Christopher Hornsrud

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Christopher Hornsrud

Fødd 15. november 1859
Øvre Eiker kommune
Død 12. desember 1960 (101 ar)
Statsborgar av Noreg
Parti Arbeidarpartiet
Yrke politikar
Alle verv

Christopher Hornsrud ( 15. november   1859 12. desember   1960 ) var norsk statsminister og ogsa finansminister i den første arbeidarpartiregjeringa i Noreg, Hornsrud-regjeringa fra 1928 . Denne regjeringa var svært kortvarig, berre 18 dagar, men Hornsrud var aktiv pa venstresida i eit langt liv.

Liv og virke [ endre | endre wikiteksten ]

Hornsrud var fra Eiker , og han var gardbrukar . I 1880 var han med og skipa til Venstre-foreininga i Buskerud , han stod pa den radikale fløya i dette partiet. Han var og med og danna ei arbeidarforeining for Buskerud i 1888, og denne gjekk i 1893 over i Arbeidarpartiet .

I sosialdemokratiet kom Hornsrud til a arbeide mykje med jordbrukspolitikken , og alt fra 1902 fekk han gjennom eit jordbruksprogram tilpassa norske tilhøve med mange sjølvstendige smabrukarar , som Hornsrud kalla ≪arbeidarbønder≫. I staden for a ga inn for at heile jordbruket skulle kollektiviserast , ville den norske arbeidarrørsla etter dette forsvare familiebruket mot utbytting fra bankar og mellommenn i omsetningsleddet. Hornsrud har saleis mykje av æra for at arbeidarrørsla her i landet etter kvart fekk mykje større oppslutning fra smabøndene enn mange andre sosialistparti i Europa .

Hornrud var stortingsrepresentant fra Buskerud fra 1912 til 1936. Fra 1928 til 1934 var han visepresident i Stortinget . Ogsa pa tinget arbeidde Hornsrud mykje med jordbrukssaker, attat finans- og skattespørsmal .

Valet i 1927 gjorde Arbeidarpartiet til største parti i landet. Men det var borgarleg fleirtal pa Stortinget. Dei borgarlege partia, Høgre , Venstre og Bondepartiet , var sterkt usamde seg imellom, og da vende Kong Haakon seg til Arbeidarpartiet sjølv om det var ramaskrik i den borgarlege pressa. Trass i indre motsetningar i Arbeidarpartiet om det var rett a gjere det, blei sa Hornsrud-regjeringa skipa først pa aret 1928. Hornsrud var som Olav Oksvik og Johan Nygaardsvold for regjeringsforsøket, bade fordi visse reformer kanskje kunne oppnaast, og fordi dei fleste veljarane til partiet truleg meinte ein matte prøve.

Men regjeringa blei fort felt av det borgarlege stortingsfleirtalet, etter at leiande bankfolk hadde fatt Venstre-leiaren til a setje fram mistillitsforslag . Regjeringa sat dermed berre 18 dagar, fra 28. januar til 15. februar 1928 .

Dette blei sa bruka av dei meir anti-parlamentariske kreftene i Arbeidarpartiet, med Martin Tranmæl i spissen, til blant anna a fjerne prinsippet om folkefleirtalet fra partiprogrammet i 1930 , noko som sikkert bidrog til tilbakeslaget for partiet ved valet i 1930.

Hornsrud kom som Oksvik og Nygaardsvold til sta til venstre innanfor Arbeidarpartiet etter andre verdskrigen . Han var i 1953 med og skipa avisa Orientering , i opposisjon til partileiinga si linje bade utan- og innanrikspolitisk. Det kan verke som eit paradoks at demokratiske og reformistiske sosialistar som Hornsrud, som før krigen hadde vore rekna som tilhøyrande høgrefløya i Arbeidarpartiet, etter krigen klart høyrde til venstrefløya. Spørsmalet er vel om det var Hornsrud eller partiet som hadde endra seg mest.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]