frankrike . I andre verdskrigen danna Nasjonalgarden 19 divisjonar. 140 000 nasjonalgardister vart mobilisert i Koreakrigen og over 63 000 for golfkrigen .

Etter andre verdskrigen ? da flyvapenet vart utskilt fra armeen ? vart flyavdelingar i Nasjonalgarden organisert som Flynasjonalgarden. Det er ingen marinenasjonalgarde pa grunn av ei forordning i grunnlova som forbyr delstatane a ha krigsskip i fredstid.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelde [ endre | endre wikiteksten ]