한국   대만   중국   일본 
Belarusisk ? Wikipedia Hopp til innhald

Belarusisk

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Belarusisk
беларуская мова, belaruskaja mova
Klassifisering Indo-europeisk
  Slavisk
   Austslavisk
    Belarusisk
Talarar belarusarar
Bruk
Tala i Belarus og Polen
Belarusisktalande i alt 9 000 000 [1]
Skriftsystem Kyrillisk
Offisiell status
Offisielt sprak i Belarus og 12 kommunar i Podlaise-vovoidskapet i Polen
Normert av Det belarusiske vitskapsakademiet
Sprakkodar
ISO 639-1 be
ISO 639-2 bel
ISO 639-3 bel


Utbreiinga av belarusisktalane: ??  Som majoritet ??  Som minoritet

Belarusisk eller kviterussisk [2] er spraket til den belarusiske nasjonen . Det er eitt av dei tre austslaviske spraka , og blir tala i og rundt Belarus (Kviterussland).

Det moderne belarusiske spraket har utvikla seg monaleg sidan det oppstod som ein versjon av rutensk . Denne varianten var offisielt sprak i storhertugdømmet Litauen til 1696 , og blir kalla gammalbelarusisk eller gammalkviterussisk . Den første bibelen prenta pa eit austslavisk sprak var visstnok pa gammalbelarusisk.

Sprakhistorie [ endre | endre wikiteksten ]

Etter stordomstida pa 1500-talet, gjekk krigane pa 1600-talet og følgjene av dei mykje ut over den belarusiske folkesetnaden. Dei attverande utdanna menneska vart tiltrekte av polsk kultur , overklassen tala etter kvart berre polsk , og i 1696 vart polsk offisielt sprak i omradet. Men belarusisk vart framleis tala av bøndene og somme fra adelen som ønskte a vise sympati med vanlege folk.

Etter delingane av Polen i andre halvdelen av 1700-talet vart Belarus ein del av Tsar-Russland . Folk i Belarus kjenner seg nært i slekt med Russland, om dei ikkje ser seg sjølve som russarar, rett og slett.

I folketeljinga i 1897 viste det seg at berre 7,3 prosent av innbyggjarane i byar med meir enn 50 000 menneske sa at belarusisk var morsmalet deira. Denne stoda gjorde at belarusisk fekk namn pa seg for a vere eit ruralt sprak for folk utan utdanning .

Pa 1800-talet og førstninga av 1900-talet var det fa som skreiv pa belarusisk, da bønder flest var analfabetar og bybuarane bruka russisk , polsk eller jiddisch . Det fanst likevel ei rørsle for a vende tilbake til det belarusiske spraket.

Den 25. mars 1918 utropa belarusarar ein sjølvstendig nasjonal republikk , men han vart ikkje langvarig. Det offisielle spraket i denne skulle vere belarusisk. I 1918- 1919 tok sovjetiske styresmakter over kontrollen og skipa Den belarusiske sovjetrepublikken . I 1920-ara kom ein kampanje for gjenreising av nasjonale kulturar, og da begynte noko av administrasjonen og ein del juridiske saker a bli utført pa belarusisk, og eit stort tal med bøker vart prenta pa belarusisk av framstaande belarusiske forfattarar som Yakub Kolas, Yanka Kupala, Zmitrok Biadulia, Maksim Bahdanovich og andre. Det var aktive ordskifte om korleis spraket skulle standardiserast.

Denne prosessen vart stansa og jamvel reversert fra og med 1930-talet . Mange vart skotne eller sende til Sibir . Den ortografiske reforma i 1933 russifiserte stavingsreglane for belarusisk sprak. I 1938 vart russisk obligatorisk i skulane. I 1958 vart foreldra gitt retten til a velje opplæringsmal for barna sine, og etter det begynte stadig fleire a sende ungane sine til russisk-spraklege skular, og talet pa skular med undervisning i belarusisk tok til a minke.

Interessa for belarusisk auka att under perestroikaen pa slutten av 1980-talet. I 1990 vart belarusisk det einaste offisielle spraket i Den belarusiske sovjetrepublikken. Men etter Alexander Lukasjenka vart vald til leiar i Belarus har prosessen med a auke bruken av spraket stansa opp. I 1995 var det ei folkerøysting som mellom anna gav russisk same status som belarusisk att. Somme hevdar at det er ein russifiseringsprosess i landet.

Det største senteret for belarusisk kultur og sprak utanfor Belarus er den polske provinsen Bialystok , som har ein etablert belarusisk minoritet .

Skriftsprak [ endre | endre wikiteksten ]

Belarusisk vert vanlegvis skrive med ein eigen variant av det kyrilliske alfabetet . Det moderne belarusiske alfabetet vart fastsett i 1918, og har trettito bokstavar. Tidlegare hadde ein ogsa skrive belarusiske med latinske bokstavar (Łacinka / Лац?нка), arabiske bokstavar (av lipkatatarar ) og hebraiske bokstavar (av belarusiske jødar ). [3] Det glagolittiske alfabetet var noko brukt fram til 1000- eller 1100-talet.

Det belarusiske alfabetetet med kyrilliske bokstavar:

Аа Бб Вв Гг Дд (ДЖдж ДЗдз) Ее Ёё Жж Зз ?? Йй Кк Лл Мм Нн Оо Пп Рр Сс Тт Уу ?? Фф Хх Цц Чч Шш Ыы Ьь Ээ Юю Яя

Før 1933 hadde det belarusiske alfabetet i tillegg til bokstaven ge (Гг) ogsa bokstaven ghe (??). Nokre belarusiske lingvistar ønsker a ta opp att denne bokstaven. Det finst ulike mater a romanisera bokstavane pa.

Det belarusiske alfabetetet med latinske bokstavar:

Aa Bb Cc ?? ?? Dd (D?d? DZdz) Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Łł Mm Nn ?? Oo Pp Rr Ss ?? ?? Tt Uu ?? Vv Yy Zz ?? ??

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Ethnologue, 2001
  2. ≪Belarus≫ . Sprakradet . Henta 5. august 2022 .  
  3. ≪Belarusian language, alphabet and pronunciation≫ . Omniglot.com . Henta 10. januar 2017 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikipedia pa belarusisk

Wikipedia pa belarusisk (tarashkevitsa)


Spire Denne sprakartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .