한국   대만   중국   일본 
Bjørg Krane Bostad ? Wikipedia Hopp til innhald

Bjørg Krane Bostad

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Bjørg Krane Bostad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1948 (76 ar)
Yrke embetsmann

Bjørg Krane Bostad (fødd  31. januar 1948 ) er ein norsk organisasjonsleiar og statstenestekvinne, som var leiar i Norsk Kvinnesaksforening fra 1992 til 1994.

Liv og virke [ endre | endre wikiteksten ]

Bostad er utdanna i statsvitskap ved Universitetet i Oslo [1] og var tilsett hos Forbrukarombodet fra 1980. Ho var sentral i oppbygginga av det statlege likestillingsapparatet, som fagansvarlig hos Forbrukarombodet for a handheve det da nye forbodet mot kjønnsdiskriminerande reklame i likestillingslova . Ho var seinare komitesekretær for Stortingets familie- og kulturkomite . [2]

Bostad var aktivt engasjert i Amnesty International , og var styremedlem i Amnesty Noreg fra 1986 til 1990. [3] Ho var ogsa leiar for asylutvalet til Amnesty.

Bostad var 1. nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening  1990?1992 og leiar 1992?1994. [4] Fra 1990 til 1995 var ho ogsa medlem av Utvalet for menneskerettar , eit offentleg utval oppnemnd av Utanriksdepartementet . [5]

Bostad flytta til Sør-Afrika i 2000, der ho eigde eit firma som organiserte safariturar i den sørlege delen av det afrikanske kontinentet . Ho var ogsa ein av initiativtakarane til eit prosjekt for foreldrelause barn i Sør-Afrika. [6]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Stortingsforhandlinger 1983/84, del 3, s. 160
  2. ≪Bjørg Krane Bostad≫ . NKF.  
  3. Amnesty International Norges styrer 1964?2000 Arkivert 2016-09-21 ved Wayback Machine ., Amnesty International
  4. Elisabeth Lønna: Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913 (s. 336), Gyldendal Norsk Forlag , 1996, ISBN 8205244952
  5. ≪Bjørg Krane Bostad≫ . Forvaltningsdatabasen. Arkivert fra originalen 5. august 2016 . Henta 25. mars 2023 .  
  6. ≪Det gode liv pa glanset papir≫, Oppland Arbeiderblad , 7. februar 2002