한국   대만   중국   일본 
Ansjos ? Wikipedia Hopp til innhald

Ansjos

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ansjos
Ansjos
Ansjos
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Sildefisk Clupeiformes
Familie: Ansjos Engraulidae
Slekt: Engraulis
Art: Ansjos E. encrasicolus
Vitskapleg namn
Engraulis encrasicolus

Ansjos ( Engraulis encrasicolus ) er ein liten sildefisk som er vanleg i kystnære farvatn i Middelhavet og aust i Atlanteren . Han er lett a kjenne att pa den kjegleforma snuta og dei store augene og kjeften. Arten førekjem ikkje vanleg i norske farvatn, men vert rett som det er patreft sør i Nordsjøen .

I Sør-Europa er ansjosfisket mellom dei viktigaste fiskeria .

Kjenneteikn [ endre | endre wikiteksten ]

Ansjosen har ei langstrekt blagrøn til gra kropp med store skjel som sit laust. Snuta er lang og kjegleforma og kjeften brei - overkjeven gar langt bak auga. Bukfinnane sit lenger framme pa kroppen enn den relativt korte ryggfinnen. Langs sidene har fisken ei sølvblank linje (ikkje funksjonell som sidelinje) som bleiknar nar dyret vert eldre.

Ansjos er ganske sma fisk som sjeldan vert meir enn 15 centimeter. Maksimal levealder er tre til fire ar.

Stimande ansjos.

Levesett [ endre | endre wikiteksten ]

Ansjos lever pelagisk i stim nær kysten, stundom og i lagunar og elveos. Stimane vandrar, med ein tendens til a ga lenger nord og høgare i vassmassane om sommaren. Dei beitar hovudsakleg pa dyreplankton dei tek opp med gjellegitteret sitt, det vil seie ein silaktig struktur som bestar av minst 50 gjellestavar pa dei fremre gjellebogane.

Nar gytinga skjer varierer med utbreiingsomradet til fisken, men det gar føre seg over ein lang periode om sommaren. Egga er ovale, noko som er sjeldsynt mellom fisk, og flyt pelagisk i nokre fa dagar til dei klekker. Særs mange av desse gar tapt, men sidan kvar ho kan gyta opp til 20 000 egg gjer ikkje det sa mykje.

Ansjoslarvar heldt seg relativt høgt oppe i vatnet. Det tek berre eit ar for dei a bli kjønnsmogne, men dei gyter likevel sjeldan meir enn to gongar i løpet av livet sitt.

Norsk ≪ansjos≫ [ endre | endre wikiteksten ]

Ansjos som i Noreg vert omsett som joleansjos , ansjosfilet og liknande, er i røynda brisling som ofte er fiska i norske fjordar.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Hamre, Johannes & Gjøsæter, Harald: ≪Ansjos≫ i Norges Dyr , Cappellen 1992
  • FishBase