한국   대만   중국   일본 
Aksjeselskap ? Wikipedia Hopp til innhald

Aksjeselskap

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Eit aksjeselskap (pa tradisjonell nynorsk lutlag ) i Noreg (forkorta AS, trad. nyno. LL) er eit selskap der eigarane har skote inn aksjekapital (trad. nyno. ≪lutmidel≫). Den innskotne kapitalen gir rett til andelar i selskapet i form av aksjar (trad. nyno. ≪luter≫) i selskapet. Aksjeselskap blir regulert av aksjelova .

Eigarane har ikkje noko personleg ansvar for selskapet utover den aksjekapitalen dei har skote inn i selskapet. Dette gjeld uansett om aksjeselskapet har berre ein eller fleire eigarar.

Eit aksjeselskap er saleis eit selskap med begrensa ansvar . Dette star i motsetning til eit ansvarleg selskap , der eigarane heftar for selskapet si gjeld antan fullt ut eller for delar.

Eit aksjeselskap skal ha ein aksjekapital pa minimum 30 000 kroner. Han skal vere fordelt likt pa ein eller fleire aksjar.

Eit allmennaksjeselskap (forkorta ASA) er ei nemning for aksjeselskap med vanlegvis mange eigarar. I eit allmennaksjeselskap kan aksjar ofte teiknast av eller seljast til ein ubestemd krins – allmenta. Eit allmennaksjeselskap ma ha aksjekapital pa minst 1 000 000 kroner, eit styre pa minst tre medlemmer og ein dagleg leiar . Allmennaksjeselskap blir regulert av Allmennaksjelova .

I Noreg kan aksjeselskap noterast pa Oslo Børs . Det er opp til selskapet sjølv a søkje om dette, men selskapet ma oppfylle gjeldande krav som mellom anna omfattar antal eigarar, antal aksjar og storleik. Nar eit aksjeselskap ynskjer a bli notert pa børsen er dette for a fa tilgang til ein større marknad for aksjen og enklare tilgang til kapital ved emisjon .