한국   대만   중국   일본 
Aminosyre ? Wikipedia Hopp til innhald

Aminosyre

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Ei aminosyre er ei organisk sambinding som inneheld ei aminogruppe ( -NH 2 ) og ei syregruppe ( -COOH ). Aminosyrer kan danna lange kjeder ved at aminogrupper reagerer med syregrupper. Dette vert kalla peptidbinding .

Innan biokjemi omtalar ein gjerne alfa-aminosyrer med det kortare namnet aminosyre . Alfa-aminosyrene har formel NH 2 -CHR-COOH der sidegruppa R kan variera. Desse er intermediat i stoffskiftet , og er spesielt byggesteinar i protein . Alfa-aminosyrene vert inndelte etter dei kjemiske eigenskapane til sidegruppene og korleis dei oppfører seg under fysiologiske forhold (37 °C, pH  7,4).

Generell struktur av alfa-amionsyrer:

  COOH
  |
H-C-R
  |
  NH2

Inndeling [ endre | endre wikiteksten ]

Det er normalt 20 ulike aminosyre som inngar i protein. Av desse er 9 essensielle (ma skaffast gjennom matinntak), medan 11 kan syntetiserast av kroppen. (Tala er ikkje absolutte, da syntesen av enkelte ikkje-essensielle aminosyrer er nært kopla til matinntaket av bestemte essensielle aminosyrer. Spesifikt vert tyrosin danna med utgangspunkt i fenylalanin , medan cystein krev metionin i syntesen. I tillegg er ogsa glysin og arginin essensielle pa vilkar.) Under fylgjer ei anna inndeling av aminosyrene, etter enkelte kjemiske eigenskapar:

Upolar, alifatisk R [ endre | endre wikiteksten ]

Upolar, aromatisk R [ endre | endre wikiteksten ]

Polar, uladd R [ endre | endre wikiteksten ]

Negativt ladd R (sur) [ endre | endre wikiteksten ]

Positivt ladd R (basisk) [ endre | endre wikiteksten ]

Hugsereglar [ endre | endre wikiteksten ]

Dei hydrofobe aminosyrene: PROFET GAV LIM (prolin, fenylalanin, tryptofan, glysin, alanin, valin, leucin, isoleucin og - til ein viss grad - methionin).

Dei hydrofile aminosyrene: SCOTT HALL AGGA (serin, cystein, treonin, tyrosin, histidin, arginin, lysin, asparagin, aspartat, glutamin og glutamat).

Dei ikkje-essensielle aminosyrene: ACG pst... (alanin, arginin, asparagin, aspartat, cystein, glutamin, glutamat, glysin, prolin, serin, tyrosin).

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .