Aland

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Aland
sjølvstyrt omrade
Symbol
Land   Finland
Del av Nord-Europa, Norden
Hovudstad Mariehamn
Areal 1 582,93  km²
Folketal 30 144 (januar 2021) [1]
Sprak svensk
Tidssone +2
Kart
Aland
60°15′N 20°00′E  /  60.25°N 20°E  / 60.25; 20
Wikimedia Commons: Aland

Aland ( finsk Ahvenanmaa , ≪ Aborlandet ≫) er eit semi-autonomt , avmilitarisert øyrike og eit tidlegare len i Finland . Det finske landskapet har over 6 500 øyar som ligg inst i Austersjøen , mellom Sverige og Finland . Dei om lag 30 000 innbyggjarane er svenskspraklege . Hovudstaden og den einaste byen pa Aland heiter Mariehamn og ligg pa den største øya, Fasta Aland .

Sjølv om Aland ligg nærare Sverige bade sprakleg og geografisk, vart øyriket sett pa som finsk da Finland sa seg sjølvstendig i 1917. Medan finsk nasjonalisme voks pa fastlandet, vart alendingane meir stolte av a vera svenske. Dei aksjonerte for a verta ein del av Sverige, og Finland svara med a byda dei autonom status i republikken. Konflikten er ein av dei fa som vart løyste av Folkesambandet , som sa at Aland skulle verta ein autonom region i Finland, men at kulturen og spraket deira matte vernast. For a halda Aland alandsk har øyane til dømes strenge reglar om kven som kan kjøpa og eiga land der. Samtidig gjorde ein internasjonal avtale øyriket til eit nøytralt og demilitarisert omrade.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Aland