한국   대만   중국   일본 
Schutzstaffel ? Wikipedia Hopp til innhald

Schutzstaffel

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Allgemeine SS )

Schutzstaffel (tysk for ≪verneavdeling≫ eller livvakt) ofte forkorta SS oppstod som ein paramilitær organisasjon knytt til det tyske partiet NSDAP , og utvikla seg etter kvart til ein sentral del av Det tredje riket sitt valdsapparat.

SS var organisert i eigne hæravdelingar, men var utanfor kontrollen til Wehrmacht . Nazistane sag pa SS som ein eliteorganisasjon, danna for a verne partiet og spesielt leiaren Adolf Hitler , gjennom den første avdelinga Leibstandarte-SS Adolf Hitler . Medlemene blei plukka ut pa rasemessige og ideologiske kriterium. SS var ogsa skuldig i ein heil del brotsverk mot menneskeætta, blant anna drifta av konsentrasjonsleirane og massedrapsavdelingane Einsatzgruppen .

I starten av krigen var dei berre pa regimentsniva underlagde vanlege hærdivisjonar. Men etter som krigen utvikla seg og den tyske hæren fekk mindre a seie, klarte nazipartiet a utvide SS-styrkane til divisjonar. SS-divisjonane blei som regel nytta som ≪brannkorps≫ ved fronten, ei høgt mekanisert avdeling i reserve som blei sett inn der fronten svikta. I motsetning til det som er eit vanleg syn hadde SS-divisjonane sjeldan betre vapen og utstyr enn andre einingar; det som gjorde dei til spesielt sterke einingar var først og fremst fanatisme frambringa gjennom politisk indoktrinering.

Dei ikkje-tyske frontkjemparane (nordmenn, danskar, belgiarar, bosniarar osv.) var underlagde Waffen-SS .

Medlemene bar i den første tida same uniform som Sturmabteilung (SA). Seinare blei den illgjetne svarte uniforma innført. Dei hadde SS-symbolet pa jakkeslaget, og i tillegg blei daudinghovudet bruka som kjenneteikn. SS-symbolet var ei gammal germansk rune, som stod for siger.

SS før andre verdskrigen [ endre | endre wikiteksten ]

Forgjengaren til SS blei etablert i 1923 som ei avdeling innan SA . Dei skulle ha ansvaret for a verne framstaande medlemer av nazipartiet pa partimøte og under demonstrasjonar. Den øvste avdelinga blei leidd av Emil Maurice og ho bestod av 8 mann.

Etter det mislykte Ølkjellarkuppet i Munchen i 1923 blei denne livvaktavdelinga og Sturmabteilung (SA) lagde ned for ein periode. Dei blei gjenoppretta i 1925 . Livvaktavdelinga fekk namnet Stosstrupp Adolf Hitler og dei hadde som oppgave a verne Hitler pa partimøte. Same aret blei Stosstrupp Adolf Hitler etablert pa nasjonalt niva i Tyskland. No fekk organisasjonen namnet Schutzstaffel. No skulle dei verne framstaande medlemer av Nazipartiet over heile Tyskland. Hitler var sjølv medlem nr. 1, medan livvakta hans, Emil Maurice , var medlem nr. 2.

Fra 1925 til 1929 var SS berre ein bataljon innan Sturmabteilung. Dei bestod av ca. 280 mann. 6. januar utnemnde Hitler Heinrich Himmler til leiar av SS. Innan slutten av 1933 hadde talet pa medlemer i SS stige til 209 000 mann.

Før 1932 hadde SS-mennene same uniforma som SA. Sidan bar dei ei svart uniform. Like før andre verdskrigen, blei uniforma duegra. Waffen SS bar ei gra uniform ute i felten. Pa slutten av krigen hadde SS pa seg ei kamuflasjefarga uniform.

SS sitt motto var ≪mi ære er lojalitet≫. Rangeringssystemet i SS var basert pa det systemet som SA hadde.

Heinrich Himmler og hans nestkommanderande Reinhard Heydrich konsoliderte makta i SS. Heydrich fekk i oppgave a byggje ut ei etterretningsteneste innan SS som fekk namnet Sicherheitsdienst . Ved byrjinga av andre verdskrigen hadde talet pa medlemer i SS stige til 250 000 mann. SS tok ogsa kommandoen over Gestapo i 1934 . Same aret fekk SS ansvaret for a drive alle konsentrasjonsleirane.

Under krigen [ endre | endre wikiteksten ]

I 1944 hadde SS utvikla seg til ein stor organisasjon som hadde blitt ein stat i staten.

Dei mektigaste mennene innan SS var SS- og politileiarane. Dei blei delte inn i tre niva ? vanleg, høgare og overordna. Dei fekk tittelen SS Gruppenfuhrer. Dei lag direkte under Heinrich Himmler nar det gjaldt ansvar.

Hovudkvartera [ endre | endre wikiteksten ]

I 1944 bestod SS av 12 hovudkontor.

  • Hauptamt Personlicher Stab Reichsfuhrer-SS ? Himmler sin personlege stab.
  • SS Hauptamt ? hovudkontoret til SS.
  • SS Fuhrungshauptamt ? administrasjon og forsyningsavdelinga for Waffen SS
  • Hauptamt SS Gericht ? kontoret for juridiske saker.
  • Rasse und Siedlungshauptamt (RuSHA) ? kontoret for rasesaker
  • SS Personalhauptamt ? personellkontoret
  • Reichssicherheitshauptamt (RSHA) ?sikkerheitspolitiet sitt hovudkontor. Gestapo , Sicherheitsdienst , Kriminalpolizei , og Einsatzgruppen lag under dette kontoret
  • Hauptamt Ordnungspolizei ? hovudkontoret for ordenspolitiet
  • Wirtschafts und Verwaltungshauptamt (WVHA) ? administrasjons og økonomiavdelinga
  • Hauptamt Dienststelle Heissmeyer ? opplæringsavdelinga.
  • Hauptamt Volksdeutsche Mittelstelle (VOMI) ? hovudkontoret for etniske tyskarar.
  • Reichskommissariat fur die Festigung des deutschen Volksturms ? rikskommisæren for dei tyske nybyggjarane.

Greiner [ endre | endre wikiteksten ]

Pa slutten av andre verdskrigen bestod SS av følgjande greiner:

Det ordinære SS [ endre | endre wikiteksten ]

Det ordinære SS tyder den organisasjonen som blei driven pa 1920 og 1930-talet .

Allgemeine SS [ endre | endre wikiteksten ]

Allgemeine-SS (≪det allmenne SS≫ eller ≪det vanlege SS≫) utgjorde hovudtyngda av SS sin medlemsmasse. Det var deltidsmedlemer av SS som danna avdelingar over heile Tyskland. Desse avdelingane var delte inn i Standarten som igjen var delte inn i Abschnitt og Uberabscnitt. Det vanlege SS blei sedde som reservestyrkar, og mange av medlemene tenestegjorde i andre vapengreiner. Mange gjorde ogsa teneste som vakter i konsentrasjonsleirar.

Soldatar i Waffen SS blei ofte plasserte i Allgemeine SS etter a ha gjort frontteneste i ein periode, slik at dei kunne fa att kreftene sine.

SS-kavaleriet [ endre | endre wikiteksten ]

SS kavalerikorpset bestod av Reiterstandarter og Reiterabschnitt. Ryttarkorpset blei danna for a trekkje til seg medlemer av den tyske overklassen. Pa 1930-talet blei dette ryttarkorpset starten pa ein militær organisasjon innan SS. Ryttarkorpset var forgjengaren til Waffen SS. I 1941 var ryttarkorpset berre ein liten sosial klubb innan SS. Dei aller fleste medlemene hadde søkt seg over til Waffen SS.

Germanske SS [ endre | endre wikiteksten ]

Germanske SS dreiv verksemda si i erobra land og territorium. Germanske SS var ogsa ein organisasjon som bestod av medlemer som dreiv pa deltid. Dei dreiv med lokal sikkerheit og naziindoktrinering. Danmark og Belgia var dei største medlemslanda innan Germanske SS. Medlemer av Germanske SS hadde eigne modifiserte SS-titlar og symbol. Alle avdelingane i Germanske SS blei administrerte fra hovudkontoret til SS i Tyskland.

Waffen-SS [ endre | endre wikiteksten ]

Waffen-SS var den stridande delen av SS. Avdelinga blei sedd som ein del av Wehrmacht, men stod utanfor dei vanlege kommandolinene. Waffen SS hadde ogsa mange andre avdelingar. Waffen SS hadde ogsa mange avdelingar som bestod av utlendingar. I utgangspunktet var det berre germanarar (mellom andre skandinavar og nederlendarar) som blei aksepterte, men etter kvart begynte dei ogsa a opprette avdelingar bestaande av ikkje-germanarar.

Konsentrasjonsleirtenesta [ endre | endre wikiteksten ]

Fra 1934 var det SS som fekk i oppdrag med a drive dei tyske konsentrasjonsleirene . Denne delen av SS blei kalla Totenkopfverbande . Det var Theodor Eicke som starta denne organisasjonen. Totenkopfverbande var delt inn i fleire regiment. Kvart regiment tenestegjorde ved kvar sin konsentrasjonsleir. Den største leiren var Dachau . I 1938 blei ogsa Totenkopfverbande ei stridande eining innan Waffen SS.

I 1939 voks Totenkopfverbande sterkt. Dei utvikla organisasjonen i tre ulike greiner for a sørve dei ulike typane konsentrasjonsleirar. I 1944 eksisterte det tre divisjonar i Totenkopfverbande. Det var den delen som dreiv konsentrasjonsleirane i Tyskland , arbeidsleirane i okkuperte land og utryddingsleirane i Polen.

I 1942 blei det av administrative grunnar slik at medlemer av Totenkopfverbande ogsa blei medlemer av Waffen SS. I tillegg blei konsentrasjonsleirane plasserte administrativt under Avdelinga for forvaltning og økonomi (WVHA) .

I 1944 blei konsentrasjonsleirane ein integrert del av Waffen SS og administrert av WVHA. Dette blei gjort for a kunne rullere pa mannskapa pga. mannskapsmangel. Sara SS-soldatar kunne tenestegjere i konsentrasjonsleirane i ein periode før dei kom seg igjen. Denne ordninga førte til at mange innan SS fekk kjennskap til og deltok i det grufulle som gjekk føre seg i leirane.

Einsatzgruppen [ endre | endre wikiteksten ]

Einsatzgruppen blei danna pa initiativ av Sicherheitsdienst (SD) og RSHA. Dei første gruppene blei sette inn under erobringa av Austerrike og Tsjekkoslovakia . Meininga med Einsatzgruppen var at dei skulle ta seg inn i okkuperte omrade, sikre viktige dokument og eliminere problematiske personar. I desse to landa var oppgavene til Einsatzgruppen a bemanne administrasjonen med nazistar og etablere lokale konsentrasjonsleirar.

I 1939 blei Einsatzgruppen omorganisert. Under angrepet pa Polen i 1939 hadde Einsatzgruppen i oppgave a drepe medlemer av den polske eliten slik at dei ikkje kunne danne ei motstandsrørsle mot tyskarane.

I 1941 blei Einsatzgruppen send til Sovjetunionen for a utrydde jødar , sigøynarar og kommunistar .

Einsatzgruppen fekk ordrane sine fra SS si øvste leiing og dei blei leidde av folk som kom fra Sicherheitsdienst og Gestapo. SS bemanna Einsatzgruppen med medlemer fra Sicherheitsdienst, Gestapo, Waffen SS, ordenspolitiet, fra politibataljonar og fra einingar i den tyske hæren. Einsatzgruppen rekrutterte ogsa folk fra lokalbefolkninga nar dei trong det.

Det var SS og politileiarar som hadde det øvste ansvaret for Einsatzgruppen i dei omrada som dei opererte i. Dei fleste blei etter krigen dømde for krigsbrotsverk, eller dei gjorde sjølvmord.

Ordenspolitiet [ endre | endre wikiteksten ]

I 1936 absorberte SS det vanlege tyske politiet inn i sine rekkjer og danna Ordnungspolizei . SS-Oberstgruppenfuhrer Kurt Daluege blei leiar for ordenspolitiet medan Heinrich Himmler blei den øvste leiaren for heile det tyske politiet. Ordenspolitiet hadde eigne grader og titlar. Ordenspolitiet hadde ogsa ei avdeling som var stridande og som var ei eiga avdeling innan Waffen SS. Det var ogsa eigne politiregiment som utførte sikkerheitsoppdrag under leiing av RSHA.

Etter krigen [ endre | endre wikiteksten ]

Rett etter at Adolf Hitler gjorde sjølvmord og Karl Donitz overgav Det tredje riket til dei allierte , blei SS nedlagd. Rett før Hitler sin død hadde SS ingen leiarar. Hitler hadde skulda Himmler og hans menn for a vere svikarar fordi han trudde dei førte forhandlingar med dei allierte. I dei siste manadene av 1945 opplevde SS store massedeserteringar fra folk som bemanna konsentrasjonsleirane og etterretningsorganisasjonane. Dei sag at slutten og nederlaget var nær og tok ikkje sjansen pa a bli stilte for retten som krigsforbrytarar .

Ein del prominente SS-medlemer for til Argentina i Sør-Amerika . Der etablerte dei ODESSA , ein organisasjon som skulle hjelpe tidlegare medlemer av SS og nazipartiet med a flykte til utlandet. Organisasjonen hadde hovudkvarter i Buenos Aires med sambandsliner til Tyskland , Sveits og Italia . Dei hjelpte Adolf Eichmann , Josef Mengele , Erich Priebke og mange andre krigsforbrytarar med a flykte til Sør-Amerika .

30. september 1946 blei heile SS erklært som ein kriminell krigsforbrytarorganisasjon av krigsforbrytardomstolen i Nurnberg . Denne pastanden blei underbygd med SS sine systematiske drap av jødar, brutal administrasjon av okkuperte omrade, leiing av slavearbeidsprogrammet og mishandling og drap av krigsfangar.

Alle medlemer av SS blei mistenkte for a vere krigsforbrytarar og skulle dermed stillast for retten. 50 000 av i alt 1 million SS-medlemer blei dømde for krigsbrotsverk.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Schutzstaffel