Arbeidernes kommunistparti
(
AKP
) var eit norsk kommunistisk parti fra
1973
til
2007
. AKP har aldri stilt til val, men oppretta i si tid
Raud Valallianse
saman med andre sosialistiske rørsler og enkeltpersonar, for at RV skulle representere partiet i val. RV vart i 1991 ein sjølvstendig partiorganisasjon, men vart i 2007 slege saman med AKP i det nye partiet
Raudt
.
Akp gav ut tidsskriftet
Rødt!
, tidlegare Røde Fane. Partiet gav og dei siste ara ut ei manadleg gratisavis med namnet
akp.no
. Avisa
Klassekampen
har vore sterkt knytt til partiet, og AKP var fram til nedlegginga av partiet største aksjonær i avisa.
Ungdomsfylkinga til AKP heitte
Raud Ungdom
. Raud Ungdom har no slutta seg til det nye partiet.
Sigurd Allern
var første leiar i partiet.
Foto: Nordiske mediedager, 2015
AKP vart tufta med namnet
≪Arbeidernes Kommunistparti (
marxist-leninistene
)≫ (AKP(m-l))
i
1973
. Partiet sprang ut fra
Sosialistisk Ungdomsforbund
(ungdomsorganisasjonen i daverande
Sosialistisk Folkeparti
). Partiet bygde politikken sin pa ≪
marxismen-leninismen Mao Tsetungs tenkning
≫, og var eitt av dei sterkaste ml-partia i
Europa
pa
70-talet
. Mellom anna avisa
Klassekampen
og
Forlaget Oktober
har opphavet sitt i AKP. Partiet var og ein viktig del av solidaritetsarbeidet for
Vietnam
og
Palestina
og i
kvinnerørsla
.
Pa 70-talet var AKP ein
elitistisk
organisasjon, styrt av ei hard kjerne med djupt overtydde og skulerte marxist-leninistar. I denne gruppa er dei mest kjende namna
Tron Øgrim
,
Sverre Knutsen
,
Sigurd Allern
og
Pal Steigan
.
I boka
≪Pa den himmelske freds plass≫, Aschehoug, 1985
skriv Pal Steigan at ml-rørsla kulminerte i
1978
. Pa denne tida var ungdomsopprøret langt pa veg over, og dei fleste sosialistregima i verda var byrja a rakne. Brotet mellom
Arbeidets Parti i Albania
(som
Mao Tse Tung
tidlegare hadde omtala som ≪det sosialistiske fyrtarnet i Europa≫) og
Kinas Kommunistiske Parti
førte til store og varige splittingar i heile den internasjonale ml-rørsla, men her tok AKP eit klart standpunkt for
maoismen
i
Kina
og fekk ikkje dei same problema med splitting som raka ml-rørsla i t.d.
Danmark
og
Sverige
. Partiet var sterkt knytt til Kina trass i aukande kritikk mot m.a. den kinesiske
kulturrevolusjonen
gjennom
80-talet
. Dei endelege banda til Kina vart brotne etter den store demonstrasjonen pa
Den Himmelske Freds Plass
i
1989
.
AKP støtta ikkje
Sovjetunionen
, slik
Norges Kommunistiske Parti
gjorde. AKP meinte Sovjetunionen etter
Josef Stalin
døydde blei endra til ei farleg imperialistmakt, til liks med USA. Utover 70-talet vart nabolandet rekna som ei sa stor fare at partiet studerte - og gav ut bøker om - tema som
≪Geriljakrigføring i Norge≫
og
≪Slik er Sovjets hær≫
.
Samanbrotet i Aust-Europa mellom
1989
og
1990
sende partiet inn i ei ideologisk krise, trass i at AKP hadde vore krasse motstandarar av desse regima. I samband med det gjorde ein
Raud Valallianse
uavhengig av partiet, og fleire medlemmer valde a satse utelukkande pa RV sitt arbeid i
Stortinget
og i
fylkes-
og
kommunestyre
rundt om i landet. Avisa
Klassekampen
vart og til dels gjort meir uavhengig av partiet.
Pa
90-talet
gjekk partiet gjennom omfattande nyorienteringsprosessar, utan a ga vekk fra det revolusjonære grunnsynet. I
1997
iverksette AKP ei rekrutteringskampanje, hovudsakleg retta mot nye generasjonar. Partiet sa at den hadde ført til ei viss grad av fornying fra den nedovergaande tendensen som hadde gjort seg gjeldande fra slutten av 70-talet.
I
2005
vart det pa Raud Valallianse sitt landsmøte lagt fram forslag om a starta ein prosess for a sla saman RV og AKP. Dette forslaget vart vedteke i bae partia og fekk tilslutnad fra Raud Ungdom. Prosessen førte fram til samanslainga av partia varen 2007, og stiftinga av partiet
Raudt
.