avisa Orientering

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Avisa Orientering kom i gang i arsskiftet 1952 - 1953 , og gjekk inn i avisa Ny Tid i 1975 . Grunnen til at den nye avisa kom til, var at mange syntest det var blitt veldig vanskeleg a komme til i pressa elles med synspunkt som var kritiske til NATO og vestleg kapitalisme generelt. Samtidig var dei sosialistane som danna avisa heilt uviljuge til a ga inn i Norges Kommunistiske Parti . Hovudgruppa i " Orienteringskretsen " var folk pa venstre fløy av Arbeidarpartiet , som var misnøgde med den politiske utviklinga i dette partiet og med det dei meinte var mangel pa fritt ordskifte. Dette var folk som Karl Evang , Sigurd Evensmo og Finn Gustavsen . Dei hadde og støtte fra gamle sosialdemokratar i arbeidarrørsla , blant dei Christopher Hornsrud .

Den politiske linja til Orienteringskretsen var eit ≪ tredje standpunkt ≫, verken høgresosialdemokratisk eller kommunistisk , med kritisk haldning til bade Moskva og Washington , eit uavhengig sosialistisk standpunkt.

Ei god stund blei avisa prega av utanrikspolitiske spørsmal, fordi desse stod sa sentralt under den kalde krigen , og fordi Orientering for mange var den ≪einaste raken i isen≫, det einaste organet der den internasjonale stoda kunne diskuterast pa fritt grunnlag. Etterkvart kom ogsa meir innanrikspolitiske spørsmal i fokus, særleg spørsmalet om det kunne utplasserast atomvapen i Noreg. Da landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1961 gjorde programvedtak som syntest a kunne opne for dette, blei Sosialistisk Folkeparti (SF) danna med utgangspunkt i Orienteringskretsen, og med Orientering som uoffisielt talerør for det nye partiet.

Da SF gjekk inn i det nye samlingspartiet SV ( Sosialistisk Venstreparti ) i 1975 , blei bladet nedlagt og oppteke i SV-avisa Ny Tid (no uavhengig venstreorientert).