Birger Kristian Eriksen
(
17. november
1875
–
16. juli
1958
) var ein norsk offiser.
Eriksen var fødd i
Flakstad
i daverande
Moskenes kommune
i
Lofoten
i
Nordland
.
[1]
Han tok
examen artium
i 1893, og gjekk deretter inn pa Krigsskolen. Her vart han uteksaminert i 1896, og gjekk inn som befal ved
infanteriet
. I 1889 gjekk han over i det nyoppretta
festningsartilleriet
, der han vart utnemnd til
kaptein
i 1901 og
major
fra 1915, da han vart kommandant for
Tønsberg befestninger
. Same aret vart han kommandant ved
Agdenes befestninger
, fra 1918 som
oberstløytnant
. I 1931 vart han kommandant for
Bergen befestninger
, da som
oberst
. I 1933 vart han overført som kommandant ved
Oscarsborg festning
.
Eriksen skreiv seg inn i noregshistoria da han som kommandant for det siste festningsverket før
Oslo
matte ta stilling til det tyske ataket morgonen 9. april 1940. Han hadde da fatt meldingar fra
Oslofjord festning
om at framande krigsskip hadde unnlate a stoppe for varselsskot, og heldt fram nordover forbi festninga, altsa med kurs for Oscarsborg. Eriksen vurderte da situasjonen opp mot hans instruks. Hans vurdering var da at dei framande skipa ikkje hadde stoppa for varselskot fra Oslofjord festning, og neste trekk skulle etter instruksen vere a gi retta eld med skarp ammunisjon.
Eriksen slutta ut fra dette at han matte gje eld med skarp ammunisjon utan varsel. Det var dette han gav ordre om da festninga kl. 04.21 gav eld med alt tilgjengeleg artilleri og torpedoar mot det første framande skipet i flotiljen. Dette skipet skulle seinare vise seg a vere den tunge tyske kryssaren
≪Blucher≫
.
Da ≪Blucher≫ vart oppdaga, skal Eriksen ha sagt følgande: ≪Visst fanden skal der skytes med skarpt!
Enten blir jeg stilt for krigsrett eller jeg blir behandlet som krigshelt. Fyr!≫
Resten av flotiljen stansa framfor Drøbaksundet, og landsette soldatane som var meint for Oslo bl.a. i
Son
. Oberst Eriksen forsinka med andre ord den reelle okkupasjonen av Oslo med næmare eitt døgn, og han skaffa dermed Kongen, Regjeringa og
Stortinget
det naudsynte tidsvindauget til a forlate
Oslo
og ta opp motstanden. Forseinkinga gjorde det og mogleg for Noregs Bank a evakuere heile gullbehaldninga pa 48,8 tonn.
Eriksen gjekk av for aldersgrensa i november 1940. Han engasjerte seg ogsa i det sivile samfunnet. Da han tenestegjorde ved Agdenes sat han i kommunestyret i
Rissa kommune
. Han sat og i kommunestyret i
Frogn kommune
, og som pensjonist sat han i
Drøbak
bystyre. Heile tida representerte han
Høgre
.
Etter
andre verdskrigen
vart oberst Eriksen mellom anna dekorert med
Krigskrossen
med sverd,
[2]
den franske utmerkinga
Croix de Guerre
og han blei offiser av den franske ordenen
Æreslegionen
.